Prishopp på straum drog prisveksten opp i september

2 hours ago 4



– I månadane fram til august i år var straumprisane lågare enn på same tid i fjor. I september var dei derimot nesten 8 prosent høgare enn for eitt år sidan, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.

I september i fjor var nemleg straumprisane spesielt låge i deler av landet, i etterkant av ekstremvêret Hans og mykje vatn i magasina.

Prisane samla sett steig eit lite knepp lågare enn det Noregs Bank venta i sine siste anslag, men det er ein klar oppgang frå august. Då var prisveksten målt til 2,6 prosent høgare enn i august i fjor.

Når Noregs Bank sett renta, ser dei først og fremst på korleis prisane utviklar seg, sett vekk frå endringar i energiprisar og avgifter, altså kjerneinflasjonen.

Må vente på rentekutt

Kjerneinflasjonen landa på 3,1 prosent i september, som er ein liten nedgang på 0,1 prosentpoeng frå årsveksten i august.

Prisveksten er framleis sterkare enn målet til Noregs Bank, som ønskjer å sjå kjerneinflasjonen på rundt 2 prosent over tid.

– Første rentekutt kjem truleg ikkje før neste sommar, skriv seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets i ein kommentar.

Årsaka er at trass i at prisveksten enda litt lågare enn det Noregs Bank hadde sett føre seg i september, så trekk høgare renter i utlandet og oppgangen i energiprisane rentekutt lenger ut i tid.

Matvareprisfall

Medan prisane på straum drog prisveksten opp, var matvareprisane med på å trekke den ned.

Matvareprisane fall med 2,2 prosent frå august til september.

– Det er ikkje uvanleg at matprisane fell om hausten, men dette er den største prisnedgangen SSB har målt for matvarer i ein september månad, kor vi har samanliknbare tal tilbake til 1979, seier seksjonssjef Kristiansen.

Men sjølv om matvareprisane fall frå august til september, er dei likevel 4 prosent høgare enn i september i fjor.

Publisert 10.10.2024, kl. 08.03 Oppdatert 10.10.2024, kl. 08.29

Read Entire Article