Kommunane må ta støyten for valflesk: – Heng ikkje på greip

1 week ago 11



45 millionar kroner på to år.

Det er summen vestlandskommunen Bremanger har brukt på sjukepleiarar. Totalt bur det litt over 3000 menneske i kommunen.

Dei må konkurrere om sjukepleiarar med andre kommunar i landet. Det tener vikarbyråa godt på.

Gunn Marit Helgesen er leiar i interesseorganisasjonen for norske kommunar, KS. Ho meiner politikarane fører veljarane bak lyset med valløfte om fleire tilsette, utan å seie kvar dei skal hentast frå.

– Vi manglar barnehagelærarar, vi manglar sjukepleiarar. Vi kan ikkje akkurat berre pumpe dei opp av Nordsjøen, seier Helgesen.

ei kvinne med sint uttrykk

KS krev ein plan for å skaffe nok folk til dei kommunale tenestene.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Mangelen på arbeidskraft gjer at kostbare valløfte ikkje er moglege å innfri.

– Summen av alle løfta heng ikkje på greip.

Duell om helsepolitikk

I 2023 brukte norske kommunar over 3 milliardar kroner på å leige sjukepleiarar frå vikarbyrå. Tal frå Helsedirektoratet viser at det manglar 14.000 helsetilsette i Noreg i dag.

Det er berekna at dette talet vil auke til 64.000 dersom det ikkje blir gjort noko innan fem år. 80 prosent av kommunane melder allereie at dei slit med å levere lovpålagde helsetenester på grunn av mangel på personell, opplyser Sjukepleiarforbundet.

– Når vi ikkje har nokon plan for korleis ein skal løyse det problemet, vil det føre til alvorlege brot på pasienttryggleiken i eldreomsorga, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Nyleg hadde Bremanger ute ei ledig stilling som sjukepleiar. Berre ein person søkte på jobben.

Prisen for ein vikar blir fort dobbelt så høg som prisen for ein fast tilsett, opplyser kommunen.

– Vi har ikkje greidd å rekruttere nok, seier kommunalsjef for pleie og omsorg i Bremanger, Randi Ytrehus.

Innleige sjukepleiarar

Ukrainske Illia Zelenskyi er hyra inn til Bremanger via vikarbyrå.

Han trivst godt som vikar, men meiner det blir feil å betale dobbelt for han, utan å auke løna til faste tilsette.

– Lønsvilkåra til faste sjukepleiarar burde vore betre. Då hadde det vore enklare for kommunane å rekruttere.

Torsdag møtte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) Høgre-leiar Erna Solberg i TV 2s studio, etter at Solberg utfordra Støre til ein spontan duell om helsepolitikk.

Både Støre og Solberg meiner Bremanger illustrerer ei kjend utfordring: Noreg manglar fagfolk.

– Vi må utdanne fleire og halde på fleire i arbeid. Vi er avhengige av dei flinke fagfolka for å få fleire inn på jobb, seier Støre.

Erna Solberg utfordret Jonas Gahr Støre på helsepolitikk i Bergen

Dei to statsministerkandidatane Jonas Gahr Støre og Erna Solberg møttest til spontan duell i Solbergs heimby torsdag.

Foto: Sandra Lid Krumsvik / NRK

Han erkjenner at det ikkje er optimalt at kommunar må ty til innleigde vikarar for å få bemanninga til å gå opp. Verken han eller Solberg har eit tydeleg svar på korleis bemanningsfloken skal løysast.

Solberg peikar på at Bremanger er ein ganske rik kraftkommune, som kan ta seg råd til dette.

– Men det er klart at det ikkje er optimalt, seier ho.

Spel for galleriet

Ifølge KS er kommuneøkonomien på sitt mest krevjande på 40 år. Fleire kommunar går med dundrande underskot.

KS-leiar Helgesen meiner det i løpet av valkampen har kome stadig nye løfte om betre eldreomsorg – men at det er kommunane som må bere børa for dei.

– Mangelen på arbeidskraft gjer at kostbare valløfte ikkje er moglege å innfri, og det må vi seie tydeleg frå om.

Ho meiner veljarane blir førte bak lyset når partileiarane kjem med valløfte om fleire tilsette, utan å seie kvar dei skal hentast frå.

Politikarane kan løyve masse pengar, men det blir ikkje automatisk fleire sjukepleiarar av den grunn, meiner KS.

