Naboane fekk seg ein støkk då dei høyrde rop og skrik frå det fredelege bustadfeltet i Hustadvika ein søndagskveld i mars.
Då politiet kom fram på staden fann dei ein mann i 60-åra med alvorlege skadar.
Han som no er tiltalt for drapsforsøk hadde stukke av og var på frifot i fleire dagar.
Politiet meiner han har brukt ein hammar til å slå mannen i 60-åra med fleire gonger i ansiktet og på kroppen.
Jogeir Nogva hos Statsadvokaten i Møre og Romsdal.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKIfølgje aktor Jogeir Nogva skal mannen ha vore driven av ein tanke om hemn.
– Han har vel gitt til kjenne at det var ei slags oppfatning av at han skulle utføre ein hemnaksjon. Vi legg til grunn at det ikkje har noko betydning i saka, seier han.
Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå mannen sin forsvarar. Han har tidlegare vedgått straffskuld for vald.
Store styrkar leitte etter mannen i tre dagar før dei fann han.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKBlei liggande 11 dagar på sjukehus
I tiltalen kjem det fram at mannen i 30-åra skal ha sagt "I ska dræpe de" og deretter gått til angrep. Mannen i 60-åra fekk fleire brot i ansiktsskjelettet og ein tommel, samtidig som fleire tenner blei slått ut.
Han fekk også hjerneskaking, blødning i hjernen og fleire kuttskadar.
I ettertid blei han liggande på sjukehus i 11 dagar, og er framleis sjukmeld.
– Han har heile tida meint at det han var utsatt var hadde det målet å ta livet av han, seier bistandsadvokat Peter Engebjerg.
Han seier mannen trudde han skulle døy.
– Han er framleis prega av hendinga han var utsett av, og det vil det nok gjere ei god stund framover, seier Engebjerg.
Politiet leita etter mannen i dagevis, og bad folk om å låse dørene.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKStakk ut i terrenget
Politiet leitte i dagevis med helikopter, hundar og dronar etter mannen i 30-åra, som rømte ut i terrenget etter valdshendinga. Folk blei bedne om å låse dørene sine.
Han var på frifot i fleire dagar før han blei pågripen.
Då skal han ha søkt tilflukt i to ulike hytter, og er også tiltalt for innbrot i desse hyttene.
Mannen har sete fengsla sidan den gong. Det har også blitt gjennomført ei rettspsykiatrisk vurdering av han.
Statsadvokat Jogeir Nogva seier det ikkje er grunnlag for å be om at han blir overført til tvunge psykisk helsevern.
Tiltalt for grove truslar mot politiet
Mannen er også tiltalt for grove truslar mot politiet under pågripinga.
Ifølgje tiltalen skal politiet ha spraya han med peparspray i ansiktet, og han skal då ha vore truande og tatt fram ein kniv og gått raskt mot dei.
Først då politiet skaut varselskot, skal han ha gitt seg.
Rettssaka startar neste veke og det er sett av tre dagar.
Publisert 30.07.2025, kl. 13.14 Oppdatert 30.07.2025, kl. 13.41