Lyd ved leggetid: løysing eller dis­traksjon?

1 month ago 24



Mina Ameli Lykken pleier å sette på youtubevideoar på tv-en og sovne til lyden av dei.

– Eg høyrer på ein amerikansk podkast som heiter Dropouts, men det kan eigentleg vera kva som helst, så lenge det er underhaldande. Eg får ikkje sova utan.

Lykken fortel at ho ikkje først og fremst set på videoane ved leggetid fordi ho kjedar seg.

– Det er meir for å ikkje tenke på så mykje. Viss ein fokuserer på éin ting i staden for alle dei forskjellige tankane i hovudet, er det litt lettare å sovne.

To ungdommar sit på ein benk og ser på mobilen.

Mina Ameli Lykken og Peder Bjørke Aamot kan begge sovne til lyden av sosiale medium.

Kompisen Peder Bjørke Aamot høyrer ikkje på podkast, men pleier av og til å sovne med telefonen i handa.

– Når eg ikkje får sova, skrollar eg på TikTok. Det funkar ganske bra.

  • Må du høyre på noko for å få sova? Si di meining nedst i saka.

Styr unna skjermen

Elisabeth Flo-Groeneboom er søvnforskar og professor i psykologi ved Universitetet i Bergen.

– Fleire studiar tyder på at mange unge slit med søvnen. Det er ei urovekkande utvikling, seier ho.

Elisabeth Flo-Groeneboom smiler mot kameraet.

Søvnforskar Elisabeth Flo-Groeneboom råder mot å sjå på mobilen ved leggetid.

Foto: Theodor Flo-Groeneboom

Saman med førsteamanuensis Kjersti Marie Blytt ved institutt for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, er ho programvert for podkasten Søvnens makt.

– Det er bra at unge prøver å finne gode vanar for å sova betre.

Ho trur likevel at kan mange ha godt av å spørje seg om ein er avhengig av å bli stimulert heile tida.

– Om ein blir liggande å sjå på mobilen, kjennest det kanskje som at ein sovnar fortare fordi ein slepp å ligge og kjede seg. Likevel kan det forstyrre døgnrytmen og gjera det vanskelegare å sovne.

Ta ut proppen, lag ein vane

Marknaden for podkastar og ASMR-videoar som er spesifikt laga for å sovne til har vekse dei siste åra. Flo-Groeneboom peikar på at det å høyre på nokon som snakkar, kan funke dårlegare enn å høyre på musikk.

– Viss du høyrer på noko spennande, kan det verke mot hensikta si og gjera at du ikkje for sova.

Mange av dei som søv med lyd på, brukar hovudtelefonar eller øyreproppar, enten for å stenge ute støy eller vise omsyn til dei rundt seg.

– Dette kan skade øyregangen mens du søv, viss volumet er for høgt. Å sova med øyreproppar kan også føre til opphoping av øyrevoks og kan auke risikoen for øyrebetennelsar.

Ubehageleg stille

Karoline Voldnes kan slite med å få sova om det er heilt stille.

– Viss det ikkje er ei vifte på eller anna lyd i rommet, set eg på roleg pianomusikk for å bli trøytt.

Karoline og Dina Voldnes

Karoline og Dina Voldnes har litt forskjellige preferansar når det kjem til lydnivå og søvn.

Foto: Mari Kaslegard / NRK

Kona, Dina Voldnes, høyrer derimot aldri på noko når ho skal sova.

– Eg føretrekker å ha det stille og er nok ikkje så avhengig av å alltid skulle ha på lyd som mange andre på vår alder er.

Dei trur at særleg den yngre generasjonen er veldig vane med konstant stimuli i form av lyd.

– Eg kan for eksempel ikkje berre stå og tømme oppvaskmaskina. Det må vera noko lyd på, om det er serie, podkast eller musikk, seier Karoline.

Ver selektiv

Flo-Groeneboom fortel at musikk blant anna kan føre til lågare stressnivå og blir brukt som terapi for folk i alle aldrar med gode utfall også på søvn.

– Du kan godt bruke musikk på eiga hand også, men då kan det vera greitt å følge nokre spelereglar.

For det første bør du vera selektiv med kva du set på, seier ho.

– Det er ikkje all musikk som er egna til å sovne til. For eksempel kan eit album med aukande tempo eller volum verke oppvaknande. Dessutan bør du unngå å høyre på musikk som vekker sterke kjensler.

Søvnforskaren tipsar om å lage ei speleliste med songar ein synest er fine og rolege.

– Bruk gjerne musikken for å roe ned ein halvtimes tid før søvnen. Dersom du lar det stå på gjennom heile natta, kan det svekke søvnkvaliteten.

Avslutningsvis kjem ho med det velkjende rådet: gjer det til ein vane.

– Rutinar er bra for søvn. Lag eit kveldsritual som gir kroppen tilstrekkeleg tid til å slappe av, og inkorporer musikk på ein måte som er roande og konsekvent.

  • Må du høyre på noko for å få sova?

Publisert 14.08.2024, kl. 04.54

Read Entire Article