Må legge ned bakeriet etter beskjeden frå Coop

1 month ago 25



I fleire år har Sarepta bakeri i Aurland levert bakarvarer til Coop sine butikkar i Sogn.

Men nyleg blei avtalen sagt opp.

– Det var litt merkeleg. Ein ting er meg, men eg har åtte tilsette, og det er ikkje noko kjekt å seie dette til dei, seier dagleg leiar Ingolf Meisterplass.

– Det er berre tull

Sidan 1986 har bakeriet i Aurland lagd bakarvarer. No er det truleg slutt når avtalen med Coop går ut ved nyttår.

Då bakeriet Goman Rognaldsen blei stengt på dagen etter eit besøk av Mattilsynet i 2018, tok Coop kontakt med Meisterplass for å høyre om han kunne hjelpe dei med å produsere bakarvarer.

– Då sa dei at «vi skal aldri gløyme at du stilte opp på sparket». Men det har dei tydelegvis gløymt no, seier Meisterplass, som først blei intervjua om saka i Sogn Avis.

 Sarepta bakeri
BAKERI: Sarepta har lagd bakarvarer sidan 1986, og leverer til butikkar i Sogn. Foto: Sarepta bakeri

Han meiner også at Coop ikkje har gitt noko god grunngjeving for å avslutte avtalen.

– Dei seier i avisa at dei skal få betre utval. Det er berre tull. Eg har fått så gode tilbakemeldingar på bakarvarene eg leverer til Coop, men plutseleg er det ikkje godt nok, seier Meisterplass oppgitt.

Kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen i Coop seier at kjeda ikkje har gløymt Sarepta, og at dei ikkje klagar på varene derfrå.

– Men i ein så tøff bransje må vi drive kostnadseffektivt for å gje like låge prisar som konkurrentane våre, og då er dette einaste utvegen, seier Kristiansen.

Han seier det har skjedd mykje i daglegvarebransjen sidan 2018.

I dag er over 70 prosent av marknaden lågpris, ifølge Coop. Då må kjeda sjå på samdriftsfordelar og utvikle sitt eige bakeri, argumenterer Kristiansen.

– Vi skal skape overskot som vi skal dele med kundane, men vi har og eit ansvar for å drive effektivt, for å sikre arbeidsplassane vi har, og sikre butikkar i byar og ute i distriktet.

Les heile svaret frå Coop lenger nede i saka.

No skal Coop-butikkane i staden få levert brød og bollar frå Goman sitt bakeri i Bergen. Ein køyretur som vil ta om lag to og ein halv time lenger enn det ville gjort frå bakeriet i Aurland.

Og frå neste år blir Lærdalstunnelen på E16 stengt om natta. Dei lokale omkøyringsvegane er anten vinterstengt eller vêrutsett.

– Då får dei ikkje brød til klokka sju når butikken opnar, seier Meisterplass.

– Dei skal få eit liv, samanfattar han.

Kristiansen seier at det skal vere brød i butikkane til opningstida.

– Brøda skal fraktast i litt ulik avstand, og alle butikkar skal ha brød frå dei opnar klokka 07 på morgonen, seier Kristiansen.

– Ny baketeknologi gjer at brøda opplevast ferske mykje lenger enn dei gjorde tidlegare. Kundane vil ikkje oppfatte desse brøda som mindre ferske, sjølv om dei må køyrast litt lenger, seier Kristiansen.

 Naustdal dampbakeri
DAMPBAKERI: Også Naustdal dampbakeri i Førde kan bli påvirket av avtale-endring med Coop. Foto: Naustdal dampbakeri

– Ganske dramatisk

Også Naustdal dampbakeri i Førde fekk nyleg beskjed om at avtalen med Coop blir gjort om på. Dermed kan bakeriet miste 25 millionar i omsetnad, ifølge Firda.

– Isolert sett er det ganske dramatisk. Coop står åleine for over halvparten av produksjonen vår, fortel dagleg leiar Martin Berntsen til TV 2.

I tillegg til at avtalen blir endra, kan selskapet no få utfordringar med transportlogistikken.

– Det blir utfordrande å køyre lange ruter med for lite varer. Det kostar pengar, så vi er avhengig av å finne samarbeidspartnarar å samkøyre med.

