Sverige kuttar renta

1 week ago 13



Det var knytt stor spenning til renteavgjerda frå den svenske sentralbanken, men eit stort fleirtal av økonomane både NRK og svenske medium har snakka med, var samde om at det var kutt som låg i korta onsdag.

Det er over åtte år sidan Riksbanken sette ned renta sist.

Korleis kan det ha seg at svenskane kan setje ned renta før Noreg? Kort samanfatta er det fordi det går dårlegare i den svenske økonomien:

  • Den underliggande prisveksten i Sverige, som er det sentralbankane ser på, var på 2,2 prosent i mars. I Noreg kom den inn på 4,5 prosent. Sentralbankane ønskjer at prisveksten skal vere kring 2 prosent.
  • Fleire er arbeidslause i Sverige enn i Noreg. Arbeidsløysa i Sverige er på meir enn 8,3 prosent, medan den i Noreg ligg på rundt 3,9 prosent, ifølgje tal frå statistikkbyråa.
  • Sjølv om det er ganske flat utvikling i norsk økonomi (bruttonasjonalprodukt), er det enda lågare aktivitet i den svenske økonomien
  • Dei svenske fagforeiningane gjekk i fjor med på eit lønnsoppgjer som gav dei svekka kjøpekraft. Det svenske frontfaget gjekk med på ein toårig avtale, med på ein lønnsvekst på 4,1 prosent i fjor og 3,3 prosent i år. Til samanlikning landa frontfaget i Noreg i år på 5,2 prosent.

Publisert 08.05.2024, kl. 09.30 Oppdatert 08.05.2024, kl. 09.35

Read Entire Article