Kan Kina dra nytte av Trumps nye tollar i Afrika?

1 day ago 5



Kvinnene bak symaskinane jobbar så raskt dei kan i eit fabrikklokale utanfor Maseru, hovudstaden i Lesotho.

Investorar frå Taiwan har laga fabrikken der det vert produsert for verdskjente merke som Levi’s og Calvin Klein. Og eksporten til USA er stor i det vesle landet som har omfamna Agoa «The African Growth and Opportunity Act».

Agoa er avtalen som skulle få USA tilbake i den afrikanske manesjen etter at Kina i årevis har fått betre og betre fotfeste i Afrika.

Avtalen opnar for tollfri eksport til USA, og har eksistert sidan 2000. Seinast i fjor forlenga Joe Biden avtalen, og lova nye store investeringar.

I bytte får USA betre tilgang til afrikanske marknadar, og råstoff og mineral som amerikanske bedrifter treng for å vinne handelskampen – mellom anna mot Kina.

No står heile Agoa i fare, etter at Trump den siste veka innførte toll mot 20 afrikanske land.

Fleire afrikanske land har i ei rekke år hatt null-toll til USA. Nå innfører Donald Trump skyhøge tollsatsar.

Enorm toll for vesle Lesotho

Og Lesotho kom verst ut av det. For dei har vore gode på å få til eksport til USA.

Dei siste åra har tekstilproduksjonen vakse, og det vesle landet med rundt 2 millionar innbyggjarar eksporterte klede for 2,5 milliardar kroner i 2024. Eksporten til USA utgjer heile 10 prosent av det vesle landets brutto nasjonalprodukt.

Når det gjeld import er Lesotho veldig avhengig av Sør-Afrika, som omringar Lesotho på alle kantar. Dei fleste varer kjem inn via Sør-Afrika, og få amerikanske varer blir importert direkte til Lesotho.

Arbeider ved fabrikk i Lesotho stryker bukser

Fleirtalet av de som har jobb i Lesotho jobbar i klesindustrien. Nå fryktar de for Trump sine høge tollsatsar

Foto: AFP

Dermed slår Trump-administrasjonens reknemåte veldig dårleg ut for Lesotho.

Trumps tal viser at Lesotho påfører USA 99 prosent toll. Men det heile handlar eigentleg om måten Trump reknar på.

For Lesotho har på papiret langt større eksport til USA, enn import frå USA. Med andre ord er det handelsbalansen mellom landa som Trump synest er problematisk, og ikkje Lesothos tollsatsar. Trump svarar med å innføre 50 prosent toll på alle varer frå Lesotho.

– Me såg aldri dette komme, seier Ricky Chang til Reuters.

Han er direktør ved Nien Hsing, det taiwanske selskapet som står bak ein av fabrikkane som skapar arbeidsplassar i Lesotho.

Det vesle landet førebur no ein delegasjon for å reise til USA og forhandle.

– Eg har fått ei forståing av at president Trump er ein forhandlar, seier handelsminister i Lesotho Mokheti Shelile til Reuters, han kallar den nye tollen «sjokkerande».

Handelskrigen med Kina

Trump har tidlegare antyda at han ønsker handelskrig med Kina.

Stadig mindre tyder på at han i så fall ønsker å vinne den kampen på afrikansk jord, slik hans forgjengarar var mest opptekne av.

Dei har forsøkt å ta ein større del av kaka i Afrika, og dermed få tilgang på råvarer som USA treng for å utvikle eigen økonomi. Difor såg Agoa dagens lys under Bill Clinton i 2000.

Å fjerne handelsbarrierar og tollmurar har blitt sett på som eit tiltak for å stimulere til meir handel med utviklingsland. Noreg er blant landa som har tollfritak for fleire av dei minst utvikla landa i verda.

Trump sender ut heilt motsett signal når han no aukar tollen til tjue afrikanske land.

Donald Trump viser fram oversikt med alle de nye tollsatsene

Donald Trump presenterte sine nye tollsatsar denne veka. Det vil ramme afrikansk næringsliv hardt.

Foto: Reuters

Sjølve tollsatsane vil ramme dei tjue landa ulikt. For nokre av landa har lite handel med USA, og handlar meir med andre afrikanske land, men også Europa og Asia.

Men for enkeltbedrifter som har produsert varer for den amerikanske marknaden er den nye tollen krise, og dei langsiktige og indirekte konsekvensane er også ein trugsel for afrikanske økonomiar.

Fleire land i Afrika har mykje utanlandsgjeld, og stor arbeidsløyse. Ein nedkjølt verdsøkonomi og høgare inflasjon, vil difor skape vanskar i fleire land.

Den nye tollen kjem berre på toppen av alle dei massive kutta i bistand frå USA. Dette har ramma spesielt mange av Afrikas fattigaste, mens tollane vil ramme arbeidarklassen og bedriftseigarane hardast.

Kan Kina utnytte situasjonen?

Signalet som Trump sender til Afrika er vanskeleg å tolke som positivt slik det ser ut no.

Difor er det langt meir attraktivt for afrikanarane å vende seg mot meir stabile handelspartnarar som EU, Kina og Russland.

Dette er altså det motsette av det USA har forsøkt å få til gjennom dei 25 åra Agoa har eksistert. Og sannsynlegvis også det motsette av kva fleire amerikanske bedrifter faktisk ønsker.

