«Dette er ein av dei mest grisete transaksjonane vi har sett på Oslo Børs», sa Christen Sveeas i desember 2023. Og vidare «ein skamplett for Noreg som investeringsland».
Ei veke før rettssaka startar, tok også Kjell Inge Røkke for alvor bladet frå munnen i eit gnistrande og personleg aksjonærbrev:
«Vi ser korleis dei la eit PR-løp for å sverte», skriv Røkke, som meiner saka er «ufatteleg» og ikkje dreier seg om pengar og logikk.
Kanskje er den personleg?
Ifølgje Røkke jakta Sveeas og hans folk etter «ein som synst det er artig å kødde med Røkke og som ville gi Kjell Inge eit ballespark».
Dette skipet, Normand Maximus, er blant verdiane dei to milliardærane no kranglar om.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing«Denne hausten blir det eit spesielt skue i Oslo tingrett», skriv Røkke i brevet.
Det er det vel lite tvil om, og betre reklame for ei rettssak skal ein leite lenge etter.
I retten skal det spelast av store mengder med lydopptak, som skal vise maktspelet i kulissene, og tusenvis av både små og store medaksjonærar vil følgje spent med.
Bakgrunn: Oljepriskrisa
Dette er ikkje første gongen dei to barkar saman i ein bitter strid. Men kva kranglar dei to milliardærane om denne gongen?
Kulissene for maktkampen er det store, børsnoterte offshorereiarlaget Solstad Offshore. La oss spole tida tilbake til slutten av 2014.
Oljeprisen fall som ein stein, etter at både USA og Opec-landa fløymde marknaden med olje. Tilbodet vart mykje større enn etterspurnaden.
Fleire tusen menneske dei siste to åra har mista jobbane sine i den norske oljeindustrien. Her får du svar på kvifor oljekrisa kom.
Som ein konsekvens stupte inntektene til oljeselskapa, som måtte kutte kostnadane sine kraftig i åra som kom. Tusenvis mista jobbane sine.
Også alle selskap som selde tenester til oljebransjen, blant dei Solstad Offshore, fekk seg eit alvorleg skot for baugen. Reiarlaget eig skip som blant anna frakter varer og forsyningar mellom oljeriggar og land.
Bakgrunn: Røkke såg moglegheiter
Fleire av konkurrentane til Solstad var også i alvorlege pengeproblem i den kriseråka marknaden. I 2016 såg Kjell Inge Røkke moglegheiter.
Han rykka inn med pengar og vart ein sentral eigar i Solstad. Ikkje lenge etter vart han ein av arkitektane bak ein gigantfusjon.
Først slukte Solstad Fosnavåg-baserte REM Offshore, etterpå Ålesund-baserte Farstad Shipping.
Til slutt fekk Røkke med seg milliardær John Fredriksen og hans Deep Sea Supply, inn i det som vart Noregs største offshorereiarlag.
Olje- og shippingmagnaten John Fredriksen slo seg saman med Røkke om å forme Noreg sitt største offshorereiarlag i Solstad Offshore. Han selde seg seinare heilt ut av selskapet.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBKonkursar var unngått, men dei tidlegare storeigarane sat att med ein bitter smak i munnen.
Bakgrunn: Pengejakt
I 2022 var det fleire som såg lysare tider for offshorebransjen, og ein såg større etterspurnad igjen etter tenestene til skipa til blant andre Solstad Offshore.
Investorar strøyma til, blant dei Christen Sveaas, som brått vart blant dei største eigarane i Solstad.
Christen Sveeas lasta opp i Solstad Offshore frå og med våren 2022.
Foto: Javad Parsa / NTBMen alt var ikkje roseraudt.
Etterdønningane etter oljepriskrisa hefta likevel ved Solstad Offshore, blant anna i form av milliardar i gjeld.
I starten av 2023 selde reiarlaget 37 skip og kutta gjelda med 6 milliardar kroner. Likevel sat selskapet att med ei gjeldsrekning på kring 13 milliardar kroner med forfall i mars 2024.
