Meiner ett tiltak kan få Heidi (29) ut i jobb

6 days ago 9



– Eg ønskjer å fortsette utdanningsløpet og komme meg ut i full jobb. Det klarar eg ikkje med det tilbodet eg har fått.

Heidi Werkland (29) har vore ufør sidan ho var 19 år, men hennar største ønske er å arbeide. 

Difor har ho søkt om å få brukarstyrt personleg assistanse, men har fått avslag fordi kommunen meiner behovet hennar ikkje er stort nok.  

 Stein Roar Leite / TV 2
AVSLAG: Werkland fortvilar over at det er så vanskeleg å få hjelp og tilrettelegging til å kome seg ut i jobb. Foto: Stein Roar Leite / TV 2

– Eg meiner ein heller burde sjå den samfunnsmessige fordelen av å gi meg BPA, fordi det gir meg moglegheita til å vere ein delaktig samfunnsborgar.

– Krevjande 

Werkland er fødd med det sjeldne syndromet Goldenhar syndrom. Ho er blind på høgre auge og har rundt tre prosent syn på venstre auge. 

Ho har svulst på begge augeloka, skoliose og eit redusert oksygenopptak. 

Ho fortel at kvardagen er krevjande. Heilt enkle gjeremål krev enormt mykje energi å gjennomføre på eiga hand. 

 Stein Roar Leite / TV 2
MATLAGING: Werkland ønsker brukarstyrt personleg assistanse, som mellom anna kan hjelpe henne med daglege gjeremål som å lage mat og handle inn ingrediensar. Dette synest ho er krevjande i dag. Foto: Stein Roar Leite / TV 2

– Eg må velje, skal eg handle eller skal eg vere sosial i dag? Eg orkar ikkje begge deler når kvar oppgåve krev så mykje, seier Werkland. 

For å ha rett på BPA, må brukaren ha behov for tenester i minst 32 timar i veka. Werkland sitt behov er vurdert til 13 timer i veka. Kommunen har difor vurdert at det ikkje er hensiktsmessig å organisere tenesta som BPA.

I staden har Werkland fått fem timar med støttekontakt i veka, lese- og sekretærhjelp via Nav, og eit vedtak på bu- og aktivitetstilbod frå kommunen. I tillegg har ho taxikort som kan hjelpe henne med transport. 

Ho har også fått tilbod om heimehjelp og heimesjukepleie, som ho har takka nei til. 

 Stein Roar Leite / TV 2
UTDANNING: Ho har mange interesser, og har tatt fleire årsstudium i løpet av perioden ho har vore ufør. Ho ønskjer ta ein full grad og kome seg ut i jobb. Foto: Stein Roar Leite / TV 2

– Eg er 29 år gammal. Eg ønskjer eit tilbod slik at eg kan vere sjølvstendig og styre mitt eige liv. Det kan eg ikkje med kommunen sitt tilbod.

Ønskjer dialog 

Trondheim kommune seier dei ikkje kommenterer enkeltsaker, men svarar generelt at dei synest det er synd dersom innbyggarar ikkje opplever at dei kan leve sjølvstendige liv. 

– Vi ønskjer å vere i dialog med dei om dette og om korleis vi kan forbetre både tenestene og utforminga av samfunnet for øvrig for å legge til rette for det, seier einingsleiar Frank Meland.

Han seier alle søkarar om BPA blir vurdert individuelt etter behov for praktisk bistand i samsvar med helse- og omsorgstenestelova. 

– Samfunnsnytte vil ikkje vere ein del av ei slik vurdering, men behov for å delta i aktiviteter vil vere relevant. Kommunane er forplikta til å sørgje for at tenestene er forsvarlege, seier Meland. 

Les heile svaret til kommunen lenger nede i saka. 

Rekordhøgt antal klagesaker

I 2023 behandla statsforvaltarane eit rekordhøgt antal klagesaker som gjaldt avslag på BPA. 

Totalt behandla dei 419 klager på avslag, som er nesten ei tredobling frå 2014, då ordninga vart ein lovfesta rett. 

Det viser tal frå Uloba si årlege undersøking. 

I tillegg til at det var rekordmange klagesaker, var det også rekordmange av klagene som blei omgjort eller sendt tilbake til kommunen for ny vurdering. 

Det betyr at statsforvaltaren fann at kommunen sitt vedtak kunne vere feil, og at brukaren eigentleg kunne ha rett på tenesta.

Totalt blei 213 av dei kommunale vedtaka oppheva eller endra. Det utgjer ei firedobling frå nivået i 2014. 

– Skremmande utvikling

Vibeke Melstrøm, generalsekretær i Uloba, er skaka over utviklinga, og meiner det viser at ordninga ikkje fungerer slik ho er forvalta i dag. 

– Dette er ei skremmande utvikling og viser kor vanvitig systemet er, seier Melstrøm.

Ho meiner tala viser at mange kommunar gjer vedtak som bryt med funksjonshemma sine rettar. 

– Dette opplever vi som katastrofalt på mange måtar, både for personane det gjeld og for samfunnet. 

Krev endring 

Melstrøm meiner mange opplever at terskelen for å få innvilga BPA generelt er for høg. 

– Folk blir fråteken ansvar over eige liv når det er helsepersonell som skal bestemme kva ein brukar assistansen til, i staden for at ein får styre dette meir sjølv. 

I tillegg meiner ho det er for store skilnadar mellom kommunane i korleis ordninga blir brukt. 