For dei må framleis ha råvarer og mineral som ikkje finst i USA, men i Afrika – og som no blir langt dyrare å importere til USA.

Kanskje vil fleire amerikanske bedriftsleiarar som treng å importere frå Afrika få sagt frå tydeleg nok, slik at justeringar og endringar skjer når Trumps administrasjon etterkvart får meir oversikt over kva utslag dei nye tollsatsane får.

Illustrasjon av jorden med kinesisk flagg og teksten Africa

I Afrika kan konsekvensane av Donald Trump sine nye tollsatsar bli at Kina får meir kontroll.

Foto: Reuters

I mellomtida kan Kina stramme eit ytterlegare stramt grep om afrikansk næringsliv.

– Realiteten er at desse nye tollsatsane i hovudsak gjev det meste av Asia og Afrika til Kina, og USA er ikkje førebudde, seier Cameron Johnson til CNBC.

Han jobbar for konsulentfirmaet Tidalwave Solutions i Shanghai i Kina.

Handelen mellom Afrika og Kina vart i fjor rekna til å vere 3.136 milliardar kroner i fjor. Det er langt meir enn handelen mellom Afrika og USA, som vart målt til 862 milliardar kroner.

Dette er tal frå tenkjetanken Carnegie. Og dei legg til at det er venta endå meir handel med Kina, fordi det er berre fem månader sidan Kina opna for tollfri eksport frå verdas minst utvikla land – slik Noreg har gjort.

Altså, det stikk motsette grepet enn det USA har teke.

Akkurat no står Kina fram som ein langt meir stabil handelspartnar for afrikanske land. Ein partnar dei kjenner godt til, og som det er enklare å forholde seg til.

Fleire meiner også at Kina kan forbetre omdømmet sitt i Afrika endå meir ved å ta over meir av den mjuke makta som USAID stod for.

Kuttene i USAID får katastrofale konsekvenser. Kan det også slå tilbake på amerikanere?

Satsinga som står for fall

Agoa har fram til i fjor haust blitt omtalt positivt frå USA, og fekk ein ny boost då Joe Biden kom med ein ny stor investeringspakke til Afrika.

Kronjuvelen i USAs Afrika-prosjekt har dei siste åra vore planlegginga av ei jernbanelinje frå dei mineralrike områda i grenseområda mellom Zambia, DR Kongo og Angola. Jernbanen skal etter planen frakte afrikanske mineral ned mot Atlanterhavskysten, i retning av USA og ikkje Kina.

Tanken er at USA treng å trappe opp innsatsen i kampen om afrikanske mineral, som både USA og Kina treng til sitt eige næringsliv.

Sjeldne mineral har også Trump vist interesse for, mellom anna ved å forsøke å få i land ein mineralavtale med Ukraina. Men no er mineralrike land som Angola, DR Kongo og Zambia blant landa som er omfatta av dei nye tollsatsane.

Høgare toll er neppe til hjelp for dei amerikanske diplomatane som skal forsøke å inngå nye handelsavtaler. Slik som faren til Trumps svigerson, og USAs ferske Afrika-utsending, Massad Boulos som forsøker å lande ein mineralavtale med DR Kongo akkurat no.

Den sørafrikanske økonomen Dawie Roodt er ein av dei som meiner «Agoa er død». Til den sørafrikanske avisa The Citizen seier han at det er lite som tyder på at avtalen vil bli fornya i september, slik planen eigentleg var.

Sør-Afrika i djup trøbbel

Og også regjeringa i Sør-Afrika er negative. Dei seier ifølgje Reuters at dei nye tollsatsane nullar ut fordelane som afrikanske land får frå Agoa.

– Dei omfattande tolltiltaka vil påverke fleire sektorar av økonomien vår, inkludert bilindustri, landbruk, mat og drikke, kjemikaliar, metall og andre segment av produksjonen., og dette vil ha følger for arbeidsplassar og vekst, seier Sør-Afrikas utanriks- og finansminister i ei felles utsegn.

For Sør-Afrika – Afrikas nest største økonomi – er dei nye tollsatsane berre toppen av eit stadig meir skummelt isfjell. For landet er i djup økonomisk trøbbel.

Ein mann klipper håret til ein annan mann. Frisørsalongen er i gata i Daveyton i Sør-Afrika.

Mange skaper sine eigne uformelle jobbar i Sør-Afrika, der arbeidsløysa er stor. Her frå ein frisørsalong i Daveyton.

Foto: AFP

Ifølge Renaissance Capital Africa står Sør-Afrika for 37 prosent av all eksport frå Afrika til USA, og er dermed det landet i Afrika med mest eksport til USA. Det gjeld alt frå bildelar til vin.

Dei omfattande USAID-kutta rammer mange, landets ferske og første fleirpartiregjering slit med å bli einige om eit budsjett, og utanlandsgjelda er enorm.

På toppen av alt kjem den store arbeidsløysa på over 40 prosent, og denne kan bli forverra i Sør-Afrika ved at eksport til USA blir dyrare.

Så ringverknadane av tollsatsane kan bli store i Afrika. På kort sikt må enkeltbedrifter og deira tilsette betale prisen for høgare tollar.

Men kanskje endå meir urovekkande er dei langsiktige konsekvensane for verdsøkonomien, og korleis dette vil slå ut på Afrikas svakaste økonomiar – der verktøykassa ofte er for liten når økonomiske tiltak trengst som mest.

Publisert 06.04.2025, kl. 13.54

Read Entire Article