Sjølv har Ingvild Kjerkol sagt at ho vil fortsette på Stortinget. Men like etter blei ho vraka av fleire store kommuneparti.
Og då nominasjonskomiteen leverte eit utkast til nominasjonsliste blei Kjerkol vraka av fleirtalet.
Deretter skulle kommunepartia kome med sine innspel til listeforslaget. Då blei det klart at Namsos, Verdal og andre kommuneparti også vrakar Kjerkol til fordel for fornying i partiet.
Medan Arbeidarpartiet i Steinkjer snudde og vil no ha Kjerkol inn på Stortinget likevel.
Og no har nominasjonskomiteen sendt ut sitt endelege forslag til stortingsliste: Fleirtalet vrakar Kjerkol nok ein gong.
Eit splitta fylkesparti om Kjerkol
I mars blei ho einstemmig attvald til leiar for Trøndelag Ap, i april gjekk ho av som helseminister og no står stortingsplassen hennar på spel.
Trass i at fleire store kommuneparti vil vrake Kjerkol til fordel for fornying i partiet, meiner andre at ho har naudsynt kompetanse og dermed må få ein stortingsplass.
– Me treng kompetansen og erfaringa som Ingvild har opparbeidd seg gjennom mange år, og eg er veldig glad for at medlemsmøtet blei med på det forslaget.
Det sa May Britt Lagesen i Steinkjer Ap etter at Steinkjer Ap snudde om Kjerkol sin posisjon.
Arbeidarpartiet i Trøndelag er i gang med å finne ut kven som skal representeret partiet frå Trøndelag etter stortingsvalet neste år. Partiet skal kome fram til ei liste over kandidatar for Nord-Trøndelag og ei liste for Sør-Trøndelag. For sjølv om Trøndelag blei eit samla fylke i 2018 er framleis Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kvar sine valdistrikt.
Men det er først 30. november ein får svar på kven som endar på toppen av stortingslista frå Trøndelag Ap.
Då møtast heile fylkespartiet for å debattere og stemme fram ei liste for valkrins Nord-Trøndelag og ei liste for valkrins Sør-Trøndelag.
Giske vraka av nominasjonskomiteen, igjen
I førre veke blei det klart at fleirtalet i nominasjonskomiteen for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag vrakar Trond Giske nok ein gong.
Berre eitt medlem i komiteen vil at Giske skal få ein plass på Stortinget etter valet neste år.
Men Giske let seg ikkje stresse av den grunn. Giske poengterer at kommunepartia som vil ha han på topp tel flest delegatar på nominasjonsmøtet når det heile skal avgjerast.
– Eg synest framleis det er pussig at fleirtalet i nominasjonskomiteen vel å halde fast på sitt forslag etter at dei ikkje fått støtte frå fleirtalet av medlemmane, seier Giske.
Publisert 21.10.2024, kl. 18.15 Oppdatert 21.10.2024, kl. 18.23