Seilbåten «Heidi» sin utrulege reise: Dukka opp 800 kilometer frå forliset

2 hours ago 5



2. november 2023:

I Atlanterhavet, midt mellom, Irland og Azorene stampar ein 46 fot stor seglbåt seg fram i storm.

Det er om lag 1000 kilometer til land, like langt som mellom Oslo og Berlin i Tyskland.

Båten har namnet «Heidi». Skipperen heiter Geir Bjørndal.

Og ingen av dei likar seg. Dei er likevel trygge på at dei kan losa kvarandre trygt i hamn. Også i dårleg vêr.

Men det som skal skje det neste døgeret var ingen av dei førebudde på.

I løpet av sekund går båten heilt rundt, ein båt Geir har brukt over 20 år på å byggja. Vindauge vert knuste, master og riggar knekk, og båten tek inn vatn.

Vêret vert verre og verre, det står raskt om liv.

Dette er historia om Geir og båten «Heidi». I løpet av sekund var 20 års arbeid knust midt ute på Atlanterhavet. Geir berga så vidt livet, men trudde båten var tapt.

Men fleire månader etterpå fekk han ein telefon.

Heidi og forliset

Slik var det om bord i seglbåten «Heidi» rett før det gjekk heilt gale.

Foto: Geir Bjørndal.

Draumen starta

For å forstå kvifor Geir var ute på denne seglturen må me spola heilt tilbake til 1970-talet.

Ei tid der folk i Noreg i snitt tente 35.000 kroner i året, og røyking var lov om bord i fly.

Så lenge sidan er det Geir oppdaga kva segling var.

I den spesielle båttypen Oselvar utanfor Bergen fekk han oppleva kva segl kan gjera med eit menneskesinn.

Heilt stille, ingen lydar frå ein motor.

Rett og slett i pakt med naturen, og sidan den gongen har livet dreia seg om havet, vind og segl for vestlendingen.

Ein Polo 86 vart den første båten til Geir.

Geir og båten

For Geir Bjørndal er segling livet. Men det har også heldt på å ta livet av han.

Foto: Olav Røli / NRK

Det var eit byggjesett av ein seglbåt som fekk namnet «Trude».

Den vart plassert i Nidelven i Trondheim, og Geir tok båten i bruk som bustad.

Elva kunne vera langt frå stille og vakker, og ein vinter måtte Geir plassera vifteomnen i soveposen for å halda varmen om bord. Men båten vart ferdig, og det vart turar både i Noreg, og vidare over verdshava.

I Chile sa det pang på starten av 1990-talet.

Her er Geir og den sjølvbygde båten "Trude" i Chile på starten av 1990-talet. Han skulle gjenta turen i 2023.

Seglturen på starten av 1990-talet var med og setja varige spor hos Geir Bjørndal. Her i Chile.

Foto: Privat

Han møtte ei dame og fekk selskap på turen over til New Zealand.

I 1992 vart sonen Arne Frederick Bjørndal fødd i byen Kawakawa.

Sidan den gong har Geir drøymt om å segla tilbake til øygruppa. I ein større og betre båt enn «Trude», og i mai 2024 skulle det skje.

Geir skulle komma med båten sin «Heidi», medan Arne Frederick skulle ta flyet.

Berre ein av dei dukka opp som avtalt.

Geir Bjørndal og sonen Arne Frederick.

Babylukke på New Zealand i 1992. Far og son skulle møtast på New Zealand i mai i 2024. Det vart ingenting av.

Foto: Privat

Den store jobben er i gang

Allereie etter at Geir kom tilbake til Noreg frå New Zealand på midten av 1990-talet, starta jobben med ny segltur.

Ein yngre Geir legg plastfiber for plastfiber, med hjelp av former og teikningar.

Dei første konturane av båten «Heidi» vart tydelege i ein hall på Toftevåg på Halsnøy for om lag 20 år sidan.

