– Vi er bekymra. Vi synest ikkje det var perfekt i åra før Qatar-VM, men da var det reelle prosessar med dyktige folk på administrativt nivå i Fifa. Nå blir det fjernare og fjernare for oss.
Det seier Lise Klaveness til NRK.
Presidenten i Noregs fotballforbund (NFF) har nettopp halde eit foredrag under Nordisk idrettsjuridisk konferanse i Oslo, og der var idrett og menneskerettar eit tema.
Den 11. desember avgjer Fifa kven som skal bli tildelt VM i 2034. Saudi-Arabia er einaste søkaren.
Klaveness seier at NFF akkurat nå gjennomfører ei juridisk vurdering av prosessen, men at dei foreløpig ikkje opplever ei stor grad av samarbeidsvilje frå det internasjonale fotballforbundet.
– Ekstremt viktig
NFF-presidenten er heilt open om at dei saknar innsyn i ein rapport som Fifa har laga, med eit uavhengig og eksternt selskap, som handlar om kva ansvar Fifa hadde for dei menneska som døydde, og familiane deira som ikkje fekk betalt, under VM i Qatar.
– Korleis skal dette forståast framover, korleis skal det sanksjonerast? Korleis skal det kompenserast? Vi meiner rapporten er ekstremt viktig for at vi skal kunne forstå Fifas ansvar inn i den nye prosessen, seier ho til NRK.
– Vi får ikkje heilt dei verktøya som skal til for å vere opplyste medlemmer som skal stemme, legg ho til.
NRK har sendt Fifa kritikken frå Klaveness, og bedd om svar på dette. I ein e-post skriv ein talsperson frå Fifa:
– Fifa implementerer grundige prosessar for bodgivinga til VM i 2030 og 2034, i tråd med tidlegare prosessar for tildelinga av vertskap for VM for kvinner i 2023 i Australia og New Zealand, VM 2026 i USA, Mexico og Canada og VM for kvinner i 2027 i Brasil.
Fifa skriv vidare at rapportane for bodprosessane til VM i 2030 og 2034 vil bli publisert før den ekstraordinære Fifa-kongressen 11. desember.
– Sjokkerande dårleg
Saudi-Arabias VM-bod har lenge vore kontroversielt.
Denne veka blei det publisert ei nådelaus evaluering der 11 organisasjonar, fagforeiningar og supportergrupper åtvarar mot Saudi-Arabias eiga vurdering av menneskerettssituasjonen i landet, gjort av advokatfirmaet AS & H Clifford Chance.
– Den er sjokkerande dårleg, kunstig avgrensa og bidrar derfor ikkje til å gi Fifa den realitetsbeskrivinga dei treng før dei skal vurdere om Saudi-Arabia kan arrangere VM, og samtidig innfri Fifas bindande krav om å vareta menneskerettane, meiner Frank Conde Tandberg, politisk rådgivar i Amnesty Noreg.
NRK har kontakta AS & H Clifford Chance og tilbode dei å kommentere kritikken som har oppstått.
«Kvitvasking» av menneskerettsbrot
Landets vidstrekte og dokumenterte bruk av tortur og kraftig undertrykking mot eigne innbyggarar blir ikkje nemnde.
Situasjonsvurderinga frå Saudi-Arabia, som Fifa altså forheld seg til når dei skal vurdere VM-bodet i nasjonen, blir omtalt av organisasjonar som Amnesty, FairSquare og Human Rights Watch som «kvitvasking» av menneskerettsbrot.
Klaveness svarer slik om det som kjem fram:
– Nå får vi sjå kva Fifa kjem med. Viss dei gjer det rett, så har dei veldig gode høve til å gjere mange vurderingar som ligg utanfor det dei har levert inn. Fifa er ikkje bunde til å berre følge det som ligg i bodboka. Dei kan gjere sine eigne uavhengige vurderingar og innhente opplysningar frå andre kjelder, seier ho.
– Fifa lukka igjen
Det er også derfor NFF jobbar med å få ut den uavhengige rapporten frå Fifa.
– Kva slags gehør kjenner du at de har i Fifa?
