Kuala Lumpur: Kvinne sakna ei veke etter at ho fall ned gjennom hol i fortauet

1 month ago 22



Indiske Vijaya Lakshmi Gali var på ferie i Malaysia saman med familie og venner. 23. august, rundt klokka 8.20, var ho tur gjennom gata Jalan Masjid India i hovudstaden Kuala Lumpur. Målet var eit tempel i nærleiken.

Brått gav fortauet etter under henne. Dei andre som var der, greidde å komme seg unna i tide. Men Gali forsvann ned i djupet.

Ein stor redningsaksjon blei sett i gang. I over ei veke har til saman 110 redningsarbeidarar jobba natt og dag for å prøve å finne henne, ifølgje BBC. Førebels utan resultat.

Det einaste sporet dei har funne, er eit par sko.

Malaysia Sinkhole

Mannskap og maskinar har vore i arbeid døgnet rundt sidan kvinna fall ned gjennom fortauet for vel ei veke sidan.

Foto: Vincent Thian / AP

For risikabelt å bruke dykkarar

Før helga tok to dykkarar seg ned via kloakk- og vassleidningsnettet. Dei måtte kjempe mot store vassmengder og mykje kloakk.

No meiner redningsleiinga at det er for risikabelt på halde fram med å sende ned dykkarar.

– Det var ekstremt vanskeleg å ta seg fram der nede. Det var svært trongt, dårleg sikt og mange harde blokker med stivna avfall som vi ikkje greidde å komme forbi, sa sjefen for brann- og redningstenesta, Nor Hisham Mohammad til reporterar fredag.

Dykkarar: – Du vil ikkje tru kva som er der nede

Gravemaskinar har grave opp heile området rundt holet i fortauet. Redningsmannskapa har brukt hundar, kamera og radar. Og altså sendt ned folk gjennom nettverket av røyr under overflata.

– Det var verkeleg skummelt å gå ned gjennom kloakkrøyra, men det er vår plikt å gjere det, sa brannmannen Alimaddia Bukri til avisa Simar Harian tidlegare i veka.

– Det er beksvart i det røyret. Du vil ikkje tru kva som er der nede. Det er fullt av menneskeleg avfall og anna søppel, sa ein annan dykkar til The Straits Times onsdag.

Malaysia Sinkhole

Redningsfolk tar seg ned i det åtte meter djupe holet som opna seg i fortauet i Kuala Lumpur.

Foto: Fire and Rescue Department of Malaysia / AP

Krev svar

For nokre dagar sidan blei det oppdaga eit nytt hol i fortauet, berre 50 meter frå det første.

Det er vanlegvis mange turistar i denne delen av Kuala Lumpur. Men den siste veka har det vore langt rolegare enn vanleg. Butikkane melder om nedgang i omsetninga på mellom 50 og 70 prosent. Nokre forretningar vurderer å stengje.

Malaysia Sinkhole

Dei første redningsmannskapa var raskt på plass etter at kvinna hadde falle ned gjennom dette holet i fortauet 23. august.

Foto: Fire and Rescue Department of Malaysia / AP

Hendinga har utløyst både frykt og sinne i Malaysia. Ikkje minst blant dei som bur og arbeider i området. Dei krev svar om kva som er årsaka til det som skjedde.

– Når eg er inne i bygningen, kjenner eg meg trygg. Men når eg er utanfor, er eg redd, eg ser ned på bakken i frykt, seier Noor, ei tobarnsmor som har hatt arbeidsplassen sin her i rundt ti år.

– Eg veit ikkje kor mange gonger eg har gått på akkurat denne staden. Om morgonen sit eg gjerne på den benken som står der mens eg ventar på at butikken skal opne, seier Noor til CNA si nettavis.

Styresmaktene lovar å granske hendinga, for å prøve å finne svar. Ordføraren i Kuala Lumpur, Maimunah Mohamad Sharif seier at det skal gjennomførast ein inspeksjon av kloakksystemet i området for å få eit betre bilete av tilstanden under gateplan.

Sjølv om redningsleiinga meiner det er for risikabelt å sende ned dykkarar, er det ingen planar om å innstille redningsaksjonen.

Rådhuset i Kuala Lumpur har også avlyst arrangementet kvelden før nasjonaldagen søndag, av respekt for familien.

Publisert 01.09.2024, kl. 20.45

Read Entire Article