Kommunar sett krisestab og førebur seg på ekstremvêret «Jakob»

3 weeks ago 11



– Vi er spente alle saman, seier Haakon Innseth, leiar for bygg og eigedom, Voss herad kommune.

I Voss herad er det sett krisestab og dei har onsdag sett opp flaumgjerdet rundt kulturhuset og idrettshallen i Voss.

– Det gjer me fordi me fordi me skal frigjere kapasitet til i morgon, når me skal ut i regnvêret og sjå til grøfter og stikkrenner. Så håpar me at innbyggarane våre gjer det same, seier ordførar i Voss herad, Tonje Såkvitne.

Ekstremvær Jakob

Torsdag er det venta ekstreme nedbørsmengder på Vestlandet.

Foto: Meteorologisk institutt

I tillegg til Voss herad har kommunane Ullensvang og Luster sett krisestab før ekstremvêret slår til.

I Sunnfjord har mannskap vore ute og rydde kumlokk for å hindre at dei tettar seg og flaumar over.

– Vi har fleire tusen kumlokk i heile kommunen og vi rekk berre ein brøkdel i dag. Vi må berre sjå kor langt vi kjem i morgon, seier Thomas Bruket i uteseksjonen i Sunnfjord kommune.

– Alvorleg situasjon

Ekstremvêret som treffer Vestlandet torsdag har fått namnet «Jakob».

– Vi ventar lokalt opp mot 180 mm nedbør på eit døgn, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Varselet vil gjelde frå torsdag morgon til torsdag kveld og vil treffe midtre og indre strøk i Vestland.

Farevarselet for jord- og flaumskred er og oppjustert til raudt nivå og vil gjelde delar av Vestland, Møre og Romsdal og Rogaland.

– Det er ein veldig alvorleg situasjon og det er sjeldan vi har slike typar varsel, seier Aart Verhage i NVE.

I tillegg er varselet for flaum oppjustert til raudt nivå for store delar av Vestland.

Raudt farevarsel for jord og flaumskred over delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Det er meldt raudt farevarsel for jord og flaumskred for delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

Foto: NVE

Aukar beredskapen

Som følge av ekstremvêret har Nasjonal kommunikasjonsmyndighet valt å heve beredskapen.

– Når det no er varsla ekstremvêr i store delar av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, er det moglegheiter for brot både i straumnett og ekomnett. Nkom har derfor heva beredskapen, og samtundes beden ekomaktørane om å sei frå dersom dei opplever små eller større hendingar som påverkar tilgang til internett og mobiltelefoni, seier sikkerheitsdirektør i Nkom, Svein Scheie.

BKK, som drifter straumnettet fleire stader i Vestland, har valt å auke beredskapen grunna ekstremvêret.

– Vi har auka beredskapen slik at vi raskt kan handtere eventuelle hendingar som oppstår som følge av uvêret som er meldt, seier Truls Reed Tystad i BKK.

Selskapet melder at feilrettingar kan ta lengre tid dersom det fare for flaum og skred der mannskap er ute i felt.

Klare råd

Fylkesberedskapssjefen i Vestland har onsdag hatt møte med kommunane, naudetatar, meteorologane og NVE.

– Dette har vi gjort for å sikre oss at alle har same forståing for kva som ventar oss, seier Haavard Stensvand.

Under møtet kom NVE med oppmodingar til kommunane som blir råka.

– Vi rår folk til å halde seg unna bratte skråningar, bekker og elveløp med stor vassføring. Den enkelte kan sjekke litt rundt huset sitt, at stikkrenner og kummar er opne, seier Aart Verhage.

Kvart år kjem det nye stormar og uvêr i verda som får ulike namn, men kven er det som bestemmer desse? Og kan ein storm heite kva som helst?

– Intenst

Nedbøren er venta å vere meir intens enn under ekstremvêret «Gyda».

– Vi hadde eit ekstremvêr i Møre og Romsdal og Trøndelag i 2022, som var litt den same situasjonen. Den gav veldig mykje regn over to døgn. Denne gangen er det litt meir intens nedbør, seier Fagerlid.

Fv65 ved Farbergen i Meldal ødelagt av flom

I 2022 førte ekstremvêret Gyda til store øydeleggingar i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Foto: John J. Storholt

Vegar kan bli stengde

Det er venta at ekstremvêret vil gje store konsekvensar for reisande.

– Det er stor fare for stengde vegar og/eller overvann ved bekke- og elveløp. Mange reiser vil kunne få lenger reisetid, heiter det i varselet.

Ved eit ekstremvarsel er det venta ekstreme konsekvensar som følge av vêret. Det vil vere stor fare for at liv går tapt, og det kan bli store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur.

Myndigheiter og folk i råka område bør utføre tiltak og minske ferdsel der ekstremvarselet gjeld.

  • Hans CossonEide NN nynorsk byline

    Varmare, våtare og villare

    Klimaendringane har allereie endra kor, kor ofte og kor kraftig verda opplever flaum, og kan føre til fleire og meir alvorlege skred, ifølge FNs klimapanel.

    Det er blant anna fordi Europa og andre delar av verda har opplevd mykje ekstremnedbør dei siste åra. Menneskeskapte klimaendringar aukar allereie sjansen for at regnet blir så ekstremt.

  • Fare for flom

    Lars Tore Endresen / NRK

    Kva har skjedd så langt?

    Når temperaturen aukar, fordampar det meir vatn, og atmosfæren kan halde på meir vatn. Det gjer at nedbøren blir meir konsentrert og intens, ifølge klimapanelet.

    Dei seier at vårflaumane kjem tidlegare enn før, og at flaumar kjem oftare og kraftigare enn tidlegare mange stader i verda.

  • Sørpeskred i Kvæfjord. Vegen blir stengt til tirsdag morgen på grunn av skred og skredfare. Statens vegvesen tar en ny vurdering tirsdag 30.1 kl 09.00.

    Statens Vegvesen

    Kva veit vi om jordskred?

    Auka nedbør og smelting av snø og isbrear kan også auke faren for jordskred, særleg i bratte fjellområde.

    I tillegg til at klimaet endrar seg, er befolkningsvekst og turisme også noko som gjer jordskred meir sannsynleg i framtida, fordi det blir meir press på naturen.

  • Kan vi gjere noko med det?

    Jo mindre klimagassar verda slepp ut dei neste åra, jo mindre oppvarming får vi. Då vil også faren for ekstremvêr knytt til vatn auke mindre.

    I tillegg finst det tiltak som varslingssystem og betre planlegging av infrastruktur, som kan avgrense dei verste skadane.

    Landa i verda har lova å prøve å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens politikk ligg vi an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.

Publisert 30.10.2024, kl. 09.59 Oppdatert 30.10.2024, kl. 15.41

Read Entire Article