Møtte opp i russegenser i protest mot klesforbod

1 month ago 19



Rett før sommaren vedtok fylkespolitikarane i Innlandet ein ny ordensregel for å hindre ekskludering.

Vedtaket inneber at det er forbode å gå med symbol og effektar som markerer at du er ein del av ei gruppe eller ein gjeng.

Som russegenserar med logo.

Rikke Skatvedt Engen kom på første skuledag i tredjeklasse på Gjøvik vidaregåande i ein grå genser med namnet «Sosieteten» på ryggen. Ho er ein del av ei russegruppe på 20 personar.

– Eg skjønar at folk kan meine at det er ein påminning om at du ikkje er med i ei gjeng, men det er ganske mykje anna ein kan starte med før dei genserane her, synest jo alle vi, seier Skatvedt Engen.

russegenser-roar

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Tiltak mot ekskludering i russetida

Fylkesordførar Thomas Breen (Ap) la ikkje skjul på at det var nettopp russefeiringa ein ønskte å avgrense med vedtaket som kom i juni.

– Vi har sett ei utvikling over mange år kor eigentleg alle synest at den russefeiringa ikkje er god. Dette er første skritt i den retninga vi har tenkt å gå for Innlandet fylkeskommune. Derfor er vi først ute i Noreg med å regulere, sa han til NRK i juni.

Ingen andre fylke enn Innlandet har foreløpig bestemt slike reglar.

Føler seg ikkje høyrt av politikarane

Forbodet førte til protestar frå mange elevar. Elevane meinte dei ikkje hadde blitt teke med på råd. At forbodet var for inngripande og at det heller ikkje ville vere effektivt for å hindre ekskludering.

Det vart starta ei underskriftskampanje for å gjere om vedtaket. På kort tid samla dei inn over 2000 underskrifter.

Rikke Skatvedt Engen på Gjøvik er ikkje ueinig i at ekskludering er eit problem. Men ho meiner dette ikkje er vegen å gå. Ho meiner dei burde blitt spurt før forbodet vart vedteke. Difor deltek ho i protesten.

Når eg har sendt masse mailar og ringt fleire gonger og ikkje fått noko svar, så blir ein jo veldig sånn; men det gjeld jo ikkje dykk som sit på toppen, det gjeld jo oss som skal gå på den skulen, seier ho.

Russegenser-Knut

Emil Benonisen Eriksen og Jakob Ptacek seier dei har vore ein del av ein kompisgjeng sidan barneskulen. I russetida har dei danna gruppa «Stampen», med tilhøyrande genserar, som dei gjerne vil gå med.

Foto: Knut Erik Røsrud / NRK

Jakob Ptacek og Emil Benonisen Eriksen har vore kompisar sidan barneskulen og er på gruppa «Stampen». Også dei hadde uniformert seg på skulen i dag, noko dei vedgår at var i protest.

Dei trur det kan virke meir utestengande å gå med dyre merke-genserar enn ein russegenser.

Eg synest ikkje det er så mykje verre å gå med ei «stampen-zip» enn å gå med ei gant-zip som kostar 2000 kroner. Så er jo det nesten meir utestengande at folk går med dyre klede og får status via det, seier Emil Benonisen Eriksen.

Russegenser-Knut

Russegruppa «Stampen» seier det er fleire andre ting ein kan gjere for å betre inkluderinga. Dei foreslår klasseturar og andre sosiale tiltak.

Foto: Knut Erik Røsrud / NRK

Men det var fleire enn russen som reagerte på politikarvedtaket. Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen meiner forbodet slett ikkje er lovleg.

Veit ikkje korleis dei skal handheve forbodet

Ungdommane seier dei reknar med å få merknader på skulen i dag, for at dei trassar det vedteke forbodet.

NRK har snakka med ei rekke rektorar i Innlandet, som seier dei foreløpig er usikre på korleis dei skal handheve denne regelen.

Bjørn Madsson er rektor ved Gjøvik vidaregåande skule. Han seier han vil snakke med elevane som kom i russegenser i dag. Men det blir truleg ingen merknader etter dagens protest, slik ungdommane frykta.

Skolegenser-rektor-Matsson

Rektor, Bjørn Matsson seier dei har hatt eit godt samarbeid med russen dei siste åra. – Det har vore russestyre i mange år som har hatt stort fokus på inkludering. Og så veit vi at det er mange elevar som kjenner på utanforskap knytt til russetid, seier rektoren.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Det står jo at formålet skal vere å hindre ekskludering, og eg kan ikkje påstå at alt er ekskluderande i dag. Så her må vi gå i dialog med elevane, seier han.

Forbodet kom heilt på tampen av førre skuleår. Ifølge Madison er det uklart korleis dei skal handheve dette.

Vi tenker at her er det nokon som har hatt veldig gode intensjonar, og så er det krevjande å følge det opp i praksis. Her har vi få fasitsvar foreløpig. Eg trur kanskje vi treng dialog med regelgivarane her òg, på kva dei ønsker.

Etter det NRK kjenner til skal rektorane i fylket ha eit møte tidleg i september, der dette blir eit tema.

NRK har teke kontakt med Udir om kva dei meiner om forbodet og korleis skulane skal handheve dette. Dei har ikkje svart enno.

Publisert 19.08.2024, kl. 11.49 Oppdatert 19.08.2024, kl. 11.55

Read Entire Article