Times of Israel: 29-år gammal beduin peika ut som angripar i Israel-terror

3 hours ago 3



Søndag ettermiddag blei det meldt om eit angrep i byen Beersheba sør i Israel, der så langt ti personar skal vera skadde og éin er drepen.

Den drepne er ei 25 år gamme kvinne, ifølge den israelske avisa Haaretz.

Angrepet skal ha skjedd to stader i byen, mellom anna ved ein busstasjon.

Den antekne gjerningsmannen er ifølge fleire israelske medium skoten og drepen, og blir også identifisert av Times of Israel som ein 29 år gammal mannleg beduin.

Ifølge israelske tenestemenn er angriparen beduin og kjem frå ein by i nærleiken av Lakiya, og har israelsk statsborgarskap – i tillegg til eit kriminelt rulleblad.

Nyheitsbyrået Reuters skriv at det truleg er ei skyting, men det er ikkje enno stadfesta av israelske styresmakter.

Publisert 06.10.2024, kl. 15.38 Oppdatert 06.10.2024, kl. 15.57

Read Entire Article