– Nå er det lite. Etter Qatar lukka Fifa veldig igjen. I alle fall dei eksterne kanalane, og appetitten er veldig låg for å ta desse diskusjonane. I Uefa er dei større. Vi kan jo håpe og tru at det kan opnast litt opp igjen. Vi veit at det kan ha det kan vere litt spenning rundt stemmegivinga og at det kan gjere at ein politisk sett lukkar seg.
I tillegg stussar NFF-presidenten over at dei framleis ikkje har fått greie på korleis Saudi-Arabias VM-søknad skal stemmast over på den ekstraordinære og digitale Fifa-kongressen 11. desember.
– Det er også litt Fifa-kultur, det er vanskeleg å vite. Nå kom det jo sist at dei skal stemmast over saman. Så det skal ikkje vere éin stemme på VM i 2030 og éin stemme på VM i 2034, det er ei blokk. Da veit ikkje vi om det er ei fysisk stemme, eller akklamasjon (applaus). Dei tre åra med erfaring eg har nå, seier meg at det er litt i spel, seier ho.
– Det verkar litt merkeleg, i alle fall for oss sett utanfrå, at sjølv ikkje de veit korleis det blir?
– Per nå veit vi at det blir ei avstemming 11. desember, vi veit at det skal stemmast på. Vi veit at dei blir stemt på samla, og ikkje kvar for seg. Men så er spørsmålet kva som er ei avstemming. Skal vi trykke på ja og nei eller går det berre gjennom? For oss er det viktig, for vi tenker at prosessen i seg sjølv er eit mål. Men at det endar med at bodgivar får desse meisterskapane, er det ingen tvil om, svarer ho.
– Blir vanskeleg
Klaveness seier dei i tida fram til avstemminga i desember skal bruke tida på å snakke med store delar av Fotball-Noreg, klubbar, trenarar, supporterar, krinsar, før dei bestemmer seg for NFFs val på eit styremøte kort tid i førevegen.
– Kjenner du eit press om at NFF skal stiller seg bak Saudi-Arabias kandidatur, og kva trur du blir konsekvensane viss de ikkje gjer det?
– Eg kjenner ikkje det konkret nå, det er ingen som pressar oss på det. Men det er ein kultur i fotballverda for at det å gå aleine, eller stemme mot noko, blir veldig vanskeleg. Det er erfaring vi har frå heilt andre saker, svarer ho.
– Danskane spurde om øl på stadion
I september var NFF, saman med andre nordiske fotballforbund, i eit møte med Saudi-Arabias bodorganisasjon.
Der kunne dei nordiske landa stille direkte spørsmål til 2034-VMs einaste søkar.
Klaveness opplevde at det var «eit bra møte» der dei fekk stilt alle spørsmåla sine.
– Dei visste godt kva som kom da dei møtte Norden. Dei visste at vi måtte gå inn i sensitive saker om LGBTQ og fagforeiningar. Danskane spurde om øl på stadion, alt blei adressert, og dei svarte ut godt. Dei var veldig godt førebudde og opne, og det var kvinner og menn frå bodorganisasjonen med, fortel ho.
– Saudi-Arabia er eit land som verkeleg vil
– Korleis vil du forklare at det er mogleg at ein endar opp i ein situasjon der Saudi-Arabia er einaste bodgivaren?
– Det kan ikkje eg forklare. Eg var rett og slett ikkje i dei indre gemakka i det heile. Men den store linja er noko som både du og eg veit, at Saudi-Arabia er eit land som verkeleg vil. Som over tiår har vilja arrangere store meisterskapar i alle idrettar og har gjort det. Og har vore veldig open om at dei ønsker å gjere det med fotballsida, seier ho.
Klaveness meiner det også er element ved Saudi som er meir positive enn andre:
– Dei har ein fotballkultur og slo Argentina i VM, og er mykje meir eit fotballsamfunn samanlikna med Qatar. Dei legg heller ikkje skjul på at ønsket om å arrangere meisterskap er ein del av visjon 2030 og for å «rebrande» landa litt. Det er ein del av ein strategi Saudi-Arabia har om å verkeleg engasjere seg i verdsidretten. Og da er det klart at fotball er ein kjempestor skalp, seier ho.
Sendte Bergen til himmels med dette langskuddet 00:31
Publisert 01.11.2024, kl. 20.18