Ho meiner det trengst ei endring i lovverket, slik at ansvaret blir forvalta av staten heller enn kommunen, slik det er i dag. 

– Vi treng ei lov som faktisk gjev funksjonshemma lik rett til BPA, uavhengig av kva kommune du bur i. Då må ansvaret ligge hos staten. 

 Agnete Brun
LIKESTILLING: Vibeke Marøy Melstrøm er generalsekretær i Uloba. Ho meiner BPA er eit viktig tiltak for likestilling. Foto: Agnete Brun

For snart tre år sidan la eit utval fram ein NOU (Norsk offentleg utgreiing) om BPA-ordninga. Der meinte eit fleirtal at staten var rett forvaltnings- og finansieringsmodell. 

Melstrøm har store forventningar til regjeringa si stortingsmelding om ordninga. 

– Dette er dramatisk og viktig for å få løfta synet på funksjonshemma, seier ho. 

– Denne ordninga er viktig for likestilling. Eg trur vi skapar passive brukarar som må på uføretrygd i staden for at vi får arbeidstakarar, slik ordninga blir forvalta i dag.

Dette er BPA

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på. BPA er retta mot personar med langvarig og stort behov for personleg assistanse.

For å ha rett til å få BPA må ein vere under 67 år, ha behov for bistand ut over to år og meir enn 32 timar per veke. Ein kan også ha rett til BPA om hjelpebehovet er mellom 25 og 32 timar per veke og kommunen ikkje kan dokumentere at BPA vil vere dyrare enn andre tenestetilbod.

Det er kommunen som vurderer bistandsbehovet.

Det er brukaren sjølv som orgnaiserer og leier arbeidet assistentane utfører.

Ved utgangen av 2022 var det 4114 personar som hadde BPA i Noreg.

Kjelde: Helsenorge.no / uloba.no

Vil lytte

 – Regjeringa er opptatt av at alle menneske skal kunne delta i samfunnet. BPA er eit viktig verktøy for å sikre dette, seier helseminister Jan Christian Vestre (Ap). 

Han seier han er opptatt av å lytte til sentrale aktørar på helse og omsorgsfeltet, og har hatt fleire møter med organisasjonar for menneske med nedsett funksjonsevne for å få innspel til kva regjeringa kan gjere for å vidareutvikle ordninga. 

 Sveinung Kyte / TV 2
GRUNDIG ARBEID: Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre seier regjeringa jobbar grundig med ei stortingsmelding om BPA-ordninga. Foto: Sveinung Kyte / TV 2

Desse innspela vil han ta med seg inn i arbeidet med stortingsmeldinga som regjeringa jobbar med. 

– Eg kjem og til å sende brev til kommunane og minne om brukarane sine rettar og kommunane sine plikter når det kjem til BPA, seier Vestre. 

– Provoserande 

Etter at Heidi Werkland fekk avslag frå kommunen, klaga ho til statsforvaltaren. Ho fekk ikkje medhald. 

I grunngjevinga står det at hjelpebehovet hennar i forsvarleg grad kan bli varetatt med kommunale heimetenester. 

 Stein Roar Leite / TV 2
ENERGIKREVJANDE: Werkland seier ho bruker mykje energi på kvar enkelt oppgåve ho skal utføre. Ho meiner ein personleg assistent ville gjort kvardagen mykje enklare. Foto: Stein Roar Leite / TV 2

Werkland synest det er provoserande at det stadig blir snakka om mangel på arbeidskraft og at fleire uføre skal ut i jobb, når ho samstundes ikkje får ta i bruk tiltak som kan hjelpe henne med nettopp dette. 

Ho synest det er trist at terskelen for å få BPA er så høg. 

Werkland seier BPA skal vere eit likestillingsverktøy og eit moglegheitsverktøy, som kunne gitt henne sjansen til å ta utdanning, skaffe seg ein jobb og leve eit aktivt og sosialt liv.

– Slik det er no, kan eg ikkje leve det livet eg ønskjer. Eg berre eksisterer, men kan ikkje leve eit fullt, sjølvstendig og fritt liv slik dei funksjonsfriske kan. 

Dette svarar Trondheim kommune:

«Når man vurderer behovene i en søknad om BPA er det behovet for praktisk bistand i samsvar med helse- og omsorgstjenesteloven som vurderes. Alle som søker vurderes individuelt. Samfunnsnytte vil ikke være en del av en slik vurdering, men behov for å delta i aktiviteter vil være relevant. Kommunene er forpliktet til å sørge for at tjenestene er forsvarlige.

For det første så er BPA en kommunal helse- og omsorgstjeneste, det er en annen måte å organisere hjelpen på. I prinsippet er ikke BPA dyrere enn de andre tjenestene. Ettersom tjenestene er knyttet opp mot en person, vil ikke kommunen ha stordriftsfordeler med slike ordninger. Dersom en bruker har behov for tjenester om natten vil ikke denne nattevakten kunne utføre andre oppgaver i tillegg, noe som man kan når det er flere brukere som bor sammen i for eksempel bofellesskap eller omsorgsboliger.

Trondheim kommune har som målsetning at funksjonshemmede kan leve et selvstendig liv der de kan delta i samfunnet på lik linje med funksjonsfriske. Vi synes det er synd dersom innbyggerne ikke opplever at de ikke kan leve selvstendige liv. Vi ønsker å være i dialog med dem om dette og hvordan vi kan forbedre både tjenestene og utformingen av samfunnet for øvrig for å legge til rette for det. »

Read Entire Article