Kash Patel godkjent som sjef for FBI

23 hours ago 6



Senatet i USA har med eit knapt fleirtal godkjent at Kash Patel blir sjef for USAs føderale politi- og sikkerheitsetat FBI.

Patel blei godkjent med 51 mot 49 stemmer.

Republikanarane Susan Collins og Lisa Murkowski stemte ikkje for den Trump-nominerte sjefen for det føderale politiet.

– Eg kan ikkje tenka meg eit verre val, sa den demokratiske senatorkollegaen Dick Durbin før avstemminga.

President Donald Trump nominerte Patel til sjefsstillinga i desember, og kasta med det sittande FBI-sjef Christopher Wray. Han var vald for ein 10 års periode i 2017.

Senate Democrats Hold News Conference Opposing Kash Patel's Nomination To Be FBI Director

Før avstemminga i dag hald Demokratane pressekonferanse utanfor hovudkontoret til FBI, der dei sa at dei stilte seg imot Patel-nominasjonen.

Foto: AFP

Skal «stenga ned» FBI

Patel er ein lojal forsvarar av Trumps politikk, og har tidlegare kritisert FBI offentleg ei rekke gonger, ifølge Reuters.

Han har tidlegare sagt at han skal «stenga ned» hovudkontoret til FBI på sin første arbeidsdag, og gjera det om til eit «museum for den djupe staten».

Patel var stabssjef i forsvarsdepartementet under daverande forsvarsminister Christopher Miller i Trumps førre administrasjon.

I tillegg har han vore rådgivar for USAs etterretningssjef.

Publisert 20.02.2025, kl. 20.38 Oppdatert 20.02.2025, kl. 20.58

Read Entire Article