Brenna er i dag arbeids- og inkluderingsminister i Støre-regjeringa og nestleiar i Arbeidarpartiet.
Ho er den som oftast har blitt nemnd som ein arvtakar etter Støre. Ho er klar til å ta over dersom Støre trekker seg, stadfestar kjelder i Arbeidarpartiet til NRK. Også DN og TV 2 har meldt dette i dag.
– Det er ikkje ei aktuell problemstilling at eg på nokon som helst måte skal utfordre Jonas Gahr Støre.
Det slo Brenna fast då ho blei spurt om den interne misnøya med partileiaren tidlegare i dag. På spørsmål om Støre er rett leiar for Arbeidarpartiet var svaret tydeleg:
– Det er han.
Brenna kommenterte også dei dårlege målingane til partiet, og seier ho skjønar misnøya og frustrasjonen blant partifellane.
– Situasjonen er veldig enkel. Jonas Gahr Støre er valt som leiar av Arbeidarpartiet. Han er statsminister i Noreg og han er motivert til å fortsette.
Også den andre Ap-nestleiaren, helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, blir av kjelder nemnd som ein mogleg arvtakar etter Støre.
I går kunne NRK erfare at sentrale Ap-toppar diskuterer internt om Støre bør halde fram som statsminister og partileiar.
Fleire meiner han bør trekke seg før landsmøtet i april.
Både TV 2 og VG rapporterte om det same.
I går uttrykte Støre at han forstår partifellane, og lyttar til kritikken. Han gjorde det klart at han er motivert til å halde fram i jobben.
– Eg er leiar for Ap og regjeringa, så får vi samle oss og jobbe grundig med valet, så må vi få fram politikken som bidreg til det, og eg har trua på det.
Publisert 03.12.2024, kl. 16.23 Oppdatert 03.12.2024, kl. 16.38