Kaos på Nesna: Lastebileigarforbundet ber folk å køyre via Sverige

3 hours ago 5



Det er store trafikale utfordringar på Nesna som følge av at E6 er stengt etter togavsporinga torsdag denne veka.

Det er oppretta eit ferjesamband over Levang-Nesna kor dei køyrer døgnkontinuerleg ferje, men det er ikkje nok til å ta trafikken unna.

– Det er totalt kaos på Nesna. Derfor gjekk vi ut og anbefalte alle våre medlem om å køyre via Sverige. Vi har både fått utvida køyre- og kviletidsreglane og fått vekk tollproblema. Så vi ønsker jo at dei skal køyre over Sverige.

Det seier rådgivar i Noregs lastebileigarforbund, Frank Lauritz Jensen.

Han seier det ikkje blir katastrofale forseinkingar for dei som skal levere ting med lastebilane.

– Men viss du blir ståande i ein tre kilometer lang fergekø på Nesna, då får du forseinkingar. Derfor må vi oppfordre alle som kan køyre Sverige, til å køyre Sverige.

Han var tidlegare i dag ute på Facebook for å oppfordre alle som kan til å ta omkøyringa.

– Trafikkaoset er for stort endå.

– I gruppa med politi, vegvesen og Bane nor, så er det viktig at vi får trafikken til å fungere, samtidig som vi får gjort den berginga som skal skje der nede.

Read Entire Article