Laurent (2) målar kunst verd millionar

1 month ago 19



Gjennom Instagram og eigen nettstad har Laurent frå Bayern i Tyskland allereie selt 32 måleri.

– Alle mødrer er jo stolte over det barna deira lagar, men eg såg at dette var noko spesielt, seier den vesle kunstnaren si mor, Lisa Schwarz, til Reuters.

Og toåringen lagar kunst fleire enn berre ei mor kan elske.

The Times of London skriv at nokon av måleria har ein verdi på 15.000 euro, altså bortimot 177.000 kroner, på den internasjonale marknaden.

Ifølge mora fekk dei bod på 270.000 euro – over 3,1 millionar kroner – på Laurent sitt første måleri.

Laurent Schwarz (2) sitt første maleri - "The Fingers". Akryl på lerret - 80 x 100 cm.

Ifølge Lisa Schwarz har de fått bod på 270.000 euro for dette måleriet. Dette er Laurent sitt første måleri «The Fingers».

Foto: Frå nettsida laurent.art

Dei valte å ikkje selje måleriet fordi det hadde for stor sentimental verdi.

– Det er hans første. Vi liker å ha den på veggen og Laurent er utruleg stolt over måleriet. Dette handlar ikkje om å tene pengar, seier Schwarz til The Times of London.

Avisa har omtala guten som «pint-sized Picasso», på norsk «halvliter-Picasso».

Det har vore vanskeleg å halde den unge målaren unna lerretet fortel foreldra.

Stor på Instagram

Etter at Laurent fekk auga opp for å måle i fjor haust, oppretta mora til kunstnaren ein eigen instagramkonto for han.

Ho fortel at ho først og fremst filma han for si eiga skuld.

– Eg syntest det var utruleg søtt med ein liten gut framfor lerretet.

Lisa Schwarz, Laurents sin mor har langt blondt hår og hvit trøye på seg.

Laurents sin mor, Lisa Schwarz, er overtydd om at dette er noko ekstraordinært.

Foto: Reuters

Mora blei raskt imponert av sonen sine val av fargar når han målar.

– Fargevalet er ekstraordinært. Det er ikkje normalt.

Fleire har latt seg begeistre av toåringen sine abstrakte måleri.

Instagramkontoen har no over 56.000 følgarar, og i tillegg har Laurent fått sin eigen nettstad for kunsten sin.

I september opnar den første utstillinga hans.

– Eit sosiale medium-fenomen

Det er veldig gøy å sjå barn med glede for kunst.

Det seier Cornelia Svedman. Ho er kunstrådgjevar, -ekspert, og -skribent.

– Picasso sa at eit kvart barn er ein kunstnar. Det vanskelege er å bli verande det også som vaksen.

Et bilde av et av maleriene til Laurent Schwarz. I maleriet ser man en rekke farger - gult, lyst blått og rosa.

Den 2 år gamle guten har over 56.000 følgjarar på Instagram.

Foto: Lisa Schwarz via Instagram / @LAURENTS.ART

Likevel er ikkje Svedman sikker på at måleria toåringen lagar kan bli kalla kunst.

Ho fortel at diskusjonen om kva som er kunst og kva som ikkje er det, er gamal.

Kva meiner du? Er Laurent sine måleri kunst?

– Eit måleri er ikkje automatisk kunst. Det må ligge ein kunnskap eller ei ferdigheit bak, og i tillegg er kunstnaren sin intensjon viktig for at noko skal vere kunst.

Svedman tenker ein toåring ikkje kan oppfylle krava til kva som kan kallast kunst.

– Eg tenker dette ikkje er noko kunstfenomen, men heller eit sosiale medium-fenomen.

Laurent Schwarz står foran to av maleriene sine på en vernissasje.

Svedman meiner at dette ikkje er kunst, men eit sosiale medium-fenomen. Biletet er frå ein kunstmesse Laurent stilte ut på.

Foto: Lisa Schwarz via Instagram / @LAURENTS.ART

– Heilt middelmåtig

Kunstnaren William Heimdal (21) er einig i at dette er eit sosiale medium-fenomen. Han synest ikkje dette er noko ekstraordinært.

Det ser jo berre ut som ein vanleg gut som utfoldar seg, og foreldre som er veldig kløktige med sosiale medium.

William Heimdal står foran et selvportrett. Han har mørkt hår. Rundt halsen har han et rødt skjerf.

William Heimdal (21) meiner at Laurent sine måleri er middelmåtige.

Foto: Johan Moen / NRK

Heimdal er medlem av Memorosa-gruppa, ein gjeng med klassisk figurative målarar som følgjer Odd Nedrums filosofi. Nerdrum sin son Øde Spildo Nerdrum er også med der.

– Dette er jo heilt middelmåtig.

Kan kallast kunst

Han seier likevel at det kan kallast kunst.

– Alt er vel på ein måte kunst, men her beveger det seg over til å vere reine verdipapir. Mykje kunst har ingen innhald, det er ikkje interessant på nokon plan.

Han seier at kunsten skal vise noko man ikkje kan seie med ord.

– For at man skal gjere det må man ta nokon ganske alvorlege djupdykk i eiga sjel. Det kan ikkje ein toåring gjere.

Pengar ikkje det same som kvalitet

Sjølv om toåringen får både likarklikk og tener pengar på måleria, betyr det ikkje at det er kunst, seier Svedman.

– Pris er aldri det same som ei kvalitetsvurdering, det er eit uttrykk for marknaden.

Om Laurent derimot kan bli ein kunstnar når han får nokre fleire år bak lerretet er ikkje Svedman sikker på.

– Det vil tida vise. Det er med kunst som med idretten og alt anna, det er ikkje alltid dei som er best som toåringar som blir dei beste til slutt.

Publisert 19.08.2024, kl. 11.10

Read Entire Article