Marius Borg Høiby møtte politiet etter avtale – arrestert ved Jansløkka skole

1 month ago 25



Høiby skal ha møtt politiet ved skulen etter avtale. Arrestasjonen skal ha skjedd søndag ettermiddag.

Sonen til kronprinsesse Mette-Marit er sikta for skadeverk og kroppskrenking etter ei hending i ei leilegheit på Frogner i Oslo natt tll søndag. Det er ei fornærma kvinne i saka, og politiet opplyste tidlegare i veka at det er ein relasjon mellom dei.

Høiby bur for tida på Skaugum. Skaugum gard er kronprinsparet sin residens og ligg i Asker. Jansløkka skole ligg rett ved residensen, og det var her Høiby vart arrestert av politiet.

 Marius Høyby gikk selv på Jansløkka skole i Asker, der han ble arrestert. Skolen ligger like ved Skaugum, oppkjørselen til Skaugum går ved trærne i bakgrunnen

SKULEN: Jansløkka skole ligg rett ved Skaugum der kronprinsparet bur. Høiby har også bustad der.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Jansløkka skole er Høiby sin gamle barneskule.

Kronprinsen kommenterte saka i Paris

Kronprins Haakon er allereie i Paris, og onsdag ettermiddag trefte han pressa.

– Det er ei alvorleg sak når politiet er involverte. Samstundes er det ikkje riktig å gå inn i detaljar, sa han.

– Dette pregar meg også, men eg er her for å heie på laget vårt i OL. Det er fantastiske prestasjonar som blir lagt ned her.

Kronprinsessa reiste i dag til Paris for å følgje dei norske OL-utøverane.

Publisert 09.08.2024, kl. 13.11 Oppdatert 09.08.2024, kl. 13.28

Read Entire Article