For om lag 7000 kroner, har Abu Ammar sikra familien nokre grunnleggande matvarer.
– Vi går igjennom ein ekstremt brutal krig. Ein krig som har fortært stein, menneske og tre. Men no står vi overfor ein ny fase: svolt.
Dette seier palestinske Ammar til ein journalist NRK samarbeider med på Gazastripa.
– Kva veit du eigentleg om svolt? Svolt er uuthaldeleg.
Med ein skada fot, er Ammar på veg til ein stad han ikkje har vore på lenge: den lokale marknaden i Deir-al-Balah, sentralt på Gazastripa.
Abu Ammar får sitje på med nokon som har esel og kjerre til og frå marknaden i Deir-al-Balah.
Samy Zyaara / NRKHan er glad for å ha fått låne pengar av vennar og familie. Sjølv har han ikkje hatt inntekt sidan krigen starta.
– Det er veldig få som framleis er villige til å låne vekk pengar. Men eg audmjukar meg for barna si skuld. For smila deira.
Ammar har fått med seg ei handleliste heimanfrå. Barna hans har bede om poteter, og søte fikenar, men aller mest treng han mjøl.
Foto: Samy Zyaara / NRKKritisk svolt på Gazastripa
Svoltkrisa i Gaza har nådd eit veldig kritisk punkt.
Eitt av fire små barn og ammande kvinner som besøkte sjukehus i Gaza sist veke var underernærte, seier Legar utan grenser fredag.
Minst 45 palestinarar har døydd av svolt berre dei siste fire dagane, melder The Guardian.
FN og menneskerettsgrupper skuldar Israel for å nekte å sleppe inn nesten noko som helst nødhjelp, og meiner dette er årsaka til matmangelen.
Israel hevdar på si side at Hamas har skulda for alle tilfelle av underernæring i Gaza, fordi dei stel nødhjelpa som kjem inn.
Men ei intern analyse av det amerikanske føderale byrået USAID har ikkje funne noko bevis på at Hamas systematisk stel nødhjelpa som USA har vore med på å betale for.
Analysen gjekk igjennom 156 tilfelle der nødhjelp amerikanarane hadde betalt for hadde forsvunne eller blitt stelt mellom oktober 2023 og mai i år, ifølge Reuters.
USA er ein av Israel sine viktigaste allierte.
Mangedobling i prisane
På marknaden i Deir-al-Balah har dei færraste på Gazastripa råd til å handle.
Dette er prisane som møtte Ammar:
Samy Zyaara / NRK
Mjøl
272 kr/kg
Frå 1 kr før krigen
Jacquelyn Martin / AP / NTB
Morsmjølkerstatning
300 kr/boks
Frå 60 kr før krigen
Samy Zyaara / NRK
Poteter
121 kr/kg
Frå 6-8 kr før krigen
Samy Zyaara / NRK
Ris
122 kr/kg
Frå 15 kr før krigen
Samy Zyaara / NRK
Matolje
152 kr/l
Frå 6 kr før krigen
Samy Zyaara / NRK
Fiken
90-120 kr for ein liten porsjon
Samy Zyaara / NRK
Druer
75-90 kr for ein liten porsjon
Ammar bur med sju andre familiemedlemmer. Maten han skal handle i dag, har dei ikkje smakt på mange månader.
Til saman vil den mette dei i fire, kanskje fem dagar.
Mjøl det aller viktigaste
Det går for det meste i frukt og grønsaker. Barna til Ammar har særleg ønska seg poteter, og søte fikenar.
Kylling og anna kjøt har blitt så dyrt at nesten ingen har råd til å kjøpe det, fortel Ammar.
– Det har gått eit heilt år sidan eg smakte berre ein kyllingbit, under Ramadan. Nokre gongar sende snille folk oss 200 gram, berre ein liten porsjon kjøt, og det var fleire månader sidan.
– Er det din siste pris, spør Ammar når seljaren fortel at ein halv kilo mjøl kostar 45 shekel, eller 136 kroner. – Eg selde for 50, men no kostar det 45, svarar seljaren.
Foto: Samy Zyaara / NRK– Vi brukte det til å lage litt suppe. Akkurat nok til å lure barna til å tru at det er eit heilt måltid.
Sidan har dei måtta klare seg med små slurkar vatn. Dei vaksne blandar i litt salt for å sørge for at magesekkane ikkje rotnar, fortel Ammar.
– Den første og mest essensielle tingen som hjelper deg å overleve er mjøl, og det er ekstremt vanskeleg for oss å skaffe.
Ei månadsløn = under ei veke med mat
I dag treng han ikkje å lure barna sine. Han har klart å skaffe mat til å mette dei i fire, kanskje fem dagar. Attpåtil har han funne fikenar.
Men sluttsummen er ikkje til å kimse av: 7000 kroner. Det var ei heil månadsløn før krigen øydela alt på Gazastripa.
Abu Ammar kjem heim med varene han har kjøpt. Til saman har han brukt det som hadde vore ei månadsløn før krigen starta.
Samy Zyaara / NRK– Så snart grensekryssinga opnar, sver eg at prisane på alt vil gå ned med 200 prosent, slår Ammar fast.
– Vi håpar verkeleg at denne brutale krigen tek slutt. Det einaste eg ber gud om, til sjuande og sist, er at han opnar grensa så vi i det minste kan sikre oss vårt daglege brød.
Vil du få med deg meir av det som skjer i verda? Høyr den siste podkasten frå Utanriksredaksjonen:
Publisert 28.07.2025, kl. 20.16