Beiarmat, som produserer ost og kjøt av geit og kje frå eigne lokale garder, har no kome seg gjennom prosessen med å få Spesialitetsmerket.
Det har dei oppnådd med sine to ostar Geitsæter og Beiarværing. I går blei dei krona med heider og ære for å ha fullført arbeidet, opplyser Nordland fylkeskommune.
Merkeordninga blir utdelt av Norsk Mat og skal vise veg til det beste av lokalmat- og drikke i Noreg.
Ein uavhengig jury med høg matfagleg kompetanse avgjer kva produkt som kvalifiserer til ordninga.