Det byrja verkeleg å haste med ein plan for refinansiering.
Sveeas-leiren meiner lydopptak beviser at Solstad-sjef Lars Peder Solstad følte seg pressa til å gjere som Røkke og Aker ville. « ... eg blir pusha frå dei svenske skogar så det held her no», skal han ha sagt i ein telefonsamtale til Pareto-sjefen, medan han var på besøk på Røkke sin jakteigedom i Sverige.
Foto: Frode BergLeiinga, med sjef Lars Peder Solstad i spissen, og styret i Solstad Offshore jobba med fleire bankar for å sikre ein avtale for vidare drift av selskapet.
Det ville krevje at nokon ville skyte inn store summar i ny eigenkapital, og med seg i pengejakta hyra selskapet inn Pareto som finansiell rådgjevar.
F.v. Kjell Inge Røkke, Pareto-sjef Christian Jomaas og Aker-sjef Øyvind Eriksen under Pareto-konferansen i 2020.
Foto: Cecilie Langum BeckerqRøkke sin redningsplan
I kulissene hadde det blitt forhandla, for brått la Røkke sitt selskap Aker ein redningsplan på bordet. Den såg slik ut:
- Ein skulle flytte 35 av Solstad Offshore sine 43 skip inn i eit nytt, unotert selskap, med namnet Solstad Maritime.
- I det nye selskapet skulle Aker Capital og Røkke-dominerte AMSC spytte inn 3,25 milliardar kroner i ny eigenkapital, og med det teikne nye aksjar for denne summen.
- Dei resterande godt over 10 000 aksjonærane i Solstad Offshore skulle få høve til å teikne aksjar for til saman 750 millionar kroner i nye Solstad Maritime.
- Med det ville DNB og Eksfin sikre eit nytt og gunstig lån på 9,7 milliardar kroner.
23. oktober 2023 vedtok styret i Solstad Offshore Røkke sin redningsplan.
Kjell Inge Røkke har hatt eit rykte for å behandle småaksjonærar dårleg. Ryktet kom blant anna etter at avdøde advokat Birger Nilsen i 2002 jobba for 1600 småaksjonærar i Aker RGI som hadde blitt tvangsinnløyste til ein låg pris. Småaksjonærane vann saka og Røkke gjekk på eit nederlag den gongen.
Foto: NTB scanpixDet tok ikkje lange tida før Sveaas og hans selskap Kistefos lét kritikken hagle mot det leiinga og styret i Solstad no hadde gått med på.
«Vi skjønnar ikkje kvifor styret i Solstad har latt seg villeie av Aker til å mishandle aksjonærar gjennom ein så skitten transaksjon», sa Sveeas.
Bitter splid
Sveeas meinte leiinga grovt forskjellsbehandla han og dei godt over 10 000 små og store aksjonærane i selskapet, ved å legge til rette for at Røkke kunne sikre seg større kontroll og andel i verdiane i Solstad.
Sveaas meinte Røkke ville få kontroll på dei mest verdifulle skipa til ein sterkt rabattert pris, medan han og dei andre aksjonærane ville tape store verdiar.
Det rette og rimelege hadde vore om alle aksjonærane kunne teikne aksjar i nye Solstad Maritime på lik linje med den eigardelen dei originalt hadde i Solstad Offshore, meinte Sveaas.
Normand Drott (t.h.) var eitt av skipa som vart flytta til det nye selskapet, Solstad Maritime. Her saman med det nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika».
Røkke har heile vegen sagt at han ikkje kjenner seg att i skuldingane, og teiknar eit heilt anna bilde av situasjonen:
Leiinga og styret hadde tidspress, og stod i fare for å gamble vekk verdiane til alle aksjonærane, med eit milliardforfall nært framføre seg.
Forhandlingane stod i stampe, og ingen andre reelle og realistiske alternativ til Røkke sin redningsplan låg på bordet. Dessutan kravde bankane ein «ankerinvestor med truverd og tillit».
