«Wan Tam», sa dama og strakte ut handa for å gje meg ei helsing med knoken.
– Me er ikkje redde, la ho til då knokane våre trefte kvarandre.
Ansiktet hennar var alvorleg, men bestemt.
Akkurat då visste ikkje eg at folka rundt meg nettopp hadde fått opprørande nyheiter.
Eit land og ein generasjon i protest
Eg og sambuaren hadde oss ei frihelg. Me hadde kome tøffande opp frå Nairobi, med tog til Nanyuki.
Langs den gamle jernbanen frå kolonitida hadde det gått i sniglefart til denne vesle byen ved foten av Mount Kenya.
Frå togturen frå Nairobi til Nanyuki.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKOg både i Nanyuki og resten av Kenya har det vore nokre spesielle veker. To gonger på kort tid har landets unge vore ute i gatene, med landsdekkande demonstrasjonar.
Dei dagane er spesielle. Nokre gater heilt tomme, medan andre er fulle av rasande folk som går i flokk og roper «Wan Tam» for full hals.
Det tok meg litt tid å forstå kva «wan tam» betyr, men det er ein slags ekstra kenyansk uttale av dei engelske orda «one term» – altså «ein presidentperiode».
«Wan tam» er årets slagord for Kenyas unge. I fjor ropte dei «Ruto must go» – ein klar beskjed til president William Ruto. Men demonstrantane har nok innsett det same som oss andre: President Ruto kjem aldri til å gje frå seg presidentjobben og den enorme rikdommen som følger med.
Under demonstrasjonane 25. juni brukte demonstrantar flamme til å barrikadere.
Foto: AFPSå no er altså håpet at det berre blir «wan tam» på den upopulære presidenten.
Men om dei mange, sinte demonstrantane vil oppnå noko betring er eg stadig meir usikker på.
Diktator er betre enn krig
Tidlegare har eg fleire gonger lurt på kvifor ikkje afrikanarar gjer meir for å bli kvitt sine dårlege leiarar. Eg trur tanken har slått mange nordmenn.
Det skulle ta fem år under Afrikas sol før det sakte gjekk opp for meg kor norsk akkurat den tanken er.
For i Kenya kan det å utfordre makta i verste fall vere noko av det siste du gjer. Og om du ikkje vinn fram har du skaffa deg mektige fiendar som kan gjere livet verre enn det var.
Mange afrikanarar kan også føretrekkje ein autoritær leiar, fordi dei har levd gjennom verre alternativ.
Rwanda og Uganda er gode døme. Der herja krigen før diktatorane Kagame og Museveni tok makta. Og ein diktator er betre enn krig, tenker mange av dei eldre som framleis hugsar meir enn 30 år tilbake.
Men dei unge tenker gjerne annleis, og «dei unge» er ei svær gruppe i dei fleste afrikanske land.
Den kvelden eg kom til Nanyuki svirra rykta i byen. Ei ung lokal kvinne var død etter å ha blitt banka opp av politiet. Ho skal ha blitt frakta frå eit fengsel til eit sjukehus, der ho seinare døydde.
Den unge kvinna hadde blitt arrestert under demonstrasjonane nokon dagar i førevegen.
Detaljane kjenner me ikkje, men for kenyanarane passa historia rett inn i mønsteret dei har sett det siste året: Fredelege demonstrantar kan bli brutalt stansa av politiet. Mange blir skadde, nokre få må bøte med livet.
I Kenya er dei med makt lite endringsvillige. Politisk makt er ein garantert veg til enorm rikdom, og difor er også politikarane villige til å gå langt for å stanse motstand.
Slår ned på dei fattigaste
Eg fekk sjølv oppleve korleis nokre mektige kenyanarar tek i bruk ulovlege middel for å slå ned på kritikk og motstand.
Eg skulle dekke noko så uskyldig som ein pressekonferanse der organisasjonen «Kenyan Mothers» hadde ein enkel bodskap: At politivalden mot unge demonstrantar må ta slutt.
Eg hadde så vidt kome innanfor porten når eg høyrer knuffing i portdøra eg nettopp hadde gått inn. Og situasjonen eskalerer raskt. Eg ser ei stor gruppe unge menn rett utanfor, og det er tydeleg at dei kjem til å vinne slåstkampen med dei to vaktene.
