Kva betyr det å «vera glad i» naturen?

2 hours ago 1



Er det å vera glad i naturen synonymt med å ta vare på han?

Bjarte Hestdalen og Bjarte Hestdalen i La villreinen leva! Ei landsomfattande foreining stifta i 2024 for å ta vare på villreinfjella. Foto: Torgeir Wittersø Skancke og Benedikte Skarvik

Ein vanleg påstand frå Den Norske Turistforening og andre friluftsaktørar er at ein må bli glad i naturen for å vilja ta vare på han. Det høyrest tilforlateleg ut. Men kvifor har me da ei naturkrise? Er ikkje dei fleste av oss ganske glade i naturen?

Me byggjer vel ikkje ned og trakkar ned naturen fordi me misliker han? Me gjer det fordi me meiner det løner seg, i kroner, komfort og fart. Me øydelegg naturområde for å koma raskare fram, for å ha større plass, for å gjera livet vårt litt enklare. Me byggjer ned natur, fordi samfunnet vårt seier det er logisk og nødvendig – ja, samfunnsøkonomisk smart. Ofte trur me på næringslivet sitt narrativ: At det me øydelegg, ikkje er meir enn me kan akseptere.

Har villreinen i Setesdalsheiene ei framtid?

Åpen

Dei fysiske omgjevnadene pregar oss alle. Å ta vare på miljø, er òg å ta vare på folk. Derfor er det rart at me øydelegg så mykje, så raskt. Øydelegginga heng saman med ei lausriving frå staden, at me blir rotlause og manglar kunnskap.

Frilufts- og reiselivsaktørar profilerer og profitterer på naturverdiar og allemannsretten. Under Arendalsveka innrømte Norsk Friluftsliv at den auka interessa for friluftsliv og naturbasert reiseliv fører til massiv belastning på sårbare naturområde. Trass innrømminga ynskjer ikkje Norsk Friluftsliv harde tiltak eller avgrensingar, «diskusjonen bør heller begynne med hvordan vi kan nå ut med nødvendig informasjon,» uttala generalsekretær Bente Lier. Meir informasjon høyrest alltid fint ut, men det snur neppe naturtapet.

DNT uttalar ofte: «Mennesker som opplever urørt natur, blir glad i den. Og det vi er glade i, det tar vi vare på» (sitert frå GD, 04.02.25). Problemet er at utsegna brukt til å legitimere eit overflatisk friluftsliv.

Det reddar ikkje naturmangfaldet at turgåarar strenar gjennom terrenget, tek selfies med vakre fjell som kulisse og postar på Instagram. One night stands med naturen reddar ikkje villreinen. Tvert om. Denne sommaren sitt rekordstore besøk ved DNT-hytter er ikkje ein siger for naturen. Den er eit tap. Høgfjellet toler ikkje å gå viralt.

Agders ansvar for villreinen

Friluftslivet erobrar villreinfjella i akselererande fart. Dei tradisjonsbundne fjellfolka forsvinn. Den tause kunnskapen om varsam bruk renn ut som smeltevatn om våren. Når me alle mistar den naturlege dimensjonen, mistar me òg forståinga av kva me er ein del av. Held dagens friluftspolitikk fram, vil neste generasjon berre kjenne fjella som ein kulisse, utan å ane kva dei som lever der faktisk treng for å halde livet oppe.

Manglande naturglede er ikkje problemet, meiner me. Problemet er mangel på respekt og audmjukheit. Forbruket vårt er eit brot med den tradisjonelle bindinga til naturen og behovet for harmoni, forståing og respekt for alt liv. Natursynet vårt er i ferd med å bli moralsk forderva.

Kva om me hadde ei større frykt for naturen? Kva om me var opne for at me er småe i ein enorm natur som me ikkje fullt ut kan forstå og som me ikkje har rett til å stille oss over. Kva om me var redde for at naturen vil hemne seg når me ikkje oppfører oss godt? Kva om me takka naturen for alt me får?

Mener vill­rein blir altfor hardt rammet av nye kraft­pla­ner

Kva om naturen er heilag?

«Å vera glad i» kjennest for svakt. Me er ikkje berre glade i naturen, me er da fullstendig avhengige av han. I boka Det går til helvete. Eller? definerer Knut Ivar Bjørlykhaug og Arne Johan Vetlesen kjærleik til naturen som ei omsorg og ei oppmerksamheit, ei sjølvforgløyming der ein gjev seg over til noko større enn seg sjølv.

Mange opplever natur som ei kjelde til trøyst og meining. Men kva skjer når me endrar naturen så mykje at han ikkje lenger er til å stole på, undrar Bjørlykhaug og Vetlesen, kva skjer når naturen faktisk blir sjølve årsaka til at me fortvilar og sørgjer?

Økologisk sorg, natursorg, er noko fleire og fleire kjenner på. Når nærskogen din blir hogd ned, når hyttefelt et seg inn i solhellinga, når turistar drit framfor vedskålen din, når eit fjell sprengjast bort for ein motorveg, når kraftindustrien valdtek nye område, når villaksen blir utradert, når det regnar i påska, når villreinkalvar døyr av fotråte fordi dei ikkje kan bevege seg over store nok område, når naturen må tilretteleggjast for ikkje å slitast ned.

Korleis gå frå følelsar til handling? Det er vanskeleg å kritisere samfunnet og systema me sjølve er ein del av. Men me må. Å vera glad i naturen er ikkje nok til å snu utviklinga.

Gjennom å samarbeide og å bruke følelsar som sorg og indignasjon konstruktivt, kan me yte motstand. Meld deg inn i ein naturvernorganisasjon. Stem på eit parti som vil stoppe naturtapet. Ver utolmodig og snakk om frustrasjonen din. Høgt og ofte.

For naturen reddar ein ikkje åleine.

Bjarte Hestdalen Foto: Torgeir Wittersø Skancke

Guri Sørumgård Botheim Foto: Benedikte Skarvik
Read Entire Article