Barn til sjukehus etter krasj mellom bil og lastebil

3 hours ago 2



Ein personbil og ein lastebil har kollidert front mot front ved Fjordavegen i Naustdal. Det er ein del skader på personbilen og det er førebels ukjend skadetilfang på personane som er involverte, seier vaktleiar i 110 Vest.

Det er mogleg at førar av personbilen ikkje har overhalde vikeplikta. Lastebilen er flytta ut i ei busslomme. Eit køyrefelt er opna, manuell dirigering på staden.

Tre personar er involverte. Sjåførane skal vere uskadde, mens eit barn i personbilen er køyrd med ambulanse til sjukehus, melder Vest politidistrikt. Dei kan ikkje seie noko om skadegrad.

Read Entire Article