Kongeskipet er på plass før bryllaupet

1 month ago 28



Det var avisa Synste Møre som først melde om saka.

Skipet hadde flagget til topps. Når det blir flagga på Kongeskipet er ein eller fleire av dei kongelege er om bord i skipet.

Skipet har blitt observert i nærleiken av Kjødepollen i Vanylven, der innslaget til den planlagde Stad skipstunnel skal kome. Kanskje ville Kongen sjå dette på nært hald?

Laurdag blir kongefamilien til stades når prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifter seg i Geiranger.

Feiring over fleire dagar

Bryllaupsfeiringa startar allereie på torsdag.

Der skal brudeparet og gjestane møtes til ein «bli kjent-fest» – på Hotell 1904 i Ålesund.

Kongehuset har opplyst at delar av familien vil vere til stades under arrangementet i Ålesund. Kongeparet er ikkje med på dette arrangementet, etter det NRK erfarer.

Kronprinsparet skal vere med på heile feiringa.

– Ja, vi kjem torsdag, og blir til søndag morgon, bekrefta kronprins Haakon på måndag.

Fredag skal brudeparet og gjestane reise vidare med båt frå Ålesund til Geiranger, der det seinare på kvelden skal vere ein lukka fest.

Temaet for festen er latinamerikansk salsa, ifølge Hello Magazine.

Utsiden av Hotel 1904 i Ålesund sentrum. Brunt og hvitt bygg.

Bryllaupsfesten startar på hotell 1904 i Ålesund på torsdag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 27.08.2024, kl. 09.41 Oppdatert 27.08.2024, kl. 09.44

Read Entire Article