Draumen om å segla tilbake til New Zealand utan motorkraft skulle endeleg verta verkelegheit.

  • Geir Bjørndal og bygging av Heidi.

    Ein båt vert til. Her frå den spede starten med ei form for over 20 år sidan.

    Foto: Privat
  • Geir Bjørndal, bygging av Heidi

    Dei første delane tek form.

    Foto: Privat
  • Heidi og Geir Bjørndal

    Det tek mykje tid å byggja ein båt.

    Foto: Privat
  • Geir Bjørndal

    Geir Bjørndal ville ut i verda.

    Foto: Privat
  • Geir Bjørndal heidi

    Styrhuset tek form.

  • Geir Bjørndal Heidi

    Innvendig er det også mykje å gjera.

    Foto: Privat
  • Geir Bjørndal og Heidi

    Skroget vert heist ut på Toftevåg på Halsnøy.

    Foto: Privat
  • Geir Bjørndal og Heidi.

    Merkedag. No ser det ut som ein båt.

    Foto: Privat
  • Geir BJørndal og heidi

    Her er båten fotografert frå toppen av masta.

    Foto: Privat
  • Heidi geir bjørndal

    Her ligg båten i sitt rette element.

Men det tek tid å byggja ein båt frå botn.

Først i september 2023, over 20 år etter at jobben starta, er båten heilt klar for å reisa frå Kvinnherad. Til andre sida av jordkloden.

Ein septemberdag går «Heidi» ut Bømlafjorden på Vestlandet, vidare til Shetland, før det vert eit lengre opphald i Cleggan Bay i Irland.

Mot slutten av oktober 2023 startar turen på skikkeleg.

Geir kasta loss og sette kursen mot Azorene. Ein seglas på cirka 10 dagar, og han ville vera framme eit lite stykke inn i november.

Det han ikkje visste var at stormen «Ciaran» var undervegs.

Og at det han hadde bygd opp i ein hall på Halsnøy i nesten 20 år i løpet av sekund skulle verta knust.

Av ei «dum bølgje», som han uttrykkjer det i ettertid. Og som nesten kosta han livet.

Heidi i Cleggan bay

Stille før stormen i Cleggan bay på Irland. Dette er eit av dei siste bileta som Geir Bjørndal tok før avreise.

Foto: Geir Bjørndal

Nødpeilesendaren

2. november 2023, cirka klokka 12.

Det skjedde i løpet av sekund. Ei stor og «dum» bølgje kastar byggverket «Heidi» heilt rundt.

Geir hugsar han ligg med føtene ut av styrhuset i båten etter rundvelten. Vindauga er knuste. Alt av kommunikasjonsutstyr er vått.

Han er midt ute i Atlanterhavet.

Heldigvis har han med seg ein naudpeilesendar. Den fungerer - og sender ut signal.

Klokka 12.32 denne novemberdagen går alarmen hos Hovudredningssentralen i Bodø. Dei har ansvaret for å overvaka meldingar frå naudpeilesendaren som Geir har i båten.

Deretter ta kontakt med redningstenestene som er nærmast. I dette tilfellet den britiske kystvakta.

2. november 2023, klokka 12.32

Geir Bjørndal:Eg har ein naudsituasjon, og eg treng at de sender hjelp.

Fartøy i naud. Treng assistanse.

2. november 2023, klokka 12.43

S

SOS:Naudsentralen har motteke di naudmelding.

Beskriv fartøyet, og fortel kva som er gale.

2. november 2023, klokka 13.15

Geir Bjørndal:Båt kantra, mista masta, 1 person.

Tek inn vatn.

Midt ute i Atlanterhavet, over 1000 kilometer frå land, er det ikkje berre å få ut verken båtar eller helikopter. Det norske Sar Queen har til dømes ei rekkevidd på om lag 500 kilometer.

Utan mast, utan rigg, og utan vindauge driv skroget hjelpelaust omkring i opp mot 15 meter høge bølgjer.

