KrF snur om generell væpning av politiet – går mot historisk fleirtal

2 weeks ago 14



Vanlegvis er ikkje våpen ein del av politiet si uniform i Noreg. Men dei siste åra har vi sett det oftare.

Frp har tidlegare vore åleine om å ville innføre fast væpning av politiet, men no ser det ut til at fleire parti stiller seg bak forslaget.

Partileiar i KrF, Dag Inge Ulstein, seier dei går inn for væpning og kan med det avgjere saka i Stortinget.

Landsstyret lyttar til politiet, og politiet sjølv er veldig tydelege på dei behova som er der. Landsstyret landa på å opne for generell væpning.

Bevæpnet politi

Sjølv om politiet i dag ikkje får bere våpen fast, har dette blitt vanlegare å sjå.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Sikrar fleirtal

Om våren har dei politiske partia landsmøte, der dei bestemmer seg for kva som skal vere partiet sin politikk i tida framover. Spørsmålet om væpning av politiet er sentralt i år.

Frp har lenge ønska at Stortinget skal gå inn for dette. Men dei har stått åleine.

I fjor snudde Høgre sin dåverande justispolitiske talsperson Sveinung Stensland frå nei til ja. No har han fått med seg resten av partiet.

Senterpartiet sitt sentralstyre har også gått inn for væpning av politiet. Dermed ligg det an til at også dei snur på sitt landsmøte komande helg.

Dei tre partia har dermed 84 av 169 mandat, som betyr at dei berre manglar eitt mandat for å sikre fleirtal.

Med KrF med på laget, vil Frp for første gang få fleirtal bak forslaget sitt.

– Tillit til politiet

Ifølgje ei kartlegging Politiforum har gjort, seier 11 av 12 politimeisterar i Noreg ja til generell væpning av politiet.

KrF har tradisjonelt vore sterkt imot det, men nestleiar Ida Lindtveit Røse har tidlegare sagt at det er på tide å endre kurs.

No bekreftar altså partileiar Dag Inge Ulstein at partiet sitt landsstyre i helga var einige om å stemme for væpning av politiet.

– Det er ein endra situasjon og verkelegheit rundt oss. Mykje skulle vi ønske ikkje var slik, men då må vi rett og slett gi politiet dei verktøya dei treng.

Ida Lindtveit Røse, KrF.

Nestleiar i KrF Ida Lindtveit Røse meiner det er på tide å innføre væpning av politiet.

Foto: Kristian Skårdalsmo

Framstegspartiet har allereie lagt fram eit forslag for Stortinget, der dei ber om at ein går inn for at politiet skal få bere våpen.

Dei skriv sjølv at dei gjer dette for å ha forslaget klart når dei politiske partia har funne ut kva side dei vil stå på.

Framleis motstandarar

Venstre sin politiske talsperson, Ingvild Wetrhus Thorsvik, har sagt til NRK at ho meiner ein bør behalde dagens ordning, der politiet kan få løyve til å vere væpna når det er behov for det.

– Eg synest det er meiningslaust at politiet på Nordfjordeid skal vere konstant væpna fordi kriminaliteten i for eksempel Oslo er høg, sa Venstre-politikaren etter at Høgre snudde i saka.

Publisert 24.03.2025, kl. 12.21 Oppdatert 24.03.2025, kl. 12.59

Read Entire Article