Lærarar krev fleire vaksne i klasse­rommet: – Rammene står ikkje i stil til bestillinga

2 hours ago 2



– Klassene er blitt større og læreplanen meir ambisiøs. I kjemi 1 skal eg vurdere praktiske ferdigheiter blant 30 elevar på åtte punkt.

Hans-Tore Fuglestad Hansen er faglærar i matematikk, kjemi og naturfag ved Førde vidaregåande skule. Han er også plasstillitsvalt i Norsk Lektorlag ved skulen og uttalar seg difor på generelt grunnlag.

Han er éin av mange lærarar som fortvilar over at lærarar blir tildelt meir og meir ansvar. Likevel finst det ingen tal som kan peike på denne endringa.

– Foreldre, rågjevarar og helsesjukepleiarar set større krav til at den enkelte eleven blir følgd opp, fortel Helle Christin Nyhuus, leiar i fagforeininga Norsk Lektorlag.

Skulebøker til foreinkla naturfag og matematikk

Å bruke forenkla fagbøker er eitt av mange tiltak Hans-Tore Fuglestad Hansen tek i bruk for å gjere undervisninga forståeleg for alle.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Ein kabal som ikkje går opp

I midten av september sende Kunnskapsdepartementet ei melding til Stortinget om læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn.

I den går det fram at det har blitt meir krevjande for skulane å gje tilpassa undervising til ei stadig meir mangfaldig elevgruppe, samtidig som lærarar skal ta vare på fellesskapet i klassa.

Dette merkar leiar i Utdanningsforbundet Vestland, Steinar Vegsund Strømsli.

Han får nær daglege e-postar frå lærarar. Dei fortvilar over at dei har verken tid eller kompetanse til den lovpålagde oppfølginga kvar elev har krav på.

– Vi har kome inn i ein vond sirkel vi ikkje kjem oss ut av, seier Strømsli.

Steinar Vegsund Strømsli, leiar Utdanningsforbundet Vestland

Steinar Vegsund Strømsli i Utdanningsforbunet Vestland blir ofte kontakta av fortvila lærarar.

Foto: Arne Stubhaug

Norsk Lektorlag har nær 9000 medlemmer, medan Utdanningsforbundet har i underkant av 200 000. Begge fagforeiningane fortel at dette er eit stort problem for mange lærarar. Grunna manglande tal på problemstillinga, er det uvisst kor mange lærarar det faktisk gjeld.

– Ein stor del av problemet er at det ikkje er sett i system kven som treng kva tilrettelegging. Difor veit vi lite om korleis lærarar blir påverka av desse endringane, seier Nyhuus i Norsk Lektorlag.

Tal frå skulane viser at talet elevar med individuell tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervising) har vore nokså stabilt det siste tiåret. Likevel opplever lærarar ei dramatisk endring.

«Gråsona»

I den vidaregåande skulen finst det ikkje tal på kor mange som får formelt individuelt tilpassa opplæring. Mange som får tilpassa opplæring får ingen ressursar som følger behova deira.

Utdanningsdirektoratet innrømmer at dette er eit problem.

– Vi veit at nokre delar av opplæringslova blir broten oftare enn andre, for eksempel retten til tilpassa opplæring, skriv avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet (Udir), Are Solstad, i ein e-post til NRK.

Nyhuus i Norsk Lektorlag meiner dette legg for stort press på lærarar og svekkjer læringsmiljøet i klasseromma.

Biletet er henta frå Norsk Lektorlag sine sider

Helle Christin Nyhuus er uroa for kva overbelasting av lærarar gjer med læringsmiljøet i klasserommet.

Foto: Joachim Engelstad / Norsk Lektorlag

– Problemet er at fleire foreldre, psykologar og helsesjukepleiarar krev at læraren lagar tilpassa opplegg utan at eleven har eit formelt vedtak på det. Vi kallar dette for «gråsona».

Strømsli i Utdanningsforbunet har fleire teoriar til kvifor det er blitt slik.

– Fleire elevar treng språkoppfølging, eller har psykiske utfordringar. I tillegg blir helsetenestene ved skulane svekka år for år.

Vidare seier han at han er heilt sikker på at dette først og fremst går utover elevane og læringsutbyttet deira.

Dette kjenner kjemilæraren Hansen på Førde vgs. på.

– Utfordringane melder seg raskt om ein elev til dømes krev mykje oppfølging. Då blir tida eg bruker på den eine eleven veldig høg, som då må gå utover andre elevar i klassa.

Med fleire arbeidsoppgåver til læraren, får ikkje Hansen alltid reknestykket til å gå opp.

– Rammene står ikkje i stil til bestillinga, seier han.

Vil ha fleire vaksne i klasserommet

Både Lektorlaget og Utdanningsforbundet har forslag til løysingar klare.

Strømsli ved Utdanningsforbundet meiner meir midlar til kommunane vil styrkje skulane.

Ideelt ynskjer vi øyremerka mildar, men først og fremst treng vi at statsbudsjettet prioriterer kommuneøkonomien.

Norsk Lektorlag skreiv i eit innspel til statsbudsjettet at dei ynskjer at regjeringa skal sikte kvalitet og kapasitet i den vidaregåande opplæringa. Dei skriv at «fylkeskommunar kuttar i skulebudsjetta. Kutta vil svekke tilbodet til elevane, kvaliteten på opplæringa og redusere moglegheita for oppfølging av kvar enkelt elev.»

Vidare fortel Lektorlaget og Utdanningsforbundet om følgjande løysingar:

  • Tettare oppfølging og dokumentasjon av arbeidsbelastninga for den enkelte lærar.
  • Andre yrkesgrupper er betre rusta til å løyse enkelte oppgåver i skulen enn lærarane. Psykologar, sosionomar og helsesjukepleiar bør bli meir synlege og tilgjengelege på skulane.
  • Færre elevar per lærar. Klassene må bli mindre.
  • Innføre maksgrense på tal elevar per klasse i den vidaregåande skulen.

Utdanningsforbunet har ikkje noko oversikt over kva det vil koste å auke talet lærarar per elev og minke størrelsane på klassene.

Som svar på desse krava, skriv Solstad ved Udir at dei jobbar med fleire tiltak for å styrke laget rundt born og elevar.

– Blant anna har vi sett i gang eit kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis som skal bidra til at spesialpedagogisk hjelp er tett på dei borna som har behov for det, skriv Solstad.

Publisert 06.10.2024, kl. 16.46

Read Entire Article