Inne i båten sit Geir.

Våt, og kaldare og kaldare.

Utan vindauge i styrhuset, og utan å tora å gå ned i båten for å finna tørre klede. Redsla for at ei ny bølgje skal fylla båten med meir vatn er for stor.

2. november 2023, klokka 15.35:

Geir Bjørndal:eg er veldig kald

2. november, 2023, klokka 19.50

Geir Bjørndal:Kor langt unna?

2. november, klokka 20.40:

S

SOS:Flyet har lokalisert deg, men me kan ikkje gje deg ei eksakt tid for at dei kan plukka deg opp.

Du får beskjed så snart me veit.

2. november 2023, klokka 21.52:

Geir Bjørndal:Store bølgjar fyller opp båten.

Det skal gå over eit døger før det store tankskipet «Green Azure» kjem for å hjelpa.

Dei legg om kursen for å redda liv.

På baugen på seglbåten sit ein raud bylt og klorar seg fast då dei kjem.

I timane sidan båten gjekk heilt rundt har Geir prøvd å halda varmen inne i kroppen, og vatnet ute. Alt glaset frå dei knuste vindauga har tetta dreneringane.

«Heidi» tek inn meir og meir vatn.

Likevel. Han er ikkje redd. Men har fokus på det han skal gjera.

I opp til 15 meter høge bølgjer vart Geir Bjørndal berga midt i Atlanterhavet.

32,2 celsius

Det er temperaturen hos Geir Bjørndal då mannskapet på tankskipet lukkast med å få han om bord.

Med denne temperaturen i kroppen er han nedkjølt.

Kroppstemperaturen nærmar seg eit punkt der medvitet forsvinn.

Geir Bjørndal får på seg tørre klede.

Her får Geir Bjørndal på seg tørre klede om bord. Forma var bra, men kroppstemperaturen var nede i 32 grader.

Foto: Privat

Likevel er Geir klar då han vert heist om bord med eit tau som vert sleppt ned til han. Han klarar faktisk å binda det fast sjølv.

Kva som konkret skjedde i forkant av rundvelten hugsar han ikkje heilt klart.

Han var oppteken av å tetta lekkasjar rundt nokre ko-auge i båten. Og hadde ikkje fokuset riktig mot sjøen.

Det gjekk fort.

I det eine augneblinken jobba han, i det neste sumde han rundt i eit styrhus utan vindauge.

Frå brua på det store tankskipet må han må vinka farvel til livsverket «Heidi».

Ho må klara seg åleine, ute på det opne havet. Mellom Irland og Azorene, ein stad der Atlanterhavet er fleire tusen meter djupt. Han trudde aldri han skulle sjå ho igjen.

Men så tok historia ei ny vending i januar.

Mannskapet på et fransk fiskefartøy oppdaga nemleg ein seglbåt som flaut i havet utanfor Frankrike.

Havarert seilbåt

Seglbåten "Heidi" og Geir vert små i møte med eit stort tankskip.

Foto: RAF

Telefonen

Etter forliset i november 2023, og etter to veker på sjukehus i England, kjem Geir seg heim igjen til Vestlandet.

Der går tida med opptrening etter skadane han fekk i forliset. Både kne, hofte og skulder har fått hard medfart.

Han må igjennom fleire operasjonar.

Tid har han nok av, no som han ikkje har ein seglbåt å halda på med.

Omtrent samstundes som dette, og utan at Geir veit noko, gjer ein fransk fiskebåt ein merkeleg oppdaging utanfor kysten.

Ein tom seglbåt. Utan master, utan vindauge, og tilsynelatande utan folk om bord.

Redningstenesta vert alarmert, og ein båt sette ut for å sjekka ut skroget.

Dei hadde med seg både lege og sjukepleiar.

«Me ante ikkje kva som venta oss då me gjekk om bord»

Dei fann ikkje folk. Men heller ikkje spor av kven sin båt det var, bortsett frå namnet «Heidi». Til slutt klarar dei å spora eigaren opp.

