Pinnsvinfamilie har blitt så husvarme at dei kjem inn i huset på leit etter mat

2 hours ago 4



– Under her bur dei, seier Karoline Johnsen i Bodø og peiker under terrassen sin.

Familien i Bodø har nemleg blitt husvertar til ein litt annleis leigetakar: Fire pinnsvin.

Pinnsvina har til og med blitt så husvarme at dei kjem inn i huset på leit etter mat.

Dette er det yngste av dei fire pinnsvina som familien Johnsen i Bodø har under terrassen. Dette pinnsvinet blei fødd i vår.

– Når vi har terrassedøra ope og har gløymt å legge ut mat kjem dei inn og seier ifrå, seier Johnsen.

Pinnsvinekspert seier det er rett å gi pinnsvina mat, men at ein skal vere merksam på at dei kan kome med framande sjukdommar.

Pinnsvinungen vaks opp under terrassen

Pinnsvin finst naturleg berre i Sør-Noreg, og dyra er på raudlista over truga artar. Berre ett av fem pinnsvin overlever vinteren i Noreg, ifølgje Pinnsvinhjelpen.

Egentlig er det for tøft klima for pinnsvin så langt nord som Bodø. Dei som finst her er etterkommarar etter eksemplarar som ble utsett for 50 år sidan.

Et pinnsvin går i gresset

No har pinnsvinungen i hagen til Karoline Johnsen blitt stor nok til at ho trur han vil overleve vinteren.

Foto: Karoline Johnsen / privat

Men sidan familien i Bodø kjøpte huset for fire år sidan har pinnsvina vore der kvar sommar.

– Vi hadde tre i starten av året, men så har dei fått ein baby, så noko er det fire, seier Karoline Johnsen.

– Første gong vi såg pinnsvinungen var han like stor som ein hamster. No er han blitt ganske stor. Det er veldig gøy.

Karoline Johnsen har brunt hår og brune øyne. Hun smiler mot kamera. I bakgrunn synes grønne trær.

Karoline Johnsen synest det er fint å ha pinnsvin i hagen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Og det er også sjeldan. Det vesle dyret er ganske skjørt og det er få som overlever så langt nord. Difor har familien Johnsen passa godt på dei.

– Eg har sett meg litt inn i det no. Når ein først har dei, har eg blitt interessert, seier Johnsen.

Utsette for smitte

Så kva skal ein gjere?

Ein skal gjerne mate dei, men ikkje med mjølk, fortel Johansen. Pinnsvin er nemleg laktoseintolerante.

Kattemat eller mat til små hundar er derimot heilt supert. Og katten til familien har ikkje noko imot å dele:

Beate Strøm Johansen er forskar på grevling og pinnsvin. Ho seier det er fint å mate dei, men råder folk som vil mate pinnsvin til ikkje å leggje all maten på ein stad.

– Dei bæsjar oppi maten. Difor kan det bli fare for smittespreiing. Då er det er betre å spreie tørrfôret utover, seier ho.

Men forskaren er meir skeptisk til å la dyra komme inn i huset.

  • Reptilforsker Beate Strøm Johansen

    Beate Strøm Johansen

– Det er viktig å hugse at dei er ville dyr og dei kan spreie smitte, seier Johansen.

Pinnsvin er faktisk meir utsette for nokre typar parasitter og sjukdommar fordi dei er ei veldig gamal pattedyrgruppe.

– Dei har hatt lang tid på å utvikle seg og er no vandrande økosystem av parasittar og bakteriar som er tilpassa pinnsvin. Dei har eigne typar flott, lopper og soppsjukdommar.

Noko av dette kan smitte over til menneske, som til dømes soppsjukdommen ringorm. Forskaren råder derfor folk til å ta på pinnsvin med hanskar om dei må.

Kan trenge hjelp til dvalen

Pinnsvina til familien Johnsen har altså funne ut at terrassen er rett stad for dei å vere.

– Eg trur dei trivst der og er ganske sikker på at dei går i dvale under der også, seier Karoline.

Karoline Johnsen har brunt hår og brune øyne. Hun smiler mot kamera og holder døra til huset sitt åpen.

Karoline Johnsen i Bodø opnar gjerne huset sitt for folk, men ho ser helst at pinnsvina held seg i hagen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Er du redd for at dei går i dvale inne?

– No luftar eg ikkje så mykje lenger, så no trur eg ikkje det er så stor fare lenger.

Men også i førebuinga til å gå i dvale, er det ting familien Johnsen og andre kan gjere for å gjere livet lettare for sine piggete vener.

Forskar Johansen forklarar at pinnsvina nemleg lager bol av gras og lauv.

Der inne går dei dvale. Det set dei ned kroppstemperaturen med 30 grader, skrur ned hjartefrekvensen og pustar nesten ikkje. Hjartet slår berre kvart 20. minutt – akkurat som hos bjørnen.

Et kosedyr av et pinnsvin står i en stol i en stue med flere andre kosedyr.

Dottera i huset har blitt så glad i pinnsvin at ho har fått sitt heilt eigne pinnsvinkjeledyr. Det spørst om dette kosedyret får gå i dvale denne vinteren.

Foto: Sofie Rettestøl Olaisen / NRK

– Det er som ein slags stor ball som dei borer seg inn i for å lage eit holrom dei kan sove i.

Og det er kjempefint om dei får litt hjelp, seier eksperten.

– Dei kan trenge hjelp til å gå i dvale om vinteren. Du kan hjelpe dei med å lage bol. Det gjer du med å dytte gras, lauv eller høy inn dit dei bur. Ein kan gjerne mate dei og gi dei vatn heilt til dei går i dvale, seier Johansen.

Kom til Bodø med tannteknikkar

Men kvifor er det eigentleg pinnsvin i Bodø når dei eigentleg høyrer til i Sør-Noreg?

Biolog Jan Wasmuth fortel at pinnsvina eigentleg høyrer til langs kysten frå Agder til Oslo. Alle stader dei finst nord for dette er dei sat ut.

Jan Erling Wasmuth

Og nett i Bodø hamna dei på grunn av ein tannteknikkar.

– I byrjinga av 60-talet var det tannteknikkar Lie som fann ut at pinnsvin burde vere i Bodø, fortel Wasmuth.

Tannteknikaren fanga eit tjuetals pinnsvin og sat dei ut i Bodøsjøen i Bodø.

Pinnsvinforskar Johansen fortel at pinnsvin har blitt flytta rundt omkring i landet i eit par hundre år.

Planker og jord under en terrasse.

Under denne terrassen bur dei fire pinnsvina i hagen til familien Johansen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– I byrjinga var det fordi ein trudde dei kunne ete rottar. Folk kjøpte pinnsvin frå Austlandet, men oppdaga etter kvart at dei ikkje åt rotter.

Men biolog Wasmuth trur det er ein annan grunn til at dei vart sett ut i Bodø.

– Lie synest nok berre dei var trivelege og morosame.

Kattemat på en plen og litt terrasse som er gitt ut til et pinnsvin i Bodø.

Kattemat er god mat også for pinnsvin. Men dei gjer frå seg midt i matfatet, så forskar Beate Strøm Johansen råder folk å spreie det godt utover.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Likevel er pinnsvina i Bodø gjere bukt med andre skadedyr. Dei et brunsniglar.

– Med fire pinnsvin trur eg ikkje sniglane har det noko særleg triveleg her. Eg har aldri sett ein snigle i hagen, fortel Johnsen.

– Det er veldig kjekt. Slikt sett kan eg anbefale alle å ha pinnsvin i hagen.

Publisert 06.10.2024, kl. 19.16

Read Entire Article