Motorshowet på Bjerke: Tysk arrangør skuldar på dei norske medhjelparane sine

1 week ago 11



– Arrangøren meiner han ikkje har strafferettsleg ansvar for det som skjedde, seier forsvararen hans Patrick Lundevall-Unger.

Fem personar blei skadde da ein bil rygga inn i ein tribune under eit motorshow på Bjerke i april 2022.

Bilder viser en tribune som er ødelagt. I forkant sitter en politimann på huk.

Slik såg tribunen ut etter at ein bil hadde krasja inn i den.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det tyske familieføretaket Aranis Klaas stod bak motorshowet.

Faren, Daniel Klaas, var arrangør. Sonen, Dean Klaas, køyrde bilen.

I Oslo tingrett blei faren dømt til fengsel i 60 dagar for manglande sikkerheitstiltak.

Sonen blei dømt til fengsel i 45 dagar for aktlaus køyring og brot på vegtrafikklova.

Nyleg blei det kjent at begge ankar.

Nå har saka tatt ei ny vending.

Legger skulda på norsk samarbeidspartnar

Forsvararen til Daniel Klaas, har nå sendt eit støtteskriv til Borgarting lagmannsrett.

Advokat Patrick Lundevall-Unger

Advokat Patrick Lundevall-Unger representerer nå arrangøren av motorshowet. Han var ikkje forsvarar da saka var oppe for retten.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Her går det fram at den tyske arrangøren meiner domstolen har vurdert bevisa feil og kommen fram til feil straff.

Han viser til at han hadde engasjert og inngått avtale med norske medhjelparar – Norsk Cabriolet Import Nuf.

Eit norskregistrert utanlandsk føretak.

Ifølge den tyske arrangøren hadde selskapet fleire oppgåver.

  • Finne eigna plassar til motorshowet.
  • Sørge for at alle løyve var i orden med søknader til relevante myndigheiter.
  • At arrangementet blei avvikla på ein sikkerheitsmessig forsvarleg måte.

Forsvararen til mannen, meiner dei har god dokumentasjon på dette.

Vi meiner at Klas er å betrakte som ein artist, seier Lundevall-Unger.

Det er vanleg i artistbransjen at ein hentar inn blant anna sikkerheitspersonell, som står ansvarleg for at sikkerheita er varetatt.

Kvifor dukkar dette opp først nå?

Alle desse bevisa blei lagde fram i retten, men domstolen vurderte ikkje desse dokumenta slik vi tolkar dei.

Ambulanse på Oslo Bjerke etter monstertruck krasja inn i tribune på arrangementet

Ambulansar på Bjerke etter ulykka.

Foto: JEAN EIRIK BJØRNSKAU / NRK

Dersom den tyske arrangøren likevel blir dømt for manglande sikkerheit under motorshowet, meiner han ansvaret må delast mellom det tyske arrangøren og selskapet som hjelpte han i Noreg.

Nå skal lagmannsretten vurdere om dei meiner saka er prinsipiell nok til at dei vil ta henne inn til behandling.

– Berre sluddar

Stein Ødegaard eig og er dagleg leiar i selskapet Norsk Cabriolet Import, NUF.

Han avviser på det sterkaste påstandane frå den tyske arrangøren. At dei skal ha hatt ansvar for sikkerheita under arrangementet.

– Det er jo berre sludder. Det er berre tull.

Ifølge han skaffar dei berre plassar for arrangementet og sørger for speaker.

Vi har ikkje noko ansvar for sikkerheit i det heile.

Ødegaard utdjupar.

– Vi informerer politiet. Det har vi gjort i dette tilfellet òg. Vi har ansvar for å skaffe plassane og få dei nødvendige løyva.

I støtteskrivet til anken står det at Norsk Cabriolet Import Nufs oppgåve var å sørge for at arrangementet blei gjennomført på ein trygg og forsvarleg måte, utan fare for tilskodarar.

– Dette stod absolutt ikkje i kontrakten, seier Ødegaard.

Så korleis reagerer du på at arrangøren ankar og viser til dette?

Det er første gong eg høyrer det, så eg synest det heile berre er tull.

Det får dei meine, seier advokat Patrick Lundevall-Unger.

– Sjokkert

I slutten av august fall dommen mot far og son etter motorshow-ulykka på Bjerke.

Oslo-politiet sleit med å få forkynt han. Dei bad tysk politi om hjelp. Far og son er tyske statsborgarar med adresse i Tyskland.

Først i månadsskiftet oktober/november fekk dei dommen.

Patrick Lundevall-Unger har snakka med klienten sin etter dette.

Han er jo svært sjokkert fordi han kan ikkje noko om norske lover og reglar.

Daniel Aranis Klaas

Daniel Klaas var arrangøren av motorshowet på Bjerke. Han har reist rundt med monstertruck- og bilshow i ei årrekke.

Foto: Rushda Syed / NRK

Derfor henta eg inn eit norsk firma som skulle stå ansvarleg. På den måten gjer vi det i alle europeiske land der vi reiser rundt i. Vi hentar inn medhjelparar, såkalla agentar, har Daniel Klaas sagt til forsvararen sin.

Dukka ikkje opp i retten

Da rettssaka starta i Oslo tingrett i august, var dei far og son ikkje til stades.

Dei var forsvunne.

Fleire gonger tidlegare hadde saka blitt utsett fordi myndigheitene ikkje hadde klart å få tak i dei.

Likevel blei rettssaka gjennomført.

Daniel Klaas har gitt ei forklaring til forsvararen sin om kvifor han ikkje dukka opp i retten.

Han frykta å bli varetektsfengsla. Han tenkte at politiet ville hatt eit grunnlag for å argumentere med at ein frykta at han skulle rømme landet. Rømme frå Noreg til Tyskland.

Forsvararen hans hadde da forklart han at dette ikkje ville vere tilfellet.

Men likevel valde han å ikkje komme, seier Advokat Patrick Lundevall-Unger.

Publisert 21.11.2024, kl. 06.40 Oppdatert 21.11.2024, kl. 07.11

Read Entire Article