Det er knytt stor spenning til kva dei neste dagane vil ha å seia for krigen i Gaza.
Sundag er det møte mellom USA og Hamas. Måndag startar òg indirekte samtalar mellom Hamas og Israel, kor òg USA og Qatar deltar.
Ifølge den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio er det «logistiske samtaler» sundag for å finne ut korleis frigjevinga av gislar og fangar skal skje.
Tidlegare denne veka sa Hamas nemleg at dei går med på delar av fredsforslaget til Donald Trump. Det har òg Israel gjort.
– Er det ei reell von om ein fredsavtale?
– Ja, heilt klart, seier Dag Henrik Tuastad til NRK.
Dag Henrik Tuastad, dosent i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRKHan er dosent i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo. Han meiner at Hamas no er inne i eit anna spor enn dei har vore.
– Dei væpna styrkane er ikkje lenger dei som styrer kva som skal skje i Gaza. Den politiske leiinga vil frigjera palestinske fangar. Viss dei får 250 fangar fri, vil det verta stor ståhei i Gaza. Då vil Hamas kunna surfa på ei bølge.
To fangar peikar seg ut
Hamas seier mellom anna at dei er klare til å frigje alle dei israelske gislane – både levande og daude.
Israel, på si side, skal sleppa fri 1700 palestinarar som har vorte arresterte i Gaza sidan 7. oktober 2023.
I tillegg skal dei sleppa fri 250 palestinarar som er dømde til livstid i fengsel.
Det er kanskje dette siste punktet Tuastad er mest spent på.
Desse 250 fangane er nemleg blant rundt 300 såkalla palestinske sikkerheitsfangar i israelske fengsel.
Blant dei er det spesielt to fangar som peikar seg ut, meiner Tuastad:
- Marwan Barghouti. Fatah-leiar og av mange sett på som den mest populære leiaren blant palestinarar
- Ahmed Sadat, leiar av PFLP, det nest største ikkje-islamistiske partiet
Ahmed Sadat, leiar for Popular Front for the Liberation of Palestine (t.v.) og Marwan Barghouti, Fatah-topp (t.h.).
Foto: Awad Awad/Bernat Armangue / AFP/AP– Viss dei to vert sette fri, då kan Hamas seia at dette er ein enorm seier. Det er veldig spanande no, kven som vert sette fri, seier Tuastad.
Planen til Trump inneheld eit punkt om at Gaza midlertidig skal ha eit teknokratisk styre.
Dermed kan ikkje desse to politikarane vera med på å styra Gaza, iallfall ikkje ifølge planen til Trump.
– Men det vil vera dei som har den legitime makta, trur Tuastad.
Vonar på snarleg avtale
Sundag seier Marco Rubio at han vonar partane vil koma fram til ein avtale tidleg den komande veka.
– Kven veit kva tidslinje det er snakk om? Men dette kan ikkje ta veker eller fleire dagar, eingong. Me vil at dette skjer veldig raskt, seier han til ABC ifølge Reuters.
Til CBS News seier han at Israel må stoppa bombinga av Gaza når gislane skal sleppast fri.
– Eg trur israelarane og alle erkjenner at du ikkje kan sleppast fri når det held på åtak, så åtaka må stoppa, seier Rubio.
Det same har Hamas bede om, skriv AFP.
Men dei israelske åtaka har halde fram sundag, viser bilete frå nyheitsbyrået. Ifølge sivilforsvaret i Gaza er 16 menneske drepne i fleire åtak sundag.
Palestinarar vonar på avtale
– Me vil at elva av blod og død skal stoppa, og at livet så smått kan gå tilbake til normalen.
Det seier Abdel Kareem Al-Dayya til nyheitsbyrået AFP.
Abdel Kareem Al-Dayya vonar at ein avtale kan vera starten på ei meir normal tilvære i Gaza.
Foto: CCTV/AFP– Me er ekstremt utslitne. Me har halde ut svolt og tørste, og det var ikkje eingong nok naudhjelp til alle. Telta våre er slitne ut og vinteren er på veg. Me vonar verkeleg at denne løysinga funkar, så me kan finna skikkeleg ly, seier Um Rami Al-Shawish.
Han er driven på flukt frå heimen sin i Gaza.
Abu Abdullah seier til nyheitsbyrået at det var stor glede då det vart kjent at Hamas hadde gått med på avtalen.
– Folk var overlykkelege, ivrige etter å koma seg heim igjen, sjølv om heimane deira ligg i ruinar.
Abu Abdullah vonar at ei fredsavtale snart kjem på plass.
Foto: AFP/CCTVTrur Hamas vil gje frå seg makta
Tidlegare denne veka sa Hamas at det er to punkt i Trump-planen dei ikkje vil godta:
- Kravet om avvæpning av Hamas
- At ein ikkje-palestinsk part skal styra Gaza
Men desse to punkta uroar ikkje Dag Henrik Tuastad stort.
– Eg trur at dei kjem vil å gi frå seg makta. Målet til Hamas var eigentleg aldri å berre styra Gaza; det er ei ideologisk rørsle, fyrst og fremst, seier han.
Tuastad trur òg at motstanden mot kravet om avvæpning ikkje nødvendigvis er det viktigaste for Hamas.
– Det som er aller viktigast no, det kritiske for Hamas, er israelsk tilbaketrekking. Dei er villige til å gå ganske langt for at Israel skal trekka seg tilbake fyrst, seier han.
Midtausten-eksperten trur òg at Israel vil trekka seg ut i tråd med avtalen.
Publisert 05.10.2025, kl. 22.21