– At ein liten kattunge, som berre skulle leike, skulle lide ein så smertefull død, det er ganske meiningslaust, seier Edel Holen.
Familien i Høyanger i Vestland hadde nyleg fått katten Conan, men gleda blei kort. Favorittleika hans, ei opptrekksbar mus frå Biltema, blei det som førte til enden på livet hans.
– Dette hadde eg aldri tenkt på at kunne skje. Sjølv om det står åtvaring om leika.
Måtte operere
Då leika blei liggande under sofaen om natta fekk Conan togge hol på ho. Familien skjønte ikkje alvoret før katten byrja å kaste opp. Dei tok kattungen med til dyrlegen.
– Det er eit veldig stort inngrep å opne ein kattepus, så dyrlegen ville prøve å fjerne med klyster først. Det var mest skånsamt for katten, seier Holen.
Katten verka fin, men halvanna dag etter blei det likevel operasjon.
– Fyllet frå leika sat bom fast. Dyrlegen sa det var som om det var limt til tarmen.
Gjennom veka var dei til veterinæren fleire gonger, men ei veke etter at katten åt innhaldet i katteleika, sovna han stille inn.
– Det var veldig trist, seier Holen.
«All leik skal skje under oppsikt»
Edel bestemte seg for å åtvare andre dyreeigarar, og kontakta først Biltema for å tilby dei å kome med ein kommentar. Eventuelt at dei skulle få moglegheit til å trekke leika frå marknaden.
I svaret frå Biltema viste dei til at leika er merka med at all leik bør skje under oppsikt.
Edel var klar over dette, og heldt fram med ny e-post:
– Poenget er at dei fleste let dyra på eit eller anna tidspunkt vere åleine med leikene sine. Dyra klarer som regel å tygge sund desse, og då bør innhaldet vere noko som ikkje festar seg til tarmen som borrelås, skreiv ho.
Dagen etter skreiv Biltema at dei var svært leie for det som hadde skjedd, men endra ikkje meining:
Vi er svært lei oss for denne triste og tragiske hendelsen og forstår veldig godt at du føler stor sorg over å ha mistet kattungen din Conan på denne måten. Når dette er sagt, så bør aldri dyr (eller barn) være alene under lek. Derfor er også dette leketøyet godt merket med en advarsel som sier at all lek skal skje under oppsyn. Vi tar selvfølgelig tilbakemeldingen svært alvorlig og beklager enda en gang denne triste hendelsen.
– Har beklaga
Etter at Edel publiserte eit offentleg innlegg på Facebook, har mange delt, likt og kommentert.
I ein e-post til NRK skriv Biltema at dei har prøvd å imøtekome kunden og vise forståing og sympati for hendinga.
– Me har beklaga og er lei oss for at katteeigaren har opplevd dette, skriv pressesjef Laila Solberg i Biltema.
– Veit de om andre tilfelle der akkurat denne leika, eller andre dyreleiker som Biltema sel, har ført til små eller større skadar, eller kanskje død, for eit dyr?
– Nei.
Om merkinga av produktet på nettsidene svarer dei:
«Biltema merkar sine dyreleiker på lik linje med tilsvarande produkt frå andre som tilbyr dette. Åtvaringa er for å sikre at dyreeigarar tar naudsynte omsyn i forhold til produktet.»
Når NRK spør om dei sjekkar produksjonen av leikene, altså om dei sjekkar at leikene til dømes ikkje er laga av materiale som kan vere skadeleg for dyr, skriv dei:
– Biltema sine produkt er nøye kontrollert slik at dei kan imøtekomme krav og reglar frå gjeldande myndigheiter og instansar.
Skuffa over Biltema
Biltema svarer «ingen kommentar» til spørsmål på om dei har vurdert å trekke katteleika frå marknaden. Dei svarer heller ikkje på kva som skal til for at eit produkt blir trekt frå marknaden.
– Kva vil dykk seie til andre dyreeigarar som vurderer å kjøpe denne katteleika, og eventuelt andre dyreleiker frå dykk?
– Me ønsker å oppfordre dyreeigarar til å lese beskrivinga på produktet og følge dei åtvaringane som er angitt.
At katteleika framleis er i sal hjå Biltema, er noko Holen seier er som forventa. Ho er ikkje sint på Biltema eller produsenten, men er helle skuffa. Ho meiner Biltema ikkje har vore imøtekomande.
Ho påpeikar at leikene kunne ha kosta meir, så lenge dei var sikrare.
– Det er nok ein grunn til at det står ei åtvaring. Det vil heilt sikkert gå an å finne fyll som vil gli lettare gjennom tarmen, og heller legge på litt i prisen.
Samtidig som familien kjenner på at huset er tomt etter tapet av Conan, gler dei seg til å hente ny katt neste helg.
– Då vil vi iallfall vere veldig obs på kva leiker me gir han, og han kjem aldri til å vere åleine over lenger tid med leikene. Me kjem til å fjerne dei med ein gong me ser at dei er øydelagde, seier Holen.
Ta kontakt
Takk for at du las saka!
Har du opplevd liknande med dyreleiker frå Biltema?
Eller har du andre tips?
Ta kontakt.
Publisert 18.10.2024, kl. 20.19