Må i fengsel for å ha selt bakverk på sosiale medium

1 month ago 28



Kommunen gav kvinna bot for å selje brød og bollar. Ho betalte ikkje, og må no i fengsel.

 Matthew Mead / AP / TT / NTB
ULOVLEG SAL: Kvinna hadde ikkje løyve til å selje bakverk og fekk bot. No må ho i fengsel etter at bota ikkje blei betalt. Foto: Matthew Mead / AP / TT / NTB

Publisert 24.09.2024 12:44 Sist oppdatert 9 minutter siden

Ei kvinne i 70-åra frå fylket Norrbotten, heilt nord i Sverige, må i fengsel for å ha latt vere å betale ei bot.

Bota på 130.000 svenske kroner fekk ho for å ha seld brød og bollar på sosiale medium utan å ha løyve til dette, ifølge TV4.

Kvinna blei pålagt å betale bota ved fire tilfelle i 2020 og 2021, og kommunen hadde gitt ho forbod mot å selje bakverk til ho hadde registrert ei verksemd.

Blei pålagt å slutte med sal

Kvinna sa at baking var lidenskapen hennar, og at ho pleidde å vise fram dette i sosiale medium, ifølge rettsavgjerda.

Ho vedgjekk å ha selt bakverk ved eit tilfelle, men hevda at ho då berre hadde tatt betalt for ingrediensane. Til vanleg pleidde ho å gje vekk bakarvarer til barnebarn.

Retten meinte derimot at kvinna hadde halde fram med å selje bakverk, trass i at ho hadde fått pålegg om å slutte med dette.

Som følge av at ho ikkje betalte bota, må kvinna i fengsel i ein og ein halv månad.

Forsvarar reagerer

– Utdeling av bøter bør rettast mot folk som ikkje er villige til å betale, og ikkje mot ein pensjonist som likar å bake og legge ut på Facebook, seier kvinnas forsvarar, Frida Larsson.

Forsvararen seier at kvinna ikkje hadde nekta å betale, men at ho ikkje hadde pengar til dette.

– Min klient ønsker å gjere rett for seg sjølv, men ho har avgrensa økonomiske midlar til det, seier Larsson.

Larsson meiner det er altfor strengt å dømme kvinne til fengselsstraff.

– Ho hadde heller sett at ho fekk nedbetale bota i staden for å bli dømt til fengselsstraff, gitt alder og vaklande helse. Det har gått hardt ut over ho og ho er veldig deprimert, seier forsvararen, som varslar at dommen vil bli anka.

Read Entire Article