Geir er i Bergen då han får telefon om at båten er berga. Han fleiper med at båten no har bevist at han ikkje kan søkkja.

No har det gått eit år sidan forliset.

I september 2023 starta ferda.

I slutten av oktober startar neste etappe.

Dei kjem seg berre hit. 2. november går alarmen.

Her vert skroget funne i januar 2024.

I vår pakka han i bilen og starta den første pendlarturen til den vesle byen Saint-Guénolé i Frankrike. Tilbake til «Heidi».

Båten var kraftig herja med etter ein vinter i Atlanterhavet.

Ingen hadde teke oppvasken, for å seia det med Geir sine eigne ord.

No vert båten liggjande i Frankrike inntil vidare.

Målet er i sikte for Geir: Båten skal segla igjen.

Men, det er usikkert om Geir har økonomi og pågangsmot til å få det til.

Likevel. Han skal ut på havet igjen. Og tilbake til New Zealand.

For hagearbeid er ikkje noko for han. Roa finn han på havet, i eitt med elementa.

  • Geir Bjørndal

    Her ligg skroget av "Heidi" etter forliset. Båten vart taua inn til Sør-Frankrike.

    Foto: Geir Bjørndal
  • Heidi i dag

    Slik ser det ut i styrhuset.

    Foto: Geir Bjørndal
  • heidi i dag Foto: Geir Bjørndal
  • Slik ser båten ut i dag Foto: Geir Bjørndal
  • Ombord i Heidi i dag.

    I byssa er det ei stund sidan nokon tok oppvasken.

    Foto: Geir Bjørndal
  • Heidi i dag

    Det var mykje hermetikk igjen ombord.

  • Heidi i dag. Foto: Geir Bjørndal
  • Geir Bjørndal og seglbåten

    Kaien på Halsnøy er klar om "Heidi" kjem tilbake.

Har kaiplassen klar til båten sin

Det er august når me møter Geir på Halsnøy i Kvinnherad. Han går over kaien han eig på Toftevåg.

– Her ligg fortøyingstauene klare til «Heidi» kjem tilbake, seier Geir Bjørndal.

Det var her «Heidi» låg før den kasta loss for om lag eitt år sidan.

– Kva tid ho får liggja her igjen er uvisst. Det kan ta eitt år, to år, eller ti år, eller kanskje ho aldri kjem, seier han.

Geir Bjørndal og forliset

Geir Bjørndal speidar etter båten sin. Kaia er klar for å ta i mot.

Foto: Olav Røli

Heime i kjellarleilegheita hans spurde NRK kva han tenkte med då han sette ut frå Irland ein oktoberdag i 2023.

– Eg hadde tenkt meg til New Zealand, der eg har vore før. For å komma dit må du runda fleire kapp, og du vil møta mykje forskjellig vêr. Jo meir du lærer om båten, jo meir er du i stand til å handtera ulike situasjonar.

– Ville du gjort noko annleis i dag?

– Ja, eg skulle ha hatt meir fart på båten slik at eg ikkje var på feil stad då bølga kom. Og eg skulle ha komme meg av garde frå Irland tidlegare på året, eller hatt ein plan B om å få ha båten der over vinteren.

– Uansett. Eg vurderte at eg ville til Azorene. Men det gjekk ikkje denne gongen. Kanskje neste?

Ein sjöman älskar havets våg.

Geir Bjørndal og båten

Å køyra båt med motor er ikkje det same som å segla. Det meiner Geir Bjørndal som framleis har ein draum om å segla på nytt rundt jorda.

Foto: Olav Røli / NRK

Hei.

Takk for at du har lese saka heilt hit. Har du innspel til meg, eller ynskjer å tipsa om liknande saker, eller noko heilt anna. Send meg ein e-post. 

Publisert 26.10.2024, kl. 17.10

Read Entire Article