Røkke meiner ingen har tapt verdiar som følgje av redningsplanen. Han kallar saka som no skal opp i Oslo tingrett for «noregshistoria si største erstatningssak der ingen har lidd økonomisk tap».
«Djupt forstyrrande»
16. mai 2024 saksøkte Sveaas og 46 andre aksjonærar fem partar i samband med refinansieringa.
Blant saksøkarane finn vi det amerikanske hedgefondet Pointillist, som har kalla saka «djupt forstyrrande» og «noko ein ville sett i ein korrupt framveksande marknad».
Også pensjonskassa til tilsette i Tine, MP Pensjon, er blant saksøkarane.
Dei krev mellom 2,3 og 3,1 milliardar kroner i erstatning for verdiar aksjonærar har gått glipp av.
Orkla-striden
Som nemnt er det ikkje første gongen dei to milliardærane barkar saman.
Tidleg på 2000-talet vart offentlegheita vitne til eit anna spesielt skue, ein spektakulær maktkamp om det tradisjonsrike industriselskapet Orkla.
Leinga, med toppsjef Jens P. Heyerdahl den yngre i spissen, var i stuss då finansmannen Christen Sveaas (44) rykka inn på eigarsida og kravde styreplass.
Det var fleire reportasjar om saka i Dagsrevyen:
Christen Sveaas kjøper aksjar i Orkla.
Fleire var uroa for kva Sveaas ville med selskapet, og vegen til styreplass var ikkje akkurat brulagt. I kulissene spelte Kjell Inge Røkke ei viktig rolle som ein nær alliert til Heyerdahl.
Den gong, som no, fronta Sveeas eit aksjonæropprør.
Til slutt sikra Sveaas seg ein styreplass og fekk seinare skvisa ut den mangeårige toppsjefen Heyerdahl:
«Det kosta meg ein milliard, men det var verd det», er Sveaas sitert på i boka «Visst faen er det personleg» av Odd Harald Hauge, som utbroderer konflikten.
Etter mykje om og men vart det også kjent at Røkke i det skjulte sett på ein stor aksjepost i Orkla i desse turbulente åra:
Sveeas vil finne ut kven som fekk kjøpe den mykje omtalte Skandia-posten i Orkla. Mistankane peikte mot Røkke.
Tidlegare fagforeiningstopp Stein Stugu (72) fekk sjå kreftene dei to milliardærane evna å setje i sving i maktkampen om Orkla. Han sat blant anna i styret saman med Sveeas.
– Oppfatta Sveeas som bitter
Når han ser at Røkke meiner dagens konflikt kan ha røter heilt tilbake til slaget om Orkla, og at den ber preg av noko personleg, seier Stugu:
– Eg trur han høgst sannsynleg har rett i det. Eg oppfatta Sveaas som bitter etter Orkla-striden. Det er ei lang historie her, også med personkonfliktar, seier Stugu.
Sveeas høgre hand, Kistefos-sjef Bengt A. Rem, svarer:
– Det finst ingen bitterheit over å ha vunne aksjonæropprøret i Orkla. Solstad-saka har absolutt ikkje noko å gjere med hendingane i Orkla for 25 år sidan. Elles har vi ingen kommentarar.
Bengt A. Rem jobba for Røkke i Aker frå 1996 til 2009. Seinare vart han sjef i selskapet til motstandaren Sveeas, Kistefos. I aksjonærbrevet får Rem personleg refs frå Røkke.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBIngen grenser
Med hans kjennskap til kalibera som no har teke beslag på dommarar og fleirfaldige advokatar dei tre neste månadane, har han følgjande kommentar som frampeik:
– Eg trur nesten det ikkje er grenser for kva dei er villige til å gjere for å få det som dei vil.
Heller ikkje Røkke og Aker har noko å tilføye:
– Kjell Inge Røkke sitt aksjonærbrev inneheld det han og Aker har på hjartet før rettssaka, skriv Aker-kommunikasjonssjef Atle Kigen i ein-e-post.
Publisert 05.10.2025, kl. 20.56 Oppdatert 05.10.2025, kl. 21.51