KrF pressar på om to kjønn: – Appellerer til konservative

2 hours ago 2



– Kor mange kjønn finst det?

KrF-politikarar har utfordra både Ap-statsrådar og skulebyråden i Bergen på dette den siste veka.

Fleire av svara dei får er heller uklare.

I skulen i Bergen forheld vi oss til opplæringslova og kompetansemåla i samband med det.

Det svara skulebyråd Daniel Hägglund (Frp) då han blei utfordra av Joel Ystebø (KrF) i bystyresalen i Bergen onsdag.

Bystyret i Bergen

Bystyret i Bergen hadde møte på onsdag.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Spørsmålet kom etter fleire dagar med nasjonalt KrF-trykk mot undervisning om kjønnsidentitet i skulen.

– KrF er ute og appellerer til folk som har konservative haldningar, seier Yngve Flo, professor i moderne politisk historie ved Universitetet i Bergen.

Polariserande veljarjakt

Førre veke gjekk KrF-partileiar Dag Inge Ulstein ut i Aftenposten og slo fast at svaret er at det finst to kjønn.

Same dag la KrF ut innlegget i sosiale medium der Ulstein slår fast at «biologien må ligge til grunn». Innlegget er det som har fått mest respons på både Facebook- og Instagram-sidene til KrF den siste tida.

– Takk for klar tale!, skriv ein lesar.

– På tide, skriv ein annan.

I kommentarfeltet inviterer også partiet til å bli medlem.

Ulstein då han var statsråd og presenterte ny handlingsplan på lhbtiq-feltet, omgitt av pride-flagg og fargerike ballongar.

I 2021 var Dag Inge Ulstein utviklingsminister og med på å presentere Solberg-regjeringas nye handlingsplan for mellom anna kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Foto: Hanna Johre / NTB

Men kvifor går partiet så hardt ut no?

Dette er eit av fleire spørsmål i tida som er sterkt polariserande. Det ser vi i Noreg og internasjonalt, seier valforskar Yngve Flo.

Det blir lett skuldingar som går begge vegar. Både for utilbørleg aktivisme den eine vegen, og manglande toleranse den andre vegen, seier Flo.

Anti woke-rørsla

Valforskaren peikar på at liberale haldningar til kjønn og kjønnsidentitet har vore på frammarsj i fleire år, og at KrF no ser ut til å kaste seg på ein oppsving for anti woke-rørsla.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

Yngve Flo er professor i moderne politisk historie ved Universitetet i Bergen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

Og partiet skjerpar retorikken sin.

– Partiet hadde ei litt anna tilnærming til problematikken så seint som i førre stortingsperiode. No vil dei verne spesielt ungdommen mot alternative syn på kva eit kjønn er for noko, og dette med kjønnsidentitetar, seier Flo.

Vidare understrekar han at partiet sårt treng fleire veljarar, skal dei halde hovudet over vatn i neste års stortingsval.

KrF fekk 2,9 prosents oppslutning i novembermålinga for NRK og Aftenposten.

Det er kanskje ikkje mange tusen stemmer som skal til for å vippe dei over denne magiske 4 prosent-grensa. Klarar dei å få ein del konservative veljarar frå Senterpartiet og Frp over til seg, kan mykje vere vunne, seier valforskaren.

KrF: Ikkje eit lett utspel

Ulstein sjølv avviser at dei no jaktar veljarar.

– Dette handlar ikkje om valkamp, eller å kaste seg på ei bølge for å vinne nye veljarar. Dette er ei viktig sak for barna våre, og har alltid vore KrFs politikk, seier partileiaren.

Han peikar på at helsestyresmaktene har stramma inn på tilbodet til unge transpersonar.

– Det er komme nye kunnskapsoppsummeringar. Så dette er ikkje eit lett utspel frå vår side, det er ei sak vi ser på som veldig viktig, seier Ulstein.

I KrFs alternative statsbudsjett for 2025 fjernar dei rundt 24 millionar kroner som regjeringa har sett av til kjønns- og seksualitetsmangfald og til Rosa kompetanse i skule og barnehage ved Foreningen Fri.