Les utdrag frå partiprogramma her:

  • Arbeidarpartiet vil

    • Innføre eit systematisk kvalitetsløft i sjukeheimane.
    • Rekruttere fleire yrkesgrupper inn i sjukeheimane, som farmasøytar og vernepleiarar.
    • Bruke TØRN-metodikken for å løyse bemanningsutfordringane i omsorgstenesta gjennom meir heiltid, lågare sjukefråvær, betre turnus, og systematisk oppgåvedeling i omsorgstenestene.
    • Endre investeringstilskotet, slik at kommunar får moglegheit til å bygge fleire typar omsorgsbustadar for eldre.
  • Framstegspartiet vil

    • Gi staten ansvar for finansieringa av omsorgstenestene.
    • Sikre full valfridom i omsorgstenestene.
    • Auke tal sjukeheimsplassar.
    • Overvinne underernæring og på nytt innføre fleire kjøkken på sjukeheimar.
    • Sørge for plikt til norsk språktest for tilsette med pasientkontakt.
    • Satse på tidleg demensdiagnostikk med kunstig intelligens i kommunehelsetenesta og på sjukehus.
  • Høgre vil

    • At alle kommunar bør tilby frivillig førebyggjande heimebesøk med oppfølging.
    • Innføre eit nasjonalt regelverk som gjer det enklare for kommunar å ta i bruk fritt brukarval i heimetenestene.
    • Leggje til rette for at det blir bygd fleire nye heildøgns omsorgsplassar og tilrettelagde bustadformer for eldre og menneske med demenssjukdom.
    • Bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi, og jobbe for større innovasjon i tenestene.
  • Sosialistisk Venstreparti vil

    • Sikre tilstrekkeleg og kompetent bemanning i eldreomsorga, slik at alle får nødvendig hjelp til rett tid.
    • Byggje fleire sjukeheimsplassar, omsorgsbustader og dagsenter.
    • Styrkje rettane til pårørande slik at dei kan kombinere omsorgsansvar med jobb.
    • Prioritere eldre over 75 år i tannhelsereforma.
    • Sikre eldre og pårørande reell medråderett i tenestene dei får.
    • Etablere brukarvenlege digitale oppfølgingstenester og ta i bruk ulike typar velferdsteknologi.
  • Kristeleg Folkeparti vil

    • Satse på kompetansen til dei tilsette og auke innsatsen for å behalde og rekruttere personell.
    • Ha ein opptrappingsplan for bemanning i eldreomsorga og vurdere behovet for ei rettleiande minstenorm for bemanning og kompetanse i sjukeheimar og heimetenester, basert på helse- og omsorgsbehov.
    • Sikre tilstrekkeleg legedekning på sjukeheimane og la praksis på sjukeheimar vere ein del av LIS1-løpet for legar.
    • Styrkje kunnskapen og kompetansen på tru- og eksistensielle spørsmål hjå helsepersonell.
  • Venstre vil

    • Legge til rette for generasjonsbustader, senior- og eldrekollektiv og andre buformer som gjev sosial støtte ved å bruke insentiv i Husbanken og krav i reguleringsplanar.
    • Utvikle nye konsept for samspel mellom generasjonar i eldreomsorga, til dømes ved å etablere bustader og butilbod for eldre i tilknyting til barnehagar, skular eller studentbustader.
    • Ta i bruk tryggleiksskapande teknologi og betre hjelpemiddel.
    • At eldre skal ha betre tilgang på psykisk helsehjelp.
    • Tilby fleksibel avlasting for heimebuande.
  • Miljøpartiet dei grøne vil

    • Jobbe for eit mangfaldig aktivitetstilbod i sjukeheimar og på dagsenter.
    • Sikre at folk med behov for heimetenester får rask avklaring og tilgang til naudsynte hjelpemiddel og praktisk tilrettelegging i heimen.
    • Tilby eit sunt og variert kosthald, for matglede på alle offentlege institusjonar.
    • Sikre kompetent oppfølging av den psykiske helsa til eldre i heimesjukepleia og på sjukeheimar.
    • Planlegge for eldrevennlege bustader i tråd med demografiske prognosar.
  • Raudt vil

    • At skattepengane våre skal gå til felles velferd, ikkje til privat profitt.
    • Auke grunnbemanninga på sjukeheimar og i heimebaserte tenester, slik at det blir attraktive arbeidsplassar for sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar og eit godt tilbod for pasientane.
    • Auke dekningsgrada av sjukeheimsplassar og bufellesskap med heildøgnsbemanning.
    • Bygge ut fleire korttidsplassar på sjukeheimar.
    • At eldre skal kunne bu i eigen heim så lenge dei sjølv ønskjer, men få tilbod om omsorgsbustad med heildøgn omsorg og pleie, eller sjukeheimsplass når dei føler behov for meir omsorg og hjelp.

– Ingen tomme løfte

Solberg vil ikkje innrømme at valkampløfta til Høgre er tomme. Ho viser til sjukepleieplanen partiet la fram for nokre dagar sidan, og kastar ballen tilbake til KS.

– KS må sørge for at kommunane ikkje set sjukepleiarane til mykje av det arbeidet som andre eigentleg kan gjere.

Støre og Solberg er einige om at det må utdannast fleire sjukepleiarar og at ein må stimulere fleire til å bli i yrket.

– Det viktigaste for meg er uansett at alle som treng hjelp får ei god omsorg, slår Solberg fast.

Publisert 04.09.2025, kl. 19.32

Read Entire Article