Berntsen understrekar at det framleis er usikkert korleis samarbeidet med Coop vil bli i framtida, men han seier det blir vanskeleg å unngå oppseiingar.

– Vi har ikkje sagt opp folk enno, men det kjem nok. Det er den største utfordringa for oss, å halde dei tilsette i arbeid, seier Berntsen.

 Naustdal dampbakeri
OVER HALVPARTEN: Daglig leder Martin Berntsen sier Coop står for halvparten av produksjonen til Naustdal dampbakeri. Foto: Naustdal dampbakeri

I tida framover vil bakeriet prøve å finne alternative salskanalar.

Det er ikkje første gongen bakeriet har fått ein slik beskjed frå Coop. I 2017 blei avtalen sagt opp, før ein ny avtale blei teikna hausten 2018.

Etter at det blei kjent at bakeriet no går ei usikker framtid i møte, har dei fått mykje støtte.

I lokalavisa er det fleire som hintar om ein boikott av Coop, etter at det blei kjent at avtalen med bakeriet blir endra.

– Vi har fått massiv støtte, både gjennom media og folk som snakkar med oss. Det tyder på at vi har ein del med oss i dette, så det er hyggeleg, seier Berntsen.

Coop: – Får eit større sortiment

Kommunikasjonsdirektør Kristensen seier at Coop framleis skal ha ein avtale med Naustdal dampbakeri. Bestseljarane skal framleis vere i områda der bakeriet står sterkt.

– Ved å bruke Goman får vi eit større sortiment. Vi har produkt som gjer det bra i smakstestar og som vi meiner vil falle i smak hos kundane, seier Kristiansen.

– Det andre er at sånn som marknaden er no, der alt handlar om å selje maten billegast mogleg, må vi snu kvar einaste stein for å spare kostnadar. Ein måte er å utnytte kapasiteten og stordriftsfordelen med å bruke vårt eige bakeri, legg Kristiansen til.

 Espen Solli / Coop
SVARAR: Kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen i Coop seier at kjeda må snu kvar stein for å spare kostnader. Slik vil dei selje mat billegast mogleg. Foto: Espen Solli / Coop

Kommunikasjonsdirektøren peiker på at folk i dag et mindre brød enn tidlegare.

– Med nye typar, og ny baketeknologi, så får ein kjensla av at det er ferskt mykje lenger. Vi får god tilbakemelding på smak og varigheita.

– Er de overraska over mottakinga dette har fått lokalt?

– Nei, dette er som venta. Vi veit at Naustdal dampbakeri står veldig sterkt lokalt. Det er ikkje noko overraskande, og vi har forståing for at ein blir frustrert og oppgitt, men vi håpar at kundane blir fornøgde med utvalet vi kjem til å gje dei, seier Kristiansen.

Han seier at det ligg ei grundig vurdering bak avgjerda, og at konkurransesituasjonen har hatt mykje å seie.

– Vi forstår at det kan medføre permitteringar, men sånn som marknaden har blitt er det ingen veg utanom. Det er derfor vi skal behalde bestseljarane.

Forskar: – Lett å klikke

Professor Øystein Foros ved Noregs handelshøyskole (NHH) synest det er vanskeleg å spå korleis framtida blir for lokale bakeri. Men han seier at brød har blitt eit meir sentralt produkt i butikkane dei siste åra.

 Kåre Breivik / TV 2
SNAKK MED FØTENE: – Den einaste forbrukarmakta som hjelper er å stemme med føtene, seier NHH-professor Øystein Foros. Foto: Kåre Breivik / TV 2

– Viss du går i butikken, ser du at brød er noko folk bryr seg mykje meir om enn for nokre år sidan. Det har blitt eit produkt målt på kvalitet, medan det før berre var fokus på pris, seier Foros.

Han seier at forbrukarane kan ha innverknad på utvalet i butikkane.

– Den einaste forbrukarmakta som hjelper er å stemme med føtene. Men det vi ofte ser er at det er lett å klikke og gje støtte til aksjonane på Facebook, seier Foros.

– Spørsmålet er om ein endrar på bruksmønsteret og faktisk skiftar butikk, avsluttar han.

Read Entire Article