«Lyslenke» på himmelen er truleg satellittar

1 day ago 2



Laurdag kveld har fleire meldt om eit lysfenomen på himmelen over fleire stader i Noreg.

Jannicke Kristine Dahl Øien, såg fenomenet i Hemsedal og skildrar det slik til NRK:

– Det flaug raskare eit fly, lyste i same styrke konstant. Ingen lyd. Heldt rett linje. Lågare ein stjerner.

Ei annan tipsar såg det på Vestlandet.

– Det såg ut som mange stjerner som følgde etter kvarandre. Det er fyrste gongen vi har sett det, fortalte Selma Hauge frå Hustadvika.

Det er truleg satellittar sende opp med ein SpaceX-rakett på fredag.

Oppskytinga fann stad frå basen i California torsdag 20. mars klokka 23.49 lokal tid, det svarar til 07.49 fredag morgon norsk tid.

– Vi antok fyrst at det var Starlink-satellittar, men skjønte raskt at det var snakk om statlege, amerikanske overvakingssatellittar, uttala fagsjef ved Norsk romsenter, Pål Brekke, til VG fredag kveld.

Read Entire Article