Eg spring rett venstre, inn på parkeringsplassen og gøymer meg bak nokre bilar.
På huk bak den bortaste bilen kjenner eg hjartet slå, medan redsel og skrik breier seg rundt på tomta. Ein gjeng unge menn med stokkar er på full fart mot mødrene som skulle halde pressekonferanse.
Ein pressekonferanse der mødre oppmoda om å få slutt på valden mot borna sine i Kenya vart storma av det som truleg er innleigde kriminelle gjengar.
Mennene med stokkar skada ingen. Dei stal nokre PC-ar, men var nok mest ute for å skremme. Me får aldri vite kven som hadde sendt denne gjengen, men det er ein velkjent taktikk frå mektige politikarar at dei betaler kriminelle grupper for å utføre ulike oppdrag.
Mannfolka som tek slike oppdrag høyrer heime i Nairobis slumområde, og dei er blant landets aller fattigaste. Dei er gjerne brør eller vener til ungdommane i gata. Og dei er nok også einige med demonstrantane som krev ei endring. Men samtidig tenar dei pengar på å utøve vald for mektige personar.
Dei rike har altså skapt eit system der dei rekrutterer væpna støtte blant landets fattigaste når det trengst å slå ned på opprør blant landets fattige. Og det skjer på ein måte som fører til at sjølv ikkje dei som utfører oppdraget veit kven dei jobbar for.
Og det var mest sannsynleg det som hadde skjedd då denne pressekonferansen vart øydelagd.
Målet var å skremme, men samtidig gjer dei saka også verre for seg sjølve. For, som dama i Nanyuki sa: Kenyanarane har bestemt seg for å ikkje vere redde.
Historiene om vald mot demonstrantar er etter kvart mange. Eg møtte nyleg ein ung mann som vart skoten i foten, og ein annan som var sakna i ein heil månad etter at politiet arresterte han. Han vart sett fri igjen etter å ha vore innestengd i ei mørk fengselscelle, naken og med lite mat og drikke.
Det kostar altså å kritisere makta i Kenya. Samtidig er Kenya eit av dei betre landa i nabolaget. I Uganda og Tanzania førebur dei no val, og historiene om valdsbruk er endå heftigare der.
I Sudan klarte demonstrantar å velte ein diktator, men militære leiarar tviheld på makta og rikdommen, og har kasta landet inn i ein borgarkrig.
Også i Libya og Egypt gjekk folk ut i gatene og ropte på endring. Det er verre no enn det var før.
Framgang gjev håp
Akkurat no er eg i Sør-Afrika, eit land som har mange korrupsjonshistorier og veksande forskjellar blant folk. Samtidig vil andre seie at det var langt verre under apartheid, då landets kvite hadde all makt og pengar.
Også Kenya er eit land som slit med sitt, men kor mykje også er blitt betre. For landet var eit diktatur fram til 90-talet, med låg ytrings- og pressefridom. Slik sett er det betre no.
Og akkurat det er kanskje trøysta oppi det heile: At det faktisk vert skapt endring om ein ser det med eit langsiktige perspektiv. For dei verkeleg store og djuptgåande samfunnsendringane vert tekne med små skritt gjennom fleire tiår.
Det er håpet om ei friare framtid som er motivasjonen for mange unge kenyanarar som protesterer i gatene. Her frå «saba saba» som betyr sju sju, som står for dei årlege protestane 7. juli.
Foto: Brian Inganga / AP / NTBOm to år skal Kenya på ny gå til val. Akkurat no klarer eg ikkje å sjå nokon annan utveg enn at det blir eit veldig valdeleg val. President Ruto verkar til å ha altfor lite kontakt med vanlege kenyanarar til at han forstår at dei verkeleg meiner alvor når dei seier «Wan Tam».
Og er det ein ting som verkeleg bør uroe Ruto og hans vener, så er det at mange av landets unge for alvor har bestemt seg: Same kva som vert kasta på dei, så skal ikkje redselen få vinne.
Publisert 28.07.2025, kl. 21.01