I tiltalen står det at mannen skal ha forsøkt å drepe kvinna ved å stikke henne i munnen og halsen med ein kniv.
– Han lykkast ikkje med dette då ho sprang frå staden og fekk raskt livreddande medisinsk behandling, står det i tiltalen.
Kvinna skal ha fått eit kutt i halsen som måtte bli sydd.
Statsadvokat Jogeir Nogva seier at drapsforsøk har ei strafferamme på 15 år, men at han ikkje kan seie noko om kor lang fengselsstraff han kjem til å legge ned påstand om i retten.
Kom seg ut av bustaden
Det var 26. mars at naudetatane rykte ut til ein bustad i Averøy kommune etter å ha fått melding om ei valdshending.
Politiet fekk beskjed om at det hadde blitt brukt kniv og at ei kvinne var skadd.
I bustaden var det også to barn. Kvinna greidde å ta seg ut av huset, saman med barna. Dei flykta over til ein nabo.
Både mannen og kvinna blei innlagde på sjukehus med skader etter hendinga. Barna skal ikkje ha blitt fysisk skadde.
I etterkant av hendinga blei mannen sikta for drapsforsøk. No er han tiltalt for dette.
Mannen er også tiltalt for mishandling i nære relasjonar fordi dei to barna var til stades i bustaden under hendinga.
Har sete i arresten
Den tiltalte og den skadde kvinna blei etter ei stund skriven ut frå sjukehuset. Mannen har sete varetektsfengsla sidan då.
I avhøyr har mannen tidlegare erkjent å ha stukke kvinna i halsen, med ein kniv, slik at ho fekk eit stort kutt.
Den fornærma kvinna sin forsvarar, Kenneth Leren, seier at dei ikkje har ein kommentar til tiltalen.
Saka skal opp i Nordmøre og Romsdal tingrett 30. september. Det er sett av tre dagar til saka.
Publisert 04.09.2025, kl. 11.43 Oppdatert 04.09.2025, kl. 12.04