Hoppstjerna blir hylla for para­grep før VM: – Veldig overraskande

2 hours ago 6



– Eg tenkjer i utgangspunktet at det sjølvsagt er noko som burde ha vore på plass med ein gong, seier Halvor Egner Granerud til NRK.

VM i Trondheim blir første gong parautøvarar deltek i eit ordinært ski-VM. Det er litt over fire månader til startskotet går, men det er framleis usikkert om parautøvarane som skal konkurrere får premiepengar.

– Eg reagerte som veldig mange andre med at det går ikkje an. Det må berre fiksast. Det kan ikkje vere sånn, seier Granerud.

Derfor har hoppstjerna tatt saka i eigne hender. Han ønsker å gje bort ein sponsorplass på halsen av hoppdressen der pengane skal gå til premiepotten til parautøvarane.

– Dette er da bidraget mitt, og så håpar eg sjølvsagt at eg klarer å skrape saman litt pengar som kan vere til hjelp. Det kjennest rett, seier han.

Halvor Egner Granerud

GRANERUD: Halvor Egner Granerud ladar opp til ski-VM på heimebane.

Foto: Andreas Hagen / NRK

– Litt spesielt

Graneruds påfunn får paraskistjerna Vilde Nilsen til å juble.

– Først og fremst tenkjer eg at det utruleg flotte av ham å gjere noko slikt, seie Nilsen til NRK.

Med premieskapet fullt av VM-gull og fire samanlagtsigrar i verdscupen sidan 2019 er ho eitt av Noregs største håp i paraøvingane i VM på heimebane. 23-åringen er heilt tydeleg på at fråværet av premiepengar ikkje hadde skjedd med funksjonsfriske utøvarar.

– Vi må jo nærast stå med lua i handa og be om pengar. Men eg tenkjer at det som skjer nå er med å vise at parautøvarar ikkje er 100 prosent likestilte med funksjonsfriske. Alt som skjer nå set ting veldig på spissen, seier Nilsen.

Vilde Nilsen på rulleskitrening.

JUBLAR: Vilde Nilsen er overraske og veldig glad for påfunnet til Granerud.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Tromsøværingen er likevel smått overraska over at dette kjem frå ein skihoppar.

– At det kjem frå ein hoppar er jo litt spesielt, men utruleg, utruleg fint gjort.

– Kvifor er det spesielt?

– Eg hadde jo kanskje håpa at nokre andre store langrennsprofilar kunne vore med og gjere noko liknande. Så det at det er ein skihoppar som gjer det, er jo veldig overraskande. Men det viser at han har eit godt hjarte for alle i samfunnet, og ikkje minst paraidretten, seier Vilde Nilsen.

Rørt

Ski-VM har ved to høve søkt støtte hos Kultur- og likestillingsdepartementet, men den siste søknaden om 2,5 millionar kroner til blant anna premiepengar for parautøvarane blei avslått i slutten av september.

VM-sjefen Åge Skinstad seier at han og resten av arrangørstaben set pris på at nokon set i gang og at han blir litt kjenslemessig gripen av det Granerud gjer.

Skinstad presiserer at han har prata med Granerud sjølv og at dette ikkje er noko dei har bedt om.

Åge Skinstad

VM-SJEF: Åge Skinstad garanterer at dei skal få til anstendige premiar til parautøvarane i VM.

Foto: Ski-VM

– Berre det at Halvor gjer dette viser jo på ein måte engasjementet. Og vi har jo sagt heile tida at vi skal sørgje for at parautøvarane får anstendige premiar, seier Skinstad.

Han forklarar at utfordringa kom fordi paraøvingane kom inn på programmet etter at budsjettet vart lagt. Eit eventuelt overskot på line med det budsjetterte skal gå til bredde og utviklingsarbeid i Noregs Skiforbund og Sør-Trøndelag skikrets. Det vil også kome paraidretten til gode påpeikar Skinstad.

Derfor må dei ut i marknaden for å finne pengar til premiar til parautøvarane. Noko Skinstad har garantert at dei skal få til.

Foreløpig er det for eksempel samla inn nærare 50.000 kroner i spleisen som Trondheim-VM står bak.

Skihopparen Halvor Egner Granerud håpar at hans påfunn kan gje ein vidare dytt i arbeidet med å finne pengar til parautøvarane.

– Eg trur det har ein positiv effekt, slik det blei nå, for det viser forskjellane som er i idretten. Og det blir ekstra synleg nå som vi skal konkurrere same plass, i same meisterskap. Da skal det vere mest mogleg likt.

Utrolig prestasjon: Scoret fra avspark i to kamper på rad 01:03

Publisert 10.10.2024, kl. 08.01

Read Entire Article