Tusenvis strøymer til for å hjelpa flaumoffera: – Eg kan ikkje berre sitta heime

3 weeks ago 16



Dei kjem med vaskekostar, spadar og sekker fulle av mat og vatn.

– Dei har ingenting å eta, ingenting å drikka. Me er her for å hjelpa alle som treng det, seier Miguel Maceda til NRK.

Han har ein stor raud sekk på ryggen. Miguel er ein av fleire hundre som til fots kryssar brua mot Valencias forstad, Paiporta.

Dei kjem i treningsklede, slagstøvlar og joggesko. Nokre teiper plastposar rundt føtene, før dei tar på seg skoa igjen.

Dei førebur seg på gjørmehavet som ventar på andre sida.

Det er unge og gamle, spanjolar og utlendingar. Felles er at dei alle er på veg for å hjelpa offera for flaumkatastrofen.

– Det er utruleg. Tusenvis kjem frå Valencia for å hjelpa offera for denne ufattelege katastrofen, seier nederlandske Bart til nyheitsbyrået Reuters.

Tusenvis av frivillige på vei for å hjelpe ofrene for flomkatastrofen.

Frivillige tar beina fatt for å koma seg til Paiporta. Mange ber på tungt utstyr.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Ljos i ei mørk tid

Alle dei frivillige som strøymer til for å hjelpa, sest på av mange som eit ljosglimt i katastrofen.

– Eg må gjera noko. Eg kan ikkje berre sitta heime, seier studenten Maya Maksimova.

Fredag tok ho beina fatt og bar med seg kosteskaft og anna utstyr over til Paiporta.

Maya Maksimova og andre frivillige i Paiporta

Maya Maksimova er ein av mange frivillige som fredag gjekk over til Paiporta for å hjelpa.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Etter å ha sett bilete i nyheitene, visste Maksimova kva som venta i dei råka områda. Men det var ikkje kvardagskost.

– Eg har aldri sett noko slikt i heile mitt liv.

Over 200 omkomne

Flaumen er den dødelegaste på fleire tiår i Europa. Somme stader kom det like mykje vatn på nokre timar som det normalt gjer på eit heilt år.

205 menneske er stadfesta omkomne. Fleire titals er framleis sakna og styresmaktene fryktar dødstala skal stiga.

Mange av dei døde vert sende til eit konferansesenter i Valencia som er omgjort til eit mellombels likhus.

Politimannen Iván skildrar ein desperat situasjon.

– Det er folk som har fortalt oss at dei bur med eit omkome familiemedlem. Eller med ein død nabo framfor huset, i kjellaren eller i garasjen, seier han til kringkastaren RTVE.

Stort behov for hjelp

Styresmaktene har fredag sett inn 500 ekstra soldatar i redningsarbeidet. Dei søker desperat med hundar og dronar i von om å finna overlevande.

Det er framleis område redningsmannskapa ikkje har klart å nå. Fleire vegar er uframkommelege tre dagar etter storflaumen.

Innsatsen frå dei frivillige vert sette stor pris på av flaumoffera i Paiporta, men dei etterlyser desperat meir hjelp frå staten.

– Eg synest det er veldig bra at dei kjem, men me treng mykje meir hjelp frå militæret. Mykje, mykje hjelp, seier Manuel López Alcaraz til NRK.

Manuel López Alcaraz og andre lokale rydder vekk gjørme med hakker og spader

I augeblinken har Manuel López Alcaraz berre hakker og spader til å rydda vekk all gjørma i gatene.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

I ei fargerik fotballtrøye står han og jobbar midt i gata saman med ein kompis. Med hakker og spader prøvar dei å rydda vekk gjørme så mora hans kan koma seg ut av huset.

Men hakker og spader er ikkje nok for heile byen. Dei treng gravemaskiner og anna utstyr frå styresmaktene for å handsama dei enorme skadane.

– Heile byen er øydelagd, seier han fortvilt.