– Vi må oppfordre lærarar og skular til å tryggje barna i at dei ikkje treng å passe inn i tronge kjønnsbåsar. Vi må ha rause rammer for kva gutar og jenter kan vere, slik at barn ikkje føler at dei fell utanfor, seier KrF-leiaren.

Blir skulda for intoleranse

Også Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum har nyleg vore tydeleg på kjønnsspørsmålet. 22. november følgde han opp i Dagbladet:

– To kjønn? Sjølvsagt!

Men i Stortinget stemte Sp samstundes ned forslag frå KrF om å endre skuleundervisning om kjønnsidentitet. Berre Frp støtta det.

Parallelt har KrF hamra laus mot fleire statsrådar frå Arbeidarpartiet i både skriftlege spørsmål og i stortingssalen: Kor mange kjønn finst?

KrFs Hadle R. Bjuland utfordrar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Stortinget

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) svara ikkje direkte på spørsmålet, men oppmoda i staden til å bidra til ein raus og tolerant debatt.

Katrine Nødtvedt (MDG)

Katrine Nødtvedt sit i bystyret i Bergen for Miljøpartiet Dei Grøne.

Foto: NRK

Då KrF tok opp spørsmålet i bystyret i Bergen, reagerte MDGs Katrine Nødtvedt og kalla dei intolerante.

Det å påstå at det berre finst to kjønn, då seier ein implisitt at dei som identifiserer seg som trans eller ikkje-binær ikkje eksisterer i samfunnet. Det meiner eg beviseleg er feil, forklarar ho til NRK.

KrF-politikar Joel Ystebø meiner ho med stemplinga av han, er intolerant tilbake.

Frp-byråd vil ikkje diskutere tal

Ystebø er også toppkandidat på vallista til KrF i Hordaland i neste års stortingsval.

Joel Ystebø (KrF)

Joel Ystebø representerer KrF i Bergen bystyre, og ønsker seg inn på Stortinget neste haust.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

På spørsmål om kvifor han tok kjønn opp i bystyresalen, fortel KrF-politikaren at han blir kontakta av foreldre som er uroa for kva barna deira lærar i skulen om kjønn.

Vi meiner vi må ta det på alvor, seier bystyrerepresentanten.

Og legg til:

Eg synest det er utruleg spesielt at skulebyråden ikkje klarar å svare tydeleg på eit spørsmål eg trur mange opplever som ganske opplagt.

Skulebyråd Daniel Hägglund peikar overfor NRK på at skulane i Bergen skal vere ein plass for mangfald og at alle skal føle seg velkomne.

Daniel C. E. Hägglund (FrP)

Daniel Hägglund (Frp) er skulebyråd i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland

Kor mange biologiske kjønn finst, Hägglund?

Det er ein diskusjon eg ikkje ønsker å gå inn på. Eg forheld meg til dei juridiske kjønna vi har, samtidig som eg forheld meg til at vi skal vareta alle barna i bergensskulane.

Kvifor er det så vanskeleg å svare på spørsmål om kor mange kjønn vi har?

– Det er mange som identifiserer seg som ulike typar kjønn, og det må vi ha respekt for, seier Frp-politikaren.

Ventar verdidebattar neste år

Valforskar Yngve Flo blir ikkje overraska om verdipolitikk blir viktig fram mot neste års val.

Han peikar på at abortdebatten har vore viktig i det siste, og at det også var høgt på dagsordenen i USA-valet.

– Økonomiske interesser var trass alt kanskje det aller viktigaste, men mange har opplevd verdikampar og til og med ein slags verdikrig eller kulturkrig i USA. Eg vil ikkje bruke slike ord om den norske politikken som er mykje meir sakleg og prega av innestemme. Men dette med verdiar, kulturar og ideologiar er kanskje på veg opp og fram også her.

Publisert 28.11.2024, kl. 21.08 Oppdatert 28.11.2024, kl. 21.10

Read Entire Article