Mariam (28) slukte pensum – så kom kontrabeskjeden

12 hours ago 4



Mariam El Khassan Ali blei tilbode masterplass på UiB. Like før studiestart blei ho fråteke plassen på grunn av feil i behandling av søknaden.

 Privat
AVVIST: Mariam El Khassan Ali kom inn på master. Så blei ho fråteke plassen Foto: Privat

Publisert 14.08.2025 23:28

– Det hadde vore fint å få beskjed tidlegare enn ei veke før, seier Mariam El Khassan Ali. 

28-åringen gleda seg til å byrja på ein master i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. 

Ho hadde allereie lest gjennom mykje pensum, for å førebu seg til det to år lange studiet. 

Ein månad etter ho blei tilbode plass, fekk ho beskjed om at universitetet hadde gjort ein feil i søknaden, og plassen blei fråteken. 

Universitetet i Bergen beklagar ulempa, men vil ikkje kommentera enkeltsaker. 

 Skjermbilde
AVSLAG: Denne e-posten fekk Mariam frå Universitetet i Bergen rundt ei veke før studiestart. Foto: Skjermbilde

Ikkje godkjente fag

El Khassan Ali kjem frå Ukraina, og har ein bachelor i journalistikk frå Universitetet i Odessa.

Dette dekker ikkje den fagleg relevante fordjupinga på 80–90 studiepoeng i sosialantropologi som trengst for å komma inn på studiet. 

Dette fekk ho beskjed om ein månad etter ho fekk plass. 

– Det er litt ubehageleg at dei sa dette til meg mindre enn ei veke før oppstart. Eg var ikkje fornøgd, seier El Khassan Ali. 

Likevel går ho ikkje inn i hausten utan studieplass. El Khassan Ali blei tilbode ein plass på bachelor i politikk og administrasjon i staden. 

– Kva tenker du om at dei blei ein bachelor og ikkje ein master?

– Eg forventa eigentleg bachelor, fordi eg har eit godt vitnemål. Men det er tre år med bachelor, og to år med master, så då er det jo sjølvsagt betre med master. 

 Privat
STUDERER VIDARE: Mariam byrjar på ein bachelor i politikk og administrasjon på UiB til hausten Foto: Privat

Til TV 2 seier Universitetet i Bergen at studentar har klagerett og at desse klagene blir behandla i nemnd. 

El Khassan Ali seier ho er usikker på om det er verdt å klage. 

– Eg veit ikkje. Er eg ikkje kvalifisert, så er det vel rettferdig.

Ho seier ho er nøgd med å koma inn på eit studie til hausten, no som sjokket har lagt seg.

– Eg er eigentleg fornøgd, eg, seier El Khassan Ali. 

NSO: – Trist

Sigve Næss Røtvold er leiar i Norsk Studentorganisasjon. Han meiner saka er trist. 

 Skjalg Bøhmer Vold / Norsk Studentorganiasasjon
REAGERER: Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold, seier UiB bør gå gjennomgå rutinane for å unngå at same feil skjer med andre. Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Norsk Studentorganiasasjon

– Å få plass på eit studie er noko av det største ein kan oppleva, og det er veldig leit å då få ein slik kontrabeskjed. Her må UiB gjennomgå rutinane sine for å sørga for at dette ikkje skjer igjen, seier Røtvold til TV 2. 

Read Entire Article