Molde FK og Per-Mathias Høgmo avsluttar samarbeidet. I ei pressemelding som blei publisert seint søndag kveld, skriv Molde FK at dei er samde om å sette strek no etter ein «svært tung sesong».
– Eg har hatt ei spennande tid i Molde FK, og set stor pris på spelargruppa, støtteapparatet og alle eg har arbeidd saman med. Sjølv om eg gjerne skulle halde fram arbeidet vi hadde starta på, er eg samd i at dette var det rette. Vi skiljest som gode vener, og eg ønskjer Molde FK lykke til vidare, seier Per-Mathias Høgmo, ifølgje pressemeldinga klubben har lagt ut søndag kveld.
– Aldri den fornyinga Molde trengde
NRK sin sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, meiner tida var overmoden.
– Høgmo var aldri den fornyinga Molde trengde. Og eg trur aldri den umiddelbare skepsisen til endringane han prøvde å innføre, slapp. Då har ein tapt i utgangspunktet, seier Saltvedt.
Han karakteriserer Molde under Høgmo som«tannløst, planløst og snart trenerløst».
Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKOgså leiaren for supporterklubben Tornekrattet, Anette Sæther, meiner klubben burde handla tidlegare.
– Med tanke på at klubben sine sportslege prestasjonar ikkje har levd opp til forventingane, er nok dette rett val, seier ho.
Åtte sigrar etter 21 kampar
Molde FK har ikkje hatt nokon enkel sesong, og står med åtte sigrar etter 21 kampar. Ti av kampane har endt med tap.
– Det er vemodig å avslutte samarbeidet med ein så erfaren og dyktig trenar som Per-Mathias. Han har bidratt med kunnskap, engasjement og varme, og sett tydelege spor både fagleg og menneskeleg. Vi hadde gjerne sett at den sportslege utviklinga av klubben hadde stått betre til forventingane, noko begge partar er samde om, skriv styreleiar Odd Ivar Moen i pressemeldinga.
Styreleiar i MFK, Odd Ivar Moen.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKStartar arbeidet med å finne ny hovudtrenar
Dei neste dagane skal trenarteamet leie treningane, og Molde FK startar umiddelbart arbeidet med å finne ein ny hovudtrenar.
Verken styreleiar Odd Ivar Moen eller administrerande direktør Vegard Storvik har svart NRK søndag kveld.
Publisert 14.09.2025, kl. 22.58 Oppdatert 14.09.2025, kl. 23.42