Måtte ut med isskrape i morgontimane

1 month ago 20



Det har vore ein sommar med svingande temperaturar. Folldal i Østerdalen brukar å vere blant vinnarane på kuldefronten.

I natt var det 0,6 grader både i Folldal og på målestasjonen ved Gaustatoppen i Telemark.

Dette blir meir og meir vanleg utover i august, seier statsmeteorolog Hanne Beate Skattør.

  • For ikkje mange dagane sidan var det også tropenatt fleire plassar i landet:

Kuldekulpar

Målestasjonen i Folldal er ikkje veldig gamal, men begynte å registrere temperaturane i 2010.

Sidan den gong har det vore registrert minusgrader i august fleire gonger. I 2020 var det faktisk 5,4 minusgrader denne månaden, ifølge Norsk klimaservicesenter.

– Det er ein kuldekulp. Den kalde lufta vil falle litt ned i dalar og det blir kuldekulpar der det samlar seg, seier Skattør.

Hanne Beate Skattør

IKKJE UVANLEG: Ifølge meteorolog, Hanne Beate Skattør er det ikkje heilt uvanleg at gradene kryp nedover i august. Folldal er som regel blant dei kaldaste plassane.

Det er heller ikkje første gongen denne sommaren at gradene har sokke mot dei blå gradene.

– Natt til torsdag 1. august var det minus 1,5. Det er ikkje heilt uvanleg altså, seier meteorologen.

Gaustatoppen har også hatt minusgrader fleire gonger i løpet av denne sommaren. Det var nede i 5,3 minusgrader tidleg i juni i år.

  • Kvar dag er millionar innom vêrtenesta, Yr:

Publisert 19.08.2024, kl. 08.28

Read Entire Article