– Kor skal eg reise? Eg kan ikkje dra nokon stad. Eg blir liksom ståande fast her.
Det seier Ali Halmas.
Han bur i Hadsel i Vesterålen og har vore ulovleg i Noreg i 26 år, men kan ikkje sendast ut av landet.
Det er fordi det påståtte heimlandet hans Marokko verken finn han i registera sine eller vil ta han i mot.
På den andre sidan vil ikkje Norske styresmakter gi ham opphald.
Dette fordi han braut utlendingslova då han kom som 15-åring. Han laug nemleg om kor han kom frå.
Utlendingsnemnda (UNE) har vedtatt at han må forlate landet, men på grunn av mangel på ID-papir, kan han ikkje reise nokon stad.
Utan opphaldsløyve kan han heller ikkje jobbe som røyrleggar, ei utdanning Noreg har gitt han.
Halmas sit difor no fast i eit liv i limbo.
Har vore lengst i limbo
Det har ikkje stått på forsøka om å få lov til å bli verande i Noreg:
Det finst inga oversikt over det nøyaktige talet på personar som er i same situasjon som Halmas.
UDI har tal på at det er 28 utreisepliktige som har vore her ulovleg i over 15 år, men dette gjeld folk som er på mottak.
Heller ikkje Politiets utlendingseining har tal på dette.
Men ifølge Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS) er det snakk om ei relativt lita gruppe på under 100 personar.
– Det er klart at han er blant dei lengstvarande i Noreg i ein slik situasjon, seier seniorrådgivar i NOAS, Jon Ole Martinsen.
Han seier det er snakk om ei handfull menneske som av ulike årsaker ikkje har blitt returnert, og samtidig ikkje fått opphaldsløyve.
Seniorrådgivar i NOAS, Jon Ole Martinsen.
Foto: NRKUsemje om identitet
Det er ikkje første gong NRK skriv om saka til Halmas.
Det vart gjort i 2009, 2010 og i 2013, men situasjonen hans er framleis den same.
For kjernen i saka handlar om identiteten til Halmas.
– Eg har meir papir her i Noreg enn i andre land. Og eg kan ikkje reise til andre land. Då blir eg send tilbake hit. Eg tilhøyrer faktisk meir Noreg enn nokon annan plass, seier Ali Halmas.
Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRKDå han kom til landet sa han at han var frå Irak, men hevda seinare at kan kom frå Marokko.
UNE har derimot lagt til grunn at han er frå Algerie.
Fordi to år før han kom til Noreg hadde han sagt han var frå Algerie då han søkte asyl i Nederland og Frankrike. Då oppgav han også eit anna namn og fødselsdato.
– Politiet sine undersøkingar viser at Halmas har oppgitt ulike identitetar både i Noreg og i eit anna europeisk land. Han har heller ikkje levert nokon form for ID-dokument til politiet i løpet av tida si i Noreg.
Det seier seksjonsleiar for ID-avklaring i Politiets utlendingseining (PU), Håvard Johnsen Bekk.
Seksjonsleiar for ID-avklaring i Politiets utlendingseining (PU), Håvard Johnsen Bekk seier det ikkje finst statistikk på kor mange som er i Ali Halmas sin situasjon.
Foto: SIMON SOLHEIMIfølge ham samarbeida ikkje Halmas med politiet om å avklare identiteten sin i den første perioden i Noreg.
Bekk legg til at politiet har gjennomført fleire undersøkingar og sett i verk tiltak for å avklare identiteten til Halmas. Han hevdar dei framleis jobbar med å stadfeste dette.
– Av omsyn til politioperativt arbeid kan eg ikkje gå nærare inn på detaljane.
– Eg var gatebarn
Halmas meiner han har gjort sitt for å bevise at han er frå Marokko, med blant anna språktest.
– Eg var gatebarn og har ikkje legitimasjon. Ingen fødselsattest eller ingen fingeravtrykk. Eg er ikkje registrert der.
Han innrømmer at det var feil å lyge om identiteten hans, men meiner det er vanskeleg å gjere noko med no.
– Då eg kom til Noreg i den unge alderen var eg ustabil, og såg ikkje konsekvensane av å lyge. Kven faen har ikkje gjort feil som 15–16 åring?
Ali Halmas seier det viktigaste for han er å få arbeidstillatelse slik at han får jobba igjen. – Det er meininga med livet å jobbe.
Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRKHan meiner han blir straffa for feil han gjorde som mindreårig.
– Det synest eg er utruleg urettferdig.
– Ved å gi deg opphald, vil ikkje det skape ein presedens til andre om at ein kan søke asyl i Noreg og tvihalde seg fast trass i avslag, og så får du opphald til slutt?
– Hadde du sagt til meg då eg kom til Noreg at eg kom til å leve i slik limbo i 26 år, hadde eg aldri kome hit, seier han og legg til:
– Det verste er at eg ikkje veit kva morgondagen bringar.
– Oppgjer med uretten
Advokaten til Halmas, Nadin Askeland Humlen, seier at han er sett i sjakk matt.
– Når du først har skapt den tvilen om identiteten din, og den heng ved deg, så vil UNE seie at du ikkje har samarbeida om å avklare identiteten din, seier ho og forklarar:
– Då fell du ikkje under bestemminga i utlendingsforskrifta om såkalla ureturnerbare som har samarbeida. Difor vil mange av dei ureturnerbare papirløyse aldri nokon gong få ei løysing i det lovverket som er, med mindre dei kan legge fram dokumentasjon på sin rette identitet, seier Humlen.
No vil Raudt gjere noko med situasjonen, og innføre ei amnesti-ordning for slike som Halmas.
– Vi er nøydd til å få eit endeleg oppgjer med den uretten Ali og andre i hans situasjon er utsett for, seier stortingsrepresentant Geir Jørgensen i Raudt.
Ei slik eingongsløysing for asylsøkarar og statslause med lang opphaldstid i Noreg har vore gjennomført før.
Det var gjort av regjeringa til Erna Solberg i 2019, men då fekk berre 46 prosent av dei som søkte opphald.
Halmas sende også inn ein søknad, men var for ung og fekk ikkje opphald.
Stortingspolitikar Geir Jørgensen (R) seier Ali Halmas har fått ei uverdig behandling.
Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK– Viktig at vedtak blir respektert
Raudt har også saman med andre parti prøvd å få fleirtal i Stortinget for ei ny eingongsløysing. Det gjekk ikkje vegen.
Raudt gir seg likevel ikkje.
I eit spørsmål til justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) har Jørgensen spurt om Hansen vil ta initiativ for eit slikt amnesti.
Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) seier det er viktig at UNE sine lovlege vedtak blir respektert.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRKDet ville ho ikkje.
– For å halde oppe tilliten til asylinstituttet og sikre likebehandling meiner eg at det er viktig at lovleg vedtak blir respektert, svarte Aas-Hansen.
Det ser ut som om Halmas må halde fram i eit liv i limbo.
– Eg har prøvd å gjere mitt beste ut av det. Vere med i lokalmiljøet, prøvd å gå på skule og jobbe. Nokon ting kan ein ikkje gjere noko med, avslutta Halmas.
Publisert 19.09.2025, kl. 11.46