La ut 12 år gammal jente for sal: – Eg skulle hjelpe ho å tene pengar, seier tiltalte

2 days ago 3



– Eg skulle hjelpe ho å tene nokre pengar, men eg visste ikkje kva pengane gjekk til.

Det seier mannen i 20-åra som la ei 12 år gammal jente ut for sal for seksuelle tenester på Snapchat. For dette er han tiltalt for grov menneskehandel og for å utnytte jenta til prostitusjon.

Tiltalte seier i retten at han ikkje kjem på om han visste alderen til jenta eller om han spurde om kor gammal ho var.

– Eg fekk vite det etter kvart, men eg hugsar ikkje når det var. Eg veit at det var gale.

Han er også tiltalt for gjentatte samleie med den 12 år gamle jenta over ein periode på to månadar. Ved eit tilfelle skal han ha betalt jenta for samleie.

Sidan jenta er under 14 år blir også frivillige samleie rekna som valdtekt.

I retten kjem det fram at tiltalte sjølv har vore utsett for eit overgrep over nett i barndommen.

Statsadvokat Per Morten Schjetne

Statsadvokat Per Morten Schjetne er aktor i rettssaka mot mannen i 20-åra.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Erkjenner straffskuld overfor sju av åtte mindreårige

Mannen i 20-åra er tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med totalt seks mindreårige jenter. Han er også tiltalt for forsøk på seksuell omgang mot ei jente på 13 år og for å forsøke å utnytte 12-åringen og ei anna jente til prostitusjon. I tillegg er han tiltalt for å ha betalt tre av jentene for å ha samleie med dei.

I retten seier tiltalte at han ikkje visste kor gammal dei mindreårige jentene var.

Bryr du deg om kor gammal jentene er?, spør aktor Per Morten Schjetne.

– Ja, svarar tiltalte, men seier at han ikkje kan kome på eit eksempel på korleis han har brydd seg om alder.

I eit tilrettelagd avhøyr hos politiet forklarte ei av dei fornærma jentene at ho og tiltale snakka om at ho berre var 15 år.

– Då sa han til meg «Ja, men eg er ganske god til å prate meg utan problem med politiet», forklarte jenta i avhøyret som blei spelt av i retten.

Tiltalte har erkjent å ha hatt samleie med den 15 år gamle jenta ved fleire anledningar.

– Det var forferdeleg. Fordi han er ein vaksen mann, sa ho i avhøyret.

Det var ho som varsla politiet om at tiltalte betalte veninna hennar, den 12 år gamle jenta, for å ha samleie med ho.

Ein gong skal tiltale ha veksla mellom dei to veninnene under same seksuelle omgang.

20-åringen erkjenner straffskuld overfor sju av dei totalt åtte jentene. Han erkjenner ikkje straffskuld for den 13 år gamle jenta som han skal ha forsøkt å oppnå seksuell omgang med.

La ut 12-åring for sal på Snapchat

Tiltalte skal ha oppretta ein konto på Snapchat der han la 12-åringen ut for sal. Det skal ha vore ein relasjon mellom dei to og ifølge tiltalen utnytta tiltalte følelsane 12-åringen hadde for han i prostitusjonen av ho. Han skal også ha utnytta hennar unge alder, sårbarheit og behov for pengar.

På Snapchat delte tiltalte seksualiserte bilete av 12-åringen som ho tidlegare hadde sendt til han.

Bileta var ein del av ei annonse der 12-åringen fekk eit anna namn og ein alder på 16 år.

Saman med bileta la tiltalte ut ei prisliste frå 500 til 8000 kroner for ulike seksuelle tenester jenta kunne tilby.

For dette er 20-åringen tiltalt for å utnytte den 12 år gamle jenta til prostitusjon og forsøk på grov menneskehandel.

Ifølge tiltalen var det 20-åringen som bestemte kva seksuelle tenester ho skulle tilby og kva det skulle koste. Men det er ikkje tiltalte einig i.

– Det var oss begge som bestemte prisen, seier tiltalte i retten.

Ifølge tiltalen skulle han få halvparten av beløpet som blei avtalt.

I ei melding på Snapchat skreiv tiltalte til 12-åringen «Du tener 7k på to timar, det er jævla nice».

Det blei avtalt eit møte mellom 12-åringen og ein kjøpar av seksuelle tenester frå ho, men dette skjedde aldri. For like før varsla veninna, som også er fornærma i saka, politiet.

Rettssal 206 i Trøndelag tingrett.

Rettssaka går for lukka dører i Trøndelag tingrett frå 21. til 28. november, men med tilgang for pressa.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Såg moglegheita til å tene nokre små kroner

20-åringen er også tiltalt for å ha fremma prostitusjon av ei 15 år gammal jente på same konto på Snapchat. Men i dette tilfellet skal tiltalte og fornærma ha vore einige om at annonsen skulle leggast ut.

– Eg fekk vite av ho at ho selde bilete, video og seksuelle tenester. Då blei det snakk om å annonsere bilete av ho og altså fremje hennar prostitusjon, seier 20-åringen.

Tiltalte forklarar at han fekk kontakt med jenta over sosiale medium

– 15-åringen bur ein annan stad i landet. Kvifor skulle du legge ut denne annonsen?, spør aktor.

– Eg såg vel mogelegheita til å tene nokre små kroner, svarar tiltalte.

Tiltalte fortel i retten at han frå tidleg alder flytta for seg sjølv og kjøpte seksuelle tenester fordi han var einsam.

Fleire saker lagt bort

Tiltalte hadde hatt seksuell relasjon med fleire jenter under seksuell lågalder.

Det seier aktor i saka, statsadvokat Per Morten Schjetne.

For 20-åringen hadde status som sikta i totalt 30 saker, men fleire av sakene er lagt bort med påtaleunnlating.

Fleire av jentene frå påtaleunnlatinga har blitt avhøyrd av politiet, noko som førte til at politiet avdekka fleire av dei straffbare forholda som er ein del av tiltalen.

Publisert 21.11.2024, kl. 16.06 Oppdatert 21.11.2024, kl. 16.07

Read Entire Article