Uvêret i Midt-Noreg
Om lag 10.500 husstandar er framleis straumlause etter uvêret i Midt-Noreg fredag. Nettselskapet jobbar på spreng, men trur det vil gå fleire dagar før alle har fått straumen tilbake.
Publisert 18.01.2025 18:30 Sist oppdatert 3 minutter siden
Fredag var det eit forrykande uvêr i store delar av Midt-Noreg. Fleire stader var vindkasta oppe i orkan styrke.
Over 40.000 husstandar var utan straum på det meste og bruer og ferjesamband var stengde.
Laurdag jobbar nettselskapet Tensio med å få straumen tilbake, men det vil ta tid, varslar dei.
Vil ta fleire dagar
Laurdag klokka 18.30 var framleis om lag 10.500 husstandar utan straum.
– Det er framleis veldig mange feil. Det heng saman med at uvêret har ført til omfattande skadar mange plassar i straumnettet, så det er eit krevjande feilrettingsarbeid, seier kommunikasjonssjef i Tensio, Bengt Eidem, til TV 2.
Han seier det vil ta tid før alle har fått straumen tilbake.
– Med det vi har fått oversikt over i løpet av dagen i dag, så ser vi at
dette er noko vi kjem til å bruke fleire dagar på, seier Eidem.
Hovudårsaka til straumbrota i Midt-Noreg er tre som har falle over straumlinjer, men det er også andre typar skadar på straumnettet.
Også for Statens vegvesen var det ein hektisk dag fredag. Trafikkoperatør Hans Petter Riddervold Hårsvær fortel at det var «frykteleg mange tre» som velta over vegane i Midt-Noreg.
Laurdag har det meste av vegnettet opna igjen, men fv. 17 på Vassbotna i Høylandet kommune er framleis stengt på grunn av flaum.
Nord-Trøndelag hardast råka
Det er særleg nord i Trøndelag at det er mange hus utan straum. Informasjonssjef Julie Hæhre i Telenor opplyser at det er kommunane Nærøysund, Flatanger, Steinkjer og Namsos som er hardast råka.
I det same området er det også mange som ikkje har mobilnett laurdag. Det har samanheng med straumbrotet, fortel Hæhre.
– Vi har ekstra personell på jobb, følgjer tett opp med kraftlaget og jobbar på spreng for å få det opp igjen, seier Hæhre.
At det er eit stort geografisk område med spreidd busetjing som er råka, gjer at arbeidet er tidkrevjande, seier Eidem i Tensio.
– Det gjer det komplekst, og når det er store område med mykje treproblematikk så tar det dessverre lang tid, seier han.