Kvinne fann 20 år gamle dagbøker. Då gjekk ho til politiet

3 weeks ago 16



 Totalt fem menn er dømde for seksuell omgang med barn under 16 år i det spesielle komplekset. Illustrasjonsfoto..
DØMDE: Totalt fem menn er dømde for seksuell omgang med barn under 16 år i det spesielle komplekset. Illustrasjonsfoto.. Foto: Frode Hoff / TV 2

Publisert 19.09.2024 19:26

I 2022 skulle ei kvinne i 30-åra hjelpe mora si med å flytte. 

Hjå mora fann kvinna att dagbøkene ho skreiv då ho gjekk på ungdomsskule i ei bygd i Sogn i starten av 2000-åra.

No er totalt fem menn dømde for det som dukka opp i dei nær 20 år gamle dagbøkene hennar.

Noterte ned seksuell omgang

I dagbøkene hadde nemleg kvinna gjort fleire notat om seksuell omgang i ung alder, i tida før ho fylde 16 år.

Kvinna tok kontakt med eit Nok.-senter, som tilbyr rådgjeving for dei som har opplevd noko uønskt knytt til seksualitet. 

Ho blei råda til å kontakte bistandsadvokat og politi.

No, to år seinare, har etterforskinga til politiet i Sogn ført fram til domfelling i totalt fem saker om seksuell omgang med barn under 16 år, paragraf 196 i den gamle straffelova. 

Nokon tilstod, andre nekta

To av mennene har tidlegare i år godteke tilståingsdom for å ha hatt seksuell omgang med kvinna rundt 20 år tilbake i tid.

Torsdag kom også dommen frå Sogn og Fjordane tingrett mot dei tre siste mennene i sakskomplekset. 

Dei er alle i 40- og 50-åra. To av dei nektar for å ha hatt seksuell omgang med kvinna, medan den tredje ikkje hugsar.

Ein av mennene som nektar for å ha hatt sex med fornærma, var heile 16 år eldre enn kvinna på gjerningstidspunkta i 2004.

Dommen er likevel 90 dagar fengsel på vilkår for alle tre. Dei må også betale kvinna 50.000 kroner kvar.

– Det må i formildande retning leggast vekt på at det i dag har gått lang tid, nærare 20 år, sidan brotsverka fann stad, skriv dommarane.

Dagboka heilt sentral

Innføringane i dagbøkene er heilt sentrale og «tidsnære bevis» i saka. Dei inneheld notat om kva kvinna skulle gjere ein dag, kva ho hadde gjort, kven ho var forelska i og kva ho tenkte og følte om ting.

Og så har ho skrive ned meir detaljert om kven ho har hatt sex med, kvar og når det skjedde. Til retten har kvinna fortald om psykiske helseplager og kontakt med traumepsykolog allereie i 2005.

Retten har vurdert om det kan vere slik at kvinna har ført inn opplysningar i dagbøkene i ettertid.

«Både omsynet til slit og elde, måten bøkene er brukt på, og dessutan tekstane sitt innhald, taler mot forsvaret sin påstand om at fornærma har fabrikkert bevis», argumenterer tingretten.

Dei legg til at relevante opplysningar i dagboka blir underbygd av journalar frå helsesøster og vitneforklaringar og ser vekk frå at det er «snakk om falske minner».

Fleire forhold i etterforskinga er likevel lagt vekk av politiet. Både fordi det blei bevist at ting skjedde etter at ho var fylt 16 år, eller at mistenkte hadde gått bort.

Read Entire Article