Mannen hevda at han drakk nesten ein halv liter sprit for å få sove, men det trudde ikkje retten på. Forsvararen varslar at dommen blir anka.

Publisert 27.02.2025 13:49
Ein kveld i mars 2024 fekk politiet melding om mistanke om ruspåverka køyring på Søre Sunnmøre.
Politiet blei tipsa om at den tiltalte mannen kunne stå bak køyringa, og reiste heim til han for å ta ein promilletest av han.
Mannen blei så tatt med til legevakt, der det blei slått fast at han hadde ein promille på 2,31.
Hevda han drakk sprit for å få sove
Mannen i 50-åra forklarte at han hadde vore på ein restaurant i eit par timar den aktuelle kvelden, før han køyrde heim. På restauranten hadde han drukke ein kaffi og eit glas eplemost, hevda han då saka gjekk for tingretten tidlegare i februar.
Då han kom heim, drakk han litt under ein halv liter sprit fordi han sleit med å sove på den tida, forklarte han.
Mannen forklarte først i avhøyr at han drakk spriten på om lag ti minutt. I retten forklarte han at det tok oppimot ein halv time å drikke alkoholen.
Retten trudde ikkje på denne forklaringa, og viste til forklaringar frå fleire vitne i saka.
To vitne forklarte at dei ved fleire høve hadde observert det dei trudde var ruspåverka køyring frå tiltalte. Den aktuelle kvelden såg eit av vitna at den tiltalte var på restauranten med det vedkomande antok var øl.
Eit anna vitne forklarte at han hadde servert den tiltalte, og at eplemosten blei servert i eit ølglas. Retten fann ikkje dette truverdig.

Vitnet meinte også å ha sett at tiltalte sjangla då han forlét restauranten seinare på kvelden. Tiltalte hevda at dette skuldast ein yrkesskade, som blei dokumentert i retten med utsegn frå lege og utdrag frå journal frå tidspunktet ein operasjon blei gjennomført.
Han blei ikkje trudd på dette, står det i dommen.
Det blei også lagt fram video og bilete i retten som vitna hadde tatt den aktuelle kvelden.
Retten skriv at «sjølve sjanglinga ikkje er klart synleg på videoane», men meinte likevel at tiltalte må ha vore rusa fordi vitna reagerte såpass at dei valde å filme, ifølge dommen.
Ein sakkunnig sa også i retten at det verka lite truleg at mannen hadde inntatt spriten på så kort tida som han hevda.
– Også dersom tiltalte skal ha brukt opp mot 30 minutt, reknast dette
ifølge den sakkunnige som lite sannsynleg frå eit farmakologisk perspektiv, då dette ville gitt seg
utslag i alvorlege symptom hos tiltalte, står det i dommen.
Må betale kjempebot
Mannen blei dømt til fengsel utan vilkår i 26 dagar. I skjerpande retning peika retten på at den tiltalte hadde fått eit førelegg for ruspåverka køyring berre ei veke før den aktuelle kvelden. Samtidig trakk retten fram at det har tatt lang tid å behandle saka.
Retten gav også den tiltalte ei bot på 124.000 kroner. Bakgrunnen for den høge bota er at promillekøyring stort sett blir straffa med ei bot som er 1,5 gangar månadsløn.
Mannen mista også førarkortet, og må køyre opp på nytt dersom han vil få det tilbake igjen. Dette kan han tidlegast gjere om to år og seks månadar.
Vil anke
Mannens forsvarar, Karoline Skevik, opplyser at dommen vil bli anka. Ho meiner at det er fleire svakheiter ved dommen, og at beviskrava i strafferetten ikkje er oppfylt.
– Det framstår som at påtalemakta frå sakas start har bestemt seg for at tiltalte er skuldig, og etterforska saka for å stadfeste teorien. Dette underbyggast av at påtaleansvarleg tok ut tiltale i saka, utan å ha gjennomført avhøyr av servitøren som kunne avkrefte at tiltalte blei servert alkohol, seier Skevik i ein epost til TV 2.
– Politiet og aktoratet har trekt ut delane som passar inn i teorien om at tiltalte har køyrt i ruspåverka tilstand, og sett bort frå delane som ikkje passar inn, seier Skevik.
Skevik meiner at den tiltalte sin rett til kontradiksjon, altså retten til å svare for seg, heller ikkje er tilstrekkeleg varetatt.
Årsaka er at det, ifølge Skevik, blei gjort etterforsking i saka dagen før rettssaka.
– Dette trass i at saka to gongar tidlegare har blitt trekt nettopp for å gjennomføre etterforskingsskritt. Utfallet av den seinaste etterforskinga har nødvendiggjort ytterlegare etterforskingsskritt frå forsvarets side, seier Skevik.
Skevik reagerer på at retten har sett vekk frå forklaringa til den tilsette på restauranten, som nekta for å ha servert den tiltalte alkohol.
– Vidare har retten valt å sjå vekk frå at sakkunnig rettsmedisiner har konkludert med at tiltaltes forklaring om at alkoholen skuldast inntak av alkohol etter at han kom heim, ikkje kan utelukkast, sier Skevik..