Det er ikkje berre utstyr og maskinar som trengst. Befolkninga manglar òg mat og vatn.

– Det einaste som har kome fram til oss, er bilane til redningsmannskapa. Dei har tatt med seg litt mat. Men me må gå 15–20 kilometer for å kunna kjøpa brød, seier 59 år gamle Rafael Lopez til Reuters.

Frivillige rydder opp i gjørmehavet.

Frivillige hjelper til med å fjerna gjørme. Men det er berre folk som hjelper folk, seier ein bebuar NRK har snakka med. Han etterlyser mykje meir hjelp frå styresmaktene.

Foto: JOSE JORDAN / AFP

Sterk kritikk av styresmaktene

Mange i flaumområda har kritisert styresmaktene for at farevarsel ikkje vart sende ut, før flaumen allereie var eit faktum tysdag kveld.

Regjeringssjefen i Valencia-regionen, Carlos Mazon, avviser kritikken og seier dei følgde «standard prosedyrar for varsling».

– Effektive flaumvarsel kan hindra så øydeleggande flaumar som me har sett i Valencia-regionen denne veka, seier Verdas meteorologiske organisasjon (WMO) i ei fråsegn fredag.

Kvinne går i gjørmehavet i Paiporta

Fleire dagar etter at Paiporta vart råka av flaumen, er det framleis mykje å rydda opp.

Foto: Santi Carneri / NRK

Styrtregn og flaum vil koma oftare og verta kraftigare på grunn av klimaendringar, ifølge forskarane.

Men dei kan ikkje slå fast at ein enkelt storflaum som han i Spania er forårsaka av klimaendringane.

Dei lokale styresmaktene takka dei frivillige fredag ettermiddag på X.

Samtidig bad dei folk om å halda seg unna dei verst råka områda, så dei ikkje er i vegen for redningsmannskapa.

  • Hans CossonEide NN nynorsk byline

    Varmare, våtare og villare

    Klimaendringane har allereie endra kor, kor ofte og kor kraftig verda opplever flaum, og kan føre til fleire og meir alvorlege skred, ifølge FNs klimapanel.

    Det er blant anna fordi Europa og andre delar av verda har opplevd mykje ekstremnedbør dei siste åra. Menneskeskapte klimaendringar aukar allereie sjansen for at regnet blir så ekstremt.

  • Fare for flom

    Lars Tore Endresen / NRK

    Kva har skjedd så langt?

    Når temperaturen aukar, fordampar det meir vatn, og atmosfæren kan halde på meir vatn. Det gjer at nedbøren blir meir konsentrert og intens, ifølge klimapanelet.

    Dei seier at vårflaumane kjem tidlegare enn før, og at flaumar kjem oftare og kraftigare enn tidlegare mange stader i verda.

  • Sørpeskred i Kvæfjord. Vegen blir stengt til tirsdag morgen på grunn av skred og skredfare. Statens vegvesen tar en ny vurdering tirsdag 30.1 kl 09.00.

    Statens Vegvesen

    Kva veit vi om jordskred?

    Auka nedbør og smelting av snø og isbrear kan også auke faren for jordskred, særleg i bratte fjellområde.

    I tillegg til at klimaet endrar seg, er befolkningsvekst og turisme også noko som gjer jordskred meir sannsynleg i framtida, fordi det blir meir press på naturen.

  • Kan vi gjere noko med det?

    Jo mindre klimagassar verda slepp ut dei neste åra, jo mindre oppvarming får vi. Då vil også faren for ekstremvêr knytt til vatn auke mindre.

    I tillegg finst det tiltak som varslingssystem og betre planlegging av infrastruktur, som kan avgrense dei verste skadane.

    Landa i verda har lova å prøve å avgrense oppvarminga til 1,5 grader. Med dagens politikk ligg vi an til 2,8 graders oppvarming, ifølge UNEP.

Viss du er interessert i utanriksstoff, kan du høyra på Urix på lørdag:

Publisert 01.11.2024, kl. 22.28

Read Entire Article