Krisa til Moskenes kan koste norske kommunar milliardar

1 week ago 14



Lille Moskenes kommune i Lofoten er kjend for sitt idylliske landskap og spektakulære fjell.

Men under overflata skjuler det seg store problem.

Kommunen på under 1000 innbyggarar har lite fagfolk og ressursar, har mangla ordførar, og har ein høg andel ungdom som står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring.

I tillegg har dei hatt elendig økonomi i årevis.

Dei har vore på ROBEK-lista i 12 år, og tidlegare i år trua dei med å slå seg sjølve «konkurs» om dei ikkje får hjelp.

Dei har eit samla underskot på rundt 120 millionar kroner.

Og økonomien til kommunen kan i verste fall øydelegge for andre kommunar i Noreg med å gjere gjelda deira dyrare.

Iallfall om vi skal tru KLP og kredittanalysesjef Thomas Eitzen i SEB.

Slår sprekker i forventninga

Eitzen forklarar dette med at finansmarknaden trur norske kommunar er garantert av staten, men det er ikkje heilt sant, ifølge han.

– Mange norske kommunar har ganske dårleg økonomi, men når ein lånar dei pengar så tenkjer finansmarknaden at det går bra fordi den norske staten støttar dei om det trengst.

Eitzen trur at situasjonen til Moskenes kommune kjem til å bli løyst, men om det skulle vise seg at ein lar Moskenes få betalingsinnstilling, eller gå kommunalt «konkurs», vil heile forventninga om at staten hjelper norske kommunar kunne slå sprekkar.

– Om dei får lov å vedta betalingsinnstilling, så har ein sagt at norske kommunar ikkje er like kredittverdige som dei var før. Fordi staten kjem ikkje å hjelper.

Og då vil finansmarknaden krevje høgare renter på låna til kommunane.

– Det er utfordringa.

Thomas Eitzen i SEB i Oslo.

Kredittanalysesjef Thomas Eitzen i SEB.

Foto: Lise Åserud / NTB

Påverkar den kommunale lånemarknaden

Dette er også KLP Bank bekymra for. Dei har til og med sendt eit brev til distrikts og kommunal- og finansdepartementet.

– Det vi er bekymra for er at det skal spreie seg usikkerheit blant dei som finansierer kommunane om at det er høgare kredittrisiko i den kommunale marknaden enn det ein legg til grunn. Vi er bekymra for at rentene, eller kredittpåslaga som det heiter, skal auke. Altså at ein får ei høgare rente hos kommunane.

Det seier Carl Steinar Lous, direktør for offentleg marknad i KLP Bank.

Carl Steinar Lous

Carl Steinar Lous, direktør for offentleg marknad i KLP Bank.

Foto: klp.no

I brevet til departementa skriv dei at norske kommunar har til saman ei lånegjeld i overkant av 700 milliardar kroner. Ei auke i kredittmarginen på til dømes 0,5 prosent poeng vil gi auka årleg rentekostnad for kommunal sektor på 3,5 milliardar kroner.

Lous seier at dei ikkje trur dette kjem til å skje, men sende brevet for å vere føre var.

– Vi er ikkje bekymra for vår del at vi skal tape noko pengar på det, men det er at marknaden på sikt skal bli prega av det.

– Er ikkje bra

Dei fleste kommunar har lån i Kommunalbanken eller KLP Bank, men nokon har også lån i verdipapirmarknaden, som obligasjonar og sertifikatlån.

Ifølge Lous har rundt 160 norske kommunar lån her, blant andre Trondheim.

Det er denne marknaden KLP Bank spesielt er bekymra for.

Om det skulle breie seg ei oppfatning i marknaden om at kredittrisikoen til norske kommunar ikkje er låg likevel, vil dette påverke både bankane og verdipapirmarknaden. Som igjen vil føre til at kommunane vil få høgare renter. Dette vil få stor innverknad på finansieringskostnaden til kommunane, står det i brevet.

Lous seier at dette ikkje er bra for samfunnet.

Det er ikkje bra samfunnsmessig at kommunane får høgare finansieringskostnad. Det er veldig ugunstig. Då går det utover eventuelt andre ting som kommunar bør bruke pengar på.

Ønskjer at dei ryddar opp sjølv

Ein kan då tenkje seg at løysinga på problemet er at staten berre betalar ned gjelda til Moskenes. På den måten går det ikkje utover resten av Kommune-Noreg. Eller?

Det er ikkje så enkelt, ifølge Eitzen.

– Staten har eit ønskje om at kommunane ryddar opp sjølve.

Han seier at om staten berre betalar ned gjelda til Moskenes så kan det gi eit inntrykk av at dei 356 andre kommunane i landet berre kan gjere som dei vil og staten betalar for det.

– Staten må balansere behovet for å hjelpe Moskenes mot at andre kommunar samtidig får ei truverdig melding om at dei ikkje kan seie frå seg ansvar sitt for gjelda.

Eva Harr Galleri i Reine

Moskenes kommune har eit samla underskot på 120 millionar kroner.

Foto: Benjamin Fredriksen / Benjamin Fredriksen / NRK

Statssekretær i departementet, Ole Gustav Narud (Sp) har tidlegare uttalt at det ikkje er aktuelt at Moskenes får vedta betalingsinnstilling.

– Ikkje så lenge Moskenes har midlar til å betale. Kommunen har kassakreditt og er derfor i stand til å betale, sa han til NRK.

Publisert 26.04.2024, kl. 23.38

Read Entire Article