MDG sende ut 200.000 tekstmeldingar

2 weeks ago 20



Stortingsvalget 2025

Er du mellom 18 og 39 og busett i desse seks stadene, har MDG truleg kontakta deg.

 Skjermbilde
STEM: MDG sende ut 200 000 slike meldingar i dag. Foto: Skjermbilde

Publisert 27.08.2025 16:36 Sist oppdatert 7 minutter siden

«Hei! Husket å stemme? Nå er det så jamt at éin ekstra MDG-stemme per vallokale kan stoppe Frp og redde raudgrønt flertall. Gi din stemme til MDG i dag»

Sånn lyder meldinga frå Miljøpartiet dei Grøne. Den er sendt ut til 200.000 nordmenn i alderen 18 til 39., som er busett i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Asker, Bærum og Kristiansand. 

– Me veit at me er langt frå trygt over sperregrensa, og at i dette valet tel kvar stemme. Kven som blir Noreg sin statsminister kan avgjerast av så lite som ei einaste stemme per vallokale, seier Kristin Antun, som er partisekretær i Miljøpartiet dei Grøne. 

Kampanjen er gjennomført i samarbeid med Prognosesenteret AS, opplyser partiet til TV 2 i ein e-post. 

Dei seier dei ikkje har tilgang på eller hatt noko å gjera med telefonnummerlista. Prognososesenteret har tilgang på offentlege databasar gjennom Selekt Markedsdata AS. 

– No er det så jamnt at det er viktig at alle hugsar å stemma. Derfor køyrer me ut ein SMS-kampanje for å minne om at kvar stemme tel, seier Antun. 

Har gjort det før

Dette er ikkje første gong MDG brukar tekstmelding for å nå folket. Også i 2021 sende dei ut eit sekssifra antal tekstmeldingar for å nå folk. 

Den gongen brukte dei 800.000 kroner på kampanjen. 

Dei hadde då vore i  kontakt med Datatilsynet om praksisen. 

I 2017 sende Arbeiderpartiet rundt ein halv million teksmeldingar for å nå potensielle veljarar. 

Nå er den her:

Prøv TV 2s valgomat

Gratis nyheter, under hele valget

TV 2 Play

Read Entire Article