Ankar frifinning i valdtektssak
Tobarnsmora seier ho vart livredd då mannen kom inn i toalettbåsen på utestaden. No ankar statsadvokaten til Høgsterett.
Det var i april 2024 at ei kvinne skal ha kome springande ned trappa på utestaden Rebel i Bergen.
Nede i baren fortalde ho søstera si at ho nettopp var blitt valdteken.
Ein mann ho tidlegare hadde snakka med i baren, hadde kome inn på toalettbåsen hennar og tvinga seg på henne.
Frikjend
I tingretten vart mannen i 20-åra dømd til fem års fengsel for valdtekta. Den dommen anka han.
Tidlegare i oktober vart alt snudd på hovudet. Ein samrøystes Gulating lagmannsrett frikjende mannen for valdtekta.
Dei meiner det ikkje er bevist at mannen oppnådde seksuell omgang med kvinna ved bruk av «vald eller trugande åtferd», slik straffelova krev.
Dette forklarte dei
Som i mange andre valdtektssaker, var det i stor grad forklaringane mellom dei to involverte som retten kunne ta utgangspunkt i.
Og kvinna og mannen, som kjende til kvarandre frå før, har forklart seg ulikt om kva som skjedde inne i båsen på unisex-toalettet på utestaden:
Mannen fortalde lagmannsretten at kvinna hadde sagt «Kom!» før ho gjekk opp trappa til toaletta. Inne i båsen meiner mannen at den seksuelle omgangen, først oralt og så vaginalt, skjedde frivillig.
Han vart også verande på utestaden etterpå, fram til han vart pågripen.
Kvinna, som er tobarnsmor, seier ho ville avslutta samtalen med mannen i baren ved å seie at ho måtte på do. Vel inne i båsen skulle ho snu seg for å lukke døra. Då stod plutseleg mannen der.
Ho seier ho spurde om ikkje det var andre toalett ledig. Då skal mannen ha svara «hald kjeft» eller «hald din kjeft».
Prøvde å late som
Ho fortalde retten at ho tidlegare har opplevd overgrep og at ho no var livredd.
Kvinna meinte det likevel var best å løyse situasjonen ved å setje seg ned og late som ho skulle tisse.
Då ho gjorde det, skal mannen ha tatt tak i nakken hennar og ført hovudet hennar mot underlivet sitt.
Ho fraus til og klarte ikkje gjere motstand, heller ikkje då mannen skal ha snudd ho rundt og haldt fram den seksuelle omgangen.
– Gjorde det mogleg
I dommen skriv lagmannsretten at sjølv om dei hadde funne bevis for at mannen oppførte seg trugande, kan ikkje dei sjå at det «føreligg årsaksamanheng mellom den påstått trugande åtferda og den seksuelle omgangen som deretter skjedde».
TV 2 vel å sitere lagmannsretten i sin heilskap i det vidare avsnittet:
«Fornærma sin respons på tiltalte si åtferd var ikkje å be han gå ut, eller å påkalla merksemd frå andre på toalettet».
«Ho sette seg ned og let som ho skulle tissa, og sette seg dermed i ein posisjon som gjorde den seksuelle omgangen mogleg, utan at dette var noko tiltalte hadde lagt opp til».
«Før dette skjedde hadde ho gjeve plass til tiltalte då han ville inn på båsen saman med ho», held lagmannsretten fram.
– Skjønte ikkje at ho fraus til
Lagmannsretten argumenterer vidare for at mannen kan sett sitt snitt til å «prøve seg» om han oppfatta at ho sa «Kom!» før ho gjekk opp på toalettet.
«At fornærma inne i båsen ikkje bad han gå, eller lagde noko oppstyr, men i staden sette seg ned med andletet vend mot han, kan han ha oppfatta slik at ho ikkje hadde noko imot at han «prøvde seg» og at han då gjekk vidare», argumenterer dommarane.
«Det kan såleis ikkje utelukkast at den seksuell omgangen skjedde utan at tiltalte hadde forsett om å skaffa seg denne ved vald eller trugande åtferd. Lagmannsretten legg ved denne vurderinga til grunn at det ikkje er haldepunkt for at tiltalte skjøna at fornærma gjekk i ein frystilstand», skriv dei.
Ankar til Høgsterett
No har statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes bestemt seg for å anke frifinninga. Men nålauget hjå Høgsterett er trongt.
– Vi ankar på lovanvendinga og saksbehandlingsfeil, seier Raanes.
– Ho er glad for at statsadvokaten har bestemt seg for å prøve å anke til Høgsterett, seier kvinna sin bistandsadvokat, Rolf Knudsen, til TV 2.
TV 2 har spurt om kva dei synest om argumentasjonen frå lagmannsretten, men dei ynskjer ikkje kommentere dette på noverande tidspunkt.
Mannen sin forsvarar, Erik Johan Mjelde, har tidlegare sagt til BT at klienten hans vart «enormt letta» for frifrinninga.
Han har førebels ikkje kommentert statsadvokaten si anke til TV 